Hopp til innhold

NRK Sommer tek toget

NRK parkerer sommerbåten og tek toget. I sommar skal eit spesialbygd togsett frakte både Sommeråpent og Reiseradioen landet rundt i åtte veker.

40 stasjonar og 17 fylker på åtte veker. NRKs sommarsatsing er både ambisiøs og utfordrande.

HEILE RUTA: Sommertogets reiserute sekund for sekund.

40 stasjonar og 17 fylke på åtte veker. NRKs sommarsatsing er både ambisiøs og utfordrande.

– Folk i NSB og Bane NOR fortel oss at dette er ei meir komplisert og krevande oppgåve enn heile togavviklinga under Lillehammer-OL, seier prosjektleiar Thomas Hellum.

Sommertoget må tråkle seg fram mellom utallige passasjer- og godstog som alt trafikkerer det norske jernbanenettet.

– Samarbeidet med NSB og Bane NOR om tryggleiken på stasjonar og langs sporet er difor tett, seier Hellum.

Thomas Hellum

Prosjektleiar Thomas Hellum har hatt tog på hjernen sidan sommaren 2015.

Foto: Ole Kaland / NRK

Hellum står bak konseptet sakte-TV og har køyrt minutt for minutt med både Bergensbana, Hurtigruta, Saltstraumen og Skibladner. Og etter Sommerbåten i 2013 og 2015 blei spørsmålet: kva no?

Svaret blei å ta ein togtur.

Den startar i nord med Rognan i Nordland som fyrste stopp 27. juni.
Åtte veker seinare rullar Sommertoget inn på endestasjonen Sarpsborg i Østfold.

– Historia om jernbane-Noreg er på mange måtar historia om kvifor me bur der me bur, seier Thomas Hellum.

NSB bygger spesialtog

Når NRK legg ut på sommartur blir det ein del utstyr og folk å dra på. For å få plass til alt teknisk utstyr og opp imot 60 medarbeidarar trengs eit togsett med heile åtte vogner.

– Den eine vogna er ei kontainervogn, og slike er vanlegvis ikkje å sjå i eit passasjertog. Men det er i denne vogna me får plass til scena vår, og den blir eit midtpunkt på stasjonen når me kjem fram, forklarar Hellum.

  • Kvar kveld sender Sommeråpent direkte frå perrongen.
  • Kvar morgon før avgang sender Reiseradioen direkte frå stasjonen.
  • Reisa til neste stasjon blir sendt minutt for minutt.

Og alt blir styrt frå toget.

– I dei andre vognene har me redaksjonslokale, regikontrollar, radiorom, sminkerom og sovekupéar, alt me treng for å lage radio og TV både seint og tidleg.

Sommertogets togsett

Thomas Hellum med skissa av toget som blir skrudd saman av NSB.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

Innlandet sin tur

Innlandsstasjonane Trofors, Oppdal, Vinstra, Røros, Eidsvoll, Flå, Notodden, Sira og Bø får alle besøk av Sommertoget. Og ingen av dei ligg ved kysten.

– I år står innlandet for tur. Etter somrane i båt har me fått ein straum av invitasjonar frå stader i innlandet som òg vil vere med på sommarfesten. Det får me til i år, seier Hellum.

– Me gler oss til å vise fram heilt nye sider av landet vårt. Me har god tid og skal køyre langsomt der me kan.

Sommertogets reiserute

På Sommertogets rutekart har vekes-etappane fått kvar sin farge: Bodø-Steinkjer, Steinkjer-Åndalsnes, Åndalsnes-Røros, Røros-Eidsvoll, Eidsvoll-Voss, Voss-Notodden, Notodden-Vennesla og Vennesla-Sarpsborg.

Foto: Ellen Baumann / NRK

Landet frå lufta

Kva med alle tunellane, spør du kanskje. Og kva med all skogen, blir det noko utsikt frå toget?

Ingen fare. Eit eige NRK-helikopter heng over Sommertoget heile vegen, så der toget forsvinn inn i ein mørk tunell, eller der sikten frå toget er dårleg, vil ein fotograf i lufta bidra med vakre bilete frå oven.

Gå til Sommertogets tipsskjema

– NRK er heldige som får denne sjansen til å møte folk og fortelje historiene deira. Me gler oss!

Sivert Bakk

Har du sett noko kjekt frå togvindauget? Tips NRK!

Foto: Bård Siem / NRK