Hopp til innhold

Står bak Noregs første KI-hit

Påverkar Oskar Westerlin står bak Noregs første hitlåt laga med kunstig intelligens. Men påfunnet får kritikk.

Oskar Westerlin

Oskar Westerlin er på topplista med ei KI-laga låt.

Foto: Carl August Klevjer / NRK

– Eg kan jo ikkje songen eingong!

Påverkar og VG-profil Oskar Westerlin er ivrig då han fortel om den nye låten sin.

«Josefin - AI Cover» nådde førsteplass på den norske Spotify-lista då ho vart gitt ut sist fredag.

Men det er ikkje Westerlin sjølv som syng – det er kunstig intelligens som har lagt stemma hans over svenske Albin Lee Meldaus «Josefin».

– Det er sjukt. Tenk at eg ikkje har sunge desse orda nokon gong.

Oskar Westerlin

Westerlin er stornøgd med låten han sjølv ikkje har laga.

Foto: Carl August Klevjer / NRK

Trur du dette kan utfordre musikkbransjen?

– Ein ser det jo allereie. Når eg kjem på førsteplass, tek det jo listeplass frå andre artistar og andre songar, seier Westerlin.

Vart inspirert av TikTok-trend

Allereie i vår vart KI-genererte musikksnuttar populært på appen TikTok.

Trenden bestod i å legga stemmer til kjende artistar over andre sine låtar:

Sjå for deg Kanye West «synga» ein Odd Nordstoga-slager.

Oskar Westerlin ville ta trenden eitt hakk vidare, og gav ut ein heil låt.

Kva blir det neste?

– Ein kan jo sleppe Noregs første KI-album. Og ein kan lage musikkvideoar ein aldri har vore med i.

BEATHOVEN feat OSKAR WESTERLIN - “STAY KEEG”

Oskar Westerlin på scena med gruppa Ballinciaga, som var med på å produsere KI-låten hans.

Utfordrande

– Det høyrest ut som alle dei andre låtane hans, seier Marius Arnesen, journalist i NRK Beta.

– Vi har sett det på tekst og bilete allereie, og no kjem altså lyd, seier han.

Arnesen er «heilt sikker på» at det vil koma fleire KI-genererte låtar framover.

Det blir ikkje utan problem.

– Det er både etiske og juridiske utfordringar her, mellom anna når det gjeld opphavsrett. Kven eig rettane til stemma til ein artist? Det har det allereie vore rettssaker på og bråk om, seier Beta-journalisten.

Marius Arnesen, redaktør i NRK Beta

Marius Arnesen i NRK Beta trur det er musikkbransjens tur til å kjenne på KI-bølgja.

Willy Martinsen i TONO stadfestar at å covra låtar med hjelp av KI er heilt lov.

– Men bruker ein stemmene til andre artistar, må ein ha løyve, seier han.

Det er altså ikkje fritt fram å legga Kanye West si stemme over Nordstoga.

– Urettferdig

Då VG melde «Josefin - AI Cover», kalla dei songen ein «teit gimmick» og eit «nullpunkt».

Redaktør for musikkmagasinet Ballade, Guro Kleveland, er heller ikkje imponert:

Det finst jo ikkje noko kunstnarisk handverk her.

Ho ser ikkje på KI-låten som ein stor trussel for bransjen, men trekker fram:

– Det er veldig mykje god musikk som aldri når listene. Folk bruker masse tid og pengar og krefter på det. Det blir litt urettferdig at ein såpass enkel variant toppar lister framfor folk som skaper med eige hovud og eige hjarte.

Guro Kleveland, styreleder i Balansekunst

Guro Kleveland meiner coveret ikkje fortener listeplass.

Foto: Lars Opstad

Aurora Henni Krogh i avisa Subjekt meiner det har hjelpt på plasseringa at Westerlin har eit stort publikum frå før av.

– Å toppe lister er ikkje nødvendigvis det same som å ha høg kvalitet, seier ho.

Westerlin sjølv forstår godt at han har fått kritikk for den usedvanleg lettlaga låten, men seier likevel:

–Don't hate the player, hate the game. Alle har verktøya tilgjengeleg, så det er berre om å gjera å bruka dei best.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska