DumDum Boys skulle eigentleg halde tre konsertar i Oslo i helga, men stemmebandet til vokalist Prepple Houmb er ikkje i lage:
– Han ligg heime i senga med alvorleg virus på stemmebandet. Han kan ikkje snakke, langt mindre synge. Det er difor me med svært tunge hjarte ser oss nøydd til å avlyste tre konsertar på Rockefeller. Det sit uendeleg langt inne, men me har diverre ikkje noko val, skriv bandet på si offisielle Facebook-side.
Håpar å stå på scena igjen snart
DumDum Boys starta i 1979 under namnet Wannskrækk og skifta namn og stil i 1985, då dei blei DumDum Boys. Rockegruppa har vunne Spellemannsprisen og vore gjennom store suksessar, men også hard motgang.
Trass i avlyste konsertar kan truleg DumDum-fansen sjå fram til meir rå rock frå Trondeimsbandet:
– Om han held seg i senga, skal det gå over i løpet av ei veke. Det er farleg å ta sjansar, så det gjer me ikkje, seier bandet sin manager Steinar Vikan til Adresseavisen.
Får pengane tilbake
Billettservice og bandet melder at dei som har kjøpt billettar vil få pengane tilbake. DumDum Boys på slutten av 1990-talet, men kom tilbake med konsertar og album i 2006. Alle dei tre albuma dei slapp etter comebacket har gått til topps på dei norske listene. Rockarane lovar å kome sterkt tilbake:
«Me sjåast ved neste korsveg, med meir guts og glede enn nokon sinne. Fred. DDB»