Hopp til innhold

- Tek ein stor sjanse

Pønklegenda Johnny Rotten prøver seg som skodespelar i ny norsk film.

Video nsps_upload_2010_2_26_13_6_21_2486.JPG
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

30 år etter at punkarane i Sex Pistols sjokkerte verda, er vokalisten John Lydon, betre kjent som Johnny Rotten, i Oslo for å spele i ein norsk film.

- Eg kan ikkje spele, eg gjer alt i fri form, det er min stil. Dei har teke ein stor sjanse med å satse på meg, ein verkeleg stor sjanse, seier John Lydon.

Opprør mot foreldregenerasjonen er tema for filmen "Teori og praksis", der handlinga er lagt til Bærum på slutten av 70-tallet, då Sex Pistols hadde sitt store gjennombrot.

Video nsps_upload_2010_2_26_13_11_16_2487.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Sjå Johnny Rotten i Fri dressur under filminnspelinga.

Kjend for å provosere

Å vere skodespelar er nytt for Johnny Rotten. Med narkotikabruk og fillete klede skapte han skandaleoverskrifter som vokalist i pønkbandet Sex Pistols. Songar som Anarchy in the U.K. og God Save the Queen fekk mange britar til å setje teen i halsen.

Sex Pistols i Oslo.

Sex Pistols i Oslo i 1977.

Foto: Laurvik, Henrik / SCANPIX

Verkeleg berømte vart Sex Pistols i 1976, etter at dei hadde vore med i det populære tv-programmet Today, og ein av bandmedlemmane fyrte av nokre saftige gloser mot programleiaren. Bandet vert rekna for å vere starten på den britiske pønken, trass i at det vart oppløyst etter berre nokre få år.

Speler seg sjølv

Ein kopp te vert etterlyst med stor munterheit medan filmteamet gjer seg klar for opptak i Oslo.

- Eg er engelsk, eg elskar teen min, det er alt eg vil ha. Eg gjorde denne filmen for ein kopp te, ler John Lydon.

Den no 54 år gamle Johnny Rotten er i Noreg for å spele seg sjølv i filmatiseringa av romanen Teori og praksis av Nikolaj Frobenius. Det var inga enkel sak å få han til å stille i filmen, men skodespelarkollega Sven Nordin er godt nøgd med at det gjekk i orden.

Aasmund Høeg og Johnny Rotten

Hovudrolleinnehavar Aasmund Høeg og Johnny Rotten.

Foto: Lars Myhren Holand

- Det er fantastisk at han har sagt ja til å vere med. John Lydon er eit stort førebilete for hovudpersonen i filmen, som byrjar å spele i pønkband. Då er Johnny Rotten og Sex Pistols dei store heltane. Difor er det heilt fantastisk og ein kjempebonus for oss at han er med, seier Sven Nordin.

Sven Nordin speler ein '68-ar-pappa med ein son som gjer opprør, og søkjer tilflukt i pønkrocken. Far og son har flytta til drabantbyen Rykkin i Bærum, som i teorien skal vere den perfekte staden å vekse opp. I praksis vert det annleis. Det er opphavet til roman- og filmtittelen Teori og praksis.

Sex pistols vart vendepunkt

Nikolaj Frobenius

Forfattar Nikolaj Frobenius har skrive romanen filmen er basert på.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Historia er basert på forfattaren sine eigne opplevingar, og den musikken han sjølv likte då han var ung.

- For meg var det eit skikkeleg vendepunkt i livet, første gongen eg høyrde og Sex Pistols Johnny Rotten raspande rasande stemme, fortel Nikolaj Frobenius.

No følgjer forfattaren spent med på opptaka. Han trur Sex Pistols vart påverka ungdomskulturen og ein heil generasjon, fordi ungdommar vart inspirerte til å gå ut og lage eigne band og fanziner.

Kulturstrøm

  • Pris til norsk film i Venezia

    Dag Johan Haugeruds film «Kjærlighet», som er nominert til Gulløven i Venezia, ble tildelt filmkritikerprisen Bisato d'Oro i Venezia fredag kveld. Det fant sted foran Palazzo Del Cinema, får NRK bekreftet av NFI.

    Bisato d'Oro er en uavhengig filmpris som deles ut under filmfestivalen i Venezia av en gruppe filmkritikere. Det er en parallell pris til festivalens offisielle priser.

    Det er første gang en norsk film kjemper om hedersprisen siden 1986. Filmen «Kjærlighet» er nummer to i Haugeruds trilogi som handler om sex, drømmer og kjærlighet.

    På rollelisten står blant annet Lars Jacob Holm og Tayo Citadella Jacobsen, som ble fotografert på rød løper fredag. Andrea Bræin Hovig, Marthe Engebrigsten og Thomas Gullestad medvirker også i filmen og tilbringer helgen på filmfestivalen.

    Vinneren av Gulløven avgjøres lørdag.

    Den norske filmen Kjærlighet fikk kritiker-pris i Venezia. Her er gjengen på rød løper fredag 6. september 2024.
    Foto: NFI
  • Fortreffelig kombinasjon av arbeidsplasskomedie og agentspenning

    – I den fjerde sesongen fortsetter denne deilige blandingen av høyspent etterretning og sorthumoristiske gullkorn å skinne på skjermen. Denne gangen starter det med en eksplosjon i London, og vi settes raskt på sporet av gamle hemmeligheter og en mulig MI5-skandale, skriver seriekritiker Sigurd Vik om «Slow Horses» på Apple TV+.

  • Post-punk bandet English Teacher vant prestisjetung pris

    Det engelske post-punk bandet «English Teacher» vant Storbritannias prestisjetunge Mercury pris for sitt debutalbum «This could be texas» under en seremoni i Londons Abbey Road-studier torsdag, melder nyhetsbyrået AFP.