Hopp til innhold

Populær butikk sel små klede til tenåringar: – Oppskrifta på eteforstyrring

Klesmerket Brandy Melville sel små klede, marknadsført mot ungdom og unge kvinner. Kroppsaktivist Carina Elisabeth Carlsen meiner butikken kan gje unge jenter eit dårlegare sjølvbilete.

Kø utanfor butikken Brandy Melville i Bogstadveien i Oslo

VENTAR FLEIRE TIMAR: Mest kvar dag er det ein lang kø med tenåringsjenter som ventar på å kome inn i butikken i Bogstadvegen i Oslo. 

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Kroppsaktivisten Carina Elisabeth Carlsen kjempar for eit sunnare skjønnheitsideal. Ho vert svært provosert over praksisen Brandy Melville fører med at «one size», eller ein storleik, skal passe alle.

– Denne tanken om at ein må tilpasse seg kleda, og ikkje at kleda skal passe deg er jo oppskrifta på ei eteforstyrring og dårleg sjølvbilete, seier Carlsen.

Kroppsaktivist Carina Elisabeth Carlsen ser på fargerike klede.

KROPPSAKTIVIST: Carina Elisabeth Carlsen handlar heller i ein butikk som har eit breitt utval av klede.

Foto: Emily Louisa Millan Eide / NRK

Populær på Instagram

Johanne (13) har stått i kø i tre timar for å få komme inn i butikken. Ho er frå Farsund og er på ferie i Oslo med familien. Johanne synest butikken er spesiell, sidan det er den einaste i Noreg.

Johanne (13)

PASSAR HENNE: Sjølv om kleda passar til Johanne (13) synest ho det er dumt at dei ikkje kjem i fleire storleikar.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

– Eg synest dette tøyet er ganske fint, og noko av det passar meg. Men det er litt kjipt at mykje av tøyet er lite, so eg synest dei bør få litt fleire storleikar. Mange vert såra når dei må legge tilbake tøyet fordi det er for lite, seier ho.

Kleda er ikkje mykje brukt i skulegarden i Farsund, sidan dei ikkje har butikken i nærleiken. Men Johanne har sett mange med kleda på Instagram, og trur at fleire jenter vert påverka av kor fine dei på bileta ser ut.

– Dei er tynne og pene, og folk har lyst til å verte som dei. So går dei til butikken for å prøve kleda, men tøyet er for lite og det er veldig kjipt, seier Johanne.

Omstridd butikk

Det er ikkje fyrste gong nokon går ut å kritiserer kjeda. I 2016 skreiv Selma Moren eit lesarinnlegg for Aftenposten der ho kritiserte kjeda for konseptet «one size».

– Det er vanvittig å meine at det er ok å selje klede i berre ein størrelse.

Etter eit besøk i butikken, tok ho valet om å ikkje støtte butikken Brandy Melville.

På kvart einaste plagg hang det ein lapp med orda: one size. Ifølgje henne hadde dei storleiken XS. Ho meiner at storleiken kan samanliknast med kleda i barneavdelinga på H & M.

Butikkvindauge til Brandy Melville i Bogstadveien, Oslo

SMÅ KLEDE: Klesplagga i vindauge til Brandy Melville i Bogstadvegen har ingen storleikar, slik som resten av kleda deira.

Foto: Wilhelm Sverdvik / NRK

Svarar med stille

Butikken i Oslo vil ikkje svare på kritikken, og har bede NRK skrive til leiinga til Brandy Melville. Dei har ikkje svart på NRK sine førespurnadar.

Men tidlegare har Brandy Melville sagt til Minmote at dei lagar klede som skal passe majoriteten av ungdom og unge kvinner. Dei seier dei er klar over unge jenter sitt sensitive forhold til sin eigen storleik.

Bilete frå Instagramkontoen til Brandy Melville

TYNNE JENTER: Bilete henta frå Instagramkontoen til Brandy Melville EU.

– Det er nettopp difor vi ikkje merkar plagga vore. Vi vil unngå å sette jenter «inn i et hjørne» og å sette ein merkelapp på dei med ein storleik, sa Anique van der Hulst, eigaren av Brandy Melville i Oslo.

Kroppsaktivisten Carina Elisabeth Carlsen er ueinig i strategien til Brandy Melville med å ikkje sette storleikar på klesplagga.

– Det å ikkje finne klede i sin storleik kan vere svært øydeleggjande for sjølvbiletet, spesielt når nokon seier «dette passar for di aldersgruppe». Når du ikkje passar inn, føler du det er noko som er gale med deg.

Kulturstrøm

  • Tre store motehus blir bøtelagt av EU-kommisjonen

    Motehusa Gucci, Chloé og Loewe blir bøtelagt med over 157 millionar euro for å ha gjennomført prising som er i strid med EU sitt reglement, kjem fram i ei pressemelding frå EU-kommisjonen.

    Motehusa skal ha fastsett vidaresalsprisar i strid med EU sine konkurransereglar.

    Motehusa skal ha avgrensa moglegheita for uavhengige tredjepartsforhandlarar til å sette eigne prisar for produkt designa og selt under merkevarene.

  • Musikalen Les Misérables er 40 år

    I år er det 40 år sidan musikalen Les Misérables hadde premiere på West End i London.

    Les Misérables er ein av dei mest spelte musikalane i verda. Det trass i at musikalen ikkje blei godt mottatt i 1985. Etter kvart vann musikalen fleire prisar.

    Musikalen flettar saman fleire menneske sine skjebnar som lev i Frankrike på starten av 1800-talet.

    en gruppe mennesker som går nedover en gate med en brann i bakgrunnen
    Foto: Lasse Berre
  • Swift med flest førsteplassar på Billboards albumliste

    Taylor Swift har stor suksess med sitt nye album «The Life of a Showgirl». Artisten er no den soloartisten med flest førsteplassar på Billboard albumliste, melder NTB.

    Swift har med det gått forbi både Drake og Jay-Z. Det nye albumet til Swift debuterte på førsteplass ei veke etter at det blei gitt ut.

    Utanom hennar første album, har dei gått rett inn på førsteplass. Ho er oppe i 15 og nærmar seg å ta rekorden frå Beatles som har 19.

    Albumcover til Taylor Swift
    Foto: NTB