Og Andrew Haigh veit kva han snakkar om, for han er sjølv ein del av den generasjonen.
– Sjølv om vi har kome oss vidare i livet, så ber mange med seg vonde minner frå barne- og ungdomsåra, seier Haigh i eit eksklusivt intervju med NRK.
Til den personlege filmen han nå er aktuell med, «All of Us Strangers» har han fått med store stjerner som Paul Mescal («Normal people»), Andrew Scott («Fleabag»), Claire Foy («The Crown») og Jamie Bell («Billy Elliot).
Haigh sin førre film «45 Years» hausta Oscar-nominasjonar. «All of Us Strangers» har fått heile 6 Bafta-nominasjonar, britanes svar på Oscar.
I HEISEN: Harry (Paul Mescal) og Adam (Andrew Scott) støyter på kvarandre i heisen. Dei to er åleine om å bu i leilegheitsblokka i «All of Us Strangers».
Foto: Chris HarrisI filmen bur den einsame homofile Adam, spelt av Andrew Scott, i ei nesten tom leilegheitsblokk i London. Ein kveld treff han Harry, spelt av Paul Mescal, som også bur i den tomma blokka. Etter kvart som kjærleiksforholdet mellom dei to utviklar seg blir Adam oppteken av minner frå fortida.
Han dreg tilbake til byen han vaks opp i, og finn foreldra sine buande i barndomsheimen, akkurat slik dei gjorde før dei døydde brått 30 år tidlegare då Adam var berre 12.
Adam får moglegheita til å ta dei vanskelege samtalane med foreldra som han aldri rakk eller turte å ha før dei døydde i ei bilulykke.
BRITISK PREMIERE: Paul Mescal, Andrew Scott, Claire Foy og regissør Andrew Scott poserer under premieren på «All of Us Strangers» i London i januar.
Foto: Scott A Garfitt / AP– Ville vere dum om eg sa nei til denne rolla
I motsetnad til Adam står Harry fram som ein sjølvsikker homofil mann som er trygg på si eiga legning. Men det er berre på utsida.
– Eg har ei djup interesse for den forma for maskulinitet, den moderne mannen som på overflata ser ut som alt er bra. Harry liknar på noko eg har opplevd, og eg ser han i venene mine og i folk eg kjenner. Han var ein karakter eg følte eg kunne tilføre tyngde, fortel Paul Mescal til NRK.
STJERNESKOT: Paul Mescal brakdebuterte i suksess-serien «Normal People» i 2020. Seinare i år blir han å sjå i storfilmen «Gladiator 2» saman med blant andre Denzel Washington.
Foto: Chris HarrisFor Claire Foy, kjent for mange som den unge dronning Elizabeth II i «The Crown», var det inga tvil om at ho skulle seie ja til rolla.
– Eg trur at jo eldre eg blir og jo meir eg driv i dette yrket, så vil eg gjere ting eg bryr meg om, og som eg håper andre vil bry seg om. Eg ville vore veldig dum om eg sa nei til denne rolla, seier The Crown-stjerna til NRK.
Regissør Andrew Haigh er sjølve ein del av generasjonen av skeive som vaks opp på 80-talet, og ville lage ei personleg forteljing om å vekse opp som skeiv på den tida.
DJUPE SAMTALAR: Karakterane i filmen har vanskeleg for å sette ord på kva dei verkeleg føler.
Foto: CHRIS HARRISFilmen «All of US Strangers» er delvis basert på 1987-boka «Strangers» av den japanske forfattaren Taichi Yamada og delvis på regissøren si eiga historie.
– Ting er så mykje betre nå for dei fleste av oss, men framleis ber vi likevel i oss kjensler og traume frå oppveksten. Desse kjenslene er med oss i avgjerdene vi tek i livet, og kan føre til at vi set avgrensingar for oss sjølve, seier Haigh, som trur det er viktig å tilarbeide den kjensla nokre gonger.
KJÆRLEIK: Adam (Andrew Scott) og Harry (Paul Mescal) finn tonen i «All of Us Strangers».
Foto: Parisa Taghizadeh– Sakna denne filmen som tenåring
Regissør Andrew Haigh har eit ønskje om at ikkje berre vaksne, men også 13-, 14- og 15-åringar skal sjå filmen. Han trur det hadde gjort ein stor forskjell om han sjølve hadde sett denne filmen som tenåring.
– Nokre gonger kan ein film ha evna til å formidle det vanskelege med ei oppleving, enten det er sorg, ein skeiv oppvekst eller kva det måtte vere. Som tenåring kan ein gjennom ein slik film få ei forståing av det som er utfordrande med å vere homofil, samstundes som ein ser at det går an å jobbe seg gjennom det vanskelege.
SPØKELSE: Adam sin far (Jamie Bell) og mor (Claire Foy) dukkar opp 30 år etter at dei døydde i ei bilulykke.
Foto: Chris HarrisPaul Mescal hausta ein Bafta-nominasjon for si rolle i filmen. Det same gjorde Claire Foy. Ho er glad for nominasjonen, sjølv om det verkelege suksessbarometeret for henne er folks reaksjon på filmen.
– Nominasjonar og prisar er heilt fantastisk, og spesielt for uavhengige filmar som dette som står og fell på merksemd for å få folk til å gå å sjå dei. Samstundes trur eg heilt oppriktig at viss folk kjem opp til deg på gata og seier at det du gjer betyr noko, så blir det ikkje betre enn det, seier Foy.
Regissør Andrew Haigh fortel til NRK at han har opplevd ein heilt enorm respons på filmen. Folk i alle aldrar, både skeive og streite tek kontakt for å fortelje historier frå eigne liv, om tap av foreldre, kjærast og liknande.
– Filmen ser ut til å ha gitt gjenklang hjå dei på eit slags universelt nivå, og det betyr mykje, seier Haigh.
Les Filmpolitiet sin omtale av filmen: