Hopp til innhold

Hugsar du desse to?

SVT lagar no ei nyinnspeling av den kjende klassikaren Vi på Saltkråkan, skriven av Astrid Lindgren

SVT kjem med nyinnspeling av Vi på Saltkråkan frå 1964. Handlinga skal foregå i Sverige i notid.

Tjorven (Maria Johansson) saman med hunden Båtsman. SVT kjem med nyinnspeling av Vi på Saltkråkan frå 1964. Handlinga skal gå føre seg i Sverige i notid.

Foto: SVT

Serien blir spelt inn omlag seksti år etter at originalen fyrst kom på TV.

– Vi på Saltkråkan er ei skildring av barn sin endelause leik og er ei kjærleikserklæring til skjergarden og sommaren, fortel Eva Beckman, som er programdirektør for SVT, før ho held fram.

– Sjølvsagt er det ei kunstnarleg utfordring å modernisere ein skatt som dette. Men vi håpar at dette kan glede både barn og foreldre i lang tid framover.

Tjorven frå TV-serien Saltkråkan av Astrid Lindgren.

Tjorven har stadig nye påfunn i originalversjonen av TV-serien Vi på Saltkråkan. Serien har også vore populær på norske skjermar.

I den opphavlege historia møter vi Tjorven som bur på øya Saltkråkan i skjergarden utanfor Stockholm, saman med familien sin og den trufaste hunden Båtsman.

Når sommaren kjem, dukkar også familien Melkersson opp og Tjorven kjem godt over eins med guten Pelle.

Forfattaren Astrid Lindgren skreiv manuset til serien i 1964. Det var fyrst seinare at Vi på Saltkråkan blei gjort om til bøker.

Klassikar med eit preg av 2020-talet

Programavdelinga til SVT lovar å vere trufaste mot Astrid Lindgren sin visjon, men dei vil plassere handlinga på 2020-talet. Nyinnspelinga er i samarbeid med Astrid Lindgren sine barna og barnebarn.

SVT har planlagd å spele inn nye versjonar av fleire av Astrid Lindgren sine klassikarar, i ei satsing dei kallar «Sveriges minne», skriv Sydsvenskan.

Det er framleis usikkert kven som skal regissere serien, spele skjergardsbarna og når serien skal ha premiere.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.