Hopp til innhold

Nytt på nytt hylla internasjonalt på Reddit

Ønsket om «meir maskuline gutar» i Kina var tema i fredagens Nytt på nytt. No blir programleiar Bård Tufte Johansen hylla. – Jøss, at eg er internasjonalt anerkjent feminist gleder hjarta mitt.

Nytt på Nytt blir hylla for fredagens episiode

LOVORD: Nytt på nytt hausta fleire lovord på nettsamfunnet Reddit etter at eit klipp frå programmet blei teksta på engelsk og lagt ut.

Foto: Skjermdump Reddit/NRK

«VG skriver at det i Kina tradisjonelt forventes at gutter skal være sterke ledere, få gode karakterer og være gode i idrett. De skal være kvinner med andre ord».

Slik lyder den satiriske vitsen til programleiar Bård Tufte Johansen i fredagens episode av Nytt på nytt. Dette har skaffa han fleire internasjonale tilhengarar på nettsamfunnet Reddit.

– Eg tenkte berre på eitt ord gjennom heile videoen: barbarisk. Absolutt barbarisk, skriv ein brukar.

– Bra til å vera norsk

Nyheita Nytt på nytt refererte til var VG si sak om at Kina vil læra gutar å bli meir «mandige».

– Når me tullar med Kina i eit lite, norsk satireprogram, kjennest det ikkje ut som at me rammar nokon, for me er så små. Då er det ekstra hyggeleg når me får ut noko som blir lagt merke til, seier Johansen.

Nytt på Nytt har fått internasjonal merksemd på Reddit etter at dei harselerte med at Kinas kommunistparti ønsker å gjera gutar meir "mandige".

Sjå klippet frå fredagens episode av Nytt på nytt her.

På Reddit kan brukarar blant anna dela lenker til anna innhald på internett, og stemma opp og ned desse lenkene etter korleis ein likar dei.

Klippet frå Nytt på nytt har blitt teksta på engelsk og lagt ut i ein Hongkong-tråd, ein såkalla subreddit, med 482.000 medlemmar.

Innlegget har på nokre få dagar fått over 6000 stemmer, og dei aller fleste er folk som har stemt han opp.

– Posten har fått ein del merksemd, og ligg eit stykke nede i månadens topp 10 for r/HongKong. Det er bra til å vera norsk, men han når ikkje heilt opp i toppsjiktet, som er dominert av litt mørkare saker om menneskerettsovergrepa og protestane som skjer i Hongkong for tida, seier strategisk rådgivar Anders Hofseth i NRKbeta.

Anders Hofseth

Anders Hofseth er strategisk rådgivar i NRKbeta.

Foto: Kim Erlandsen / NRK

Hofseth fortel at det kan verka som at brukaren som har delt klippet er norsk, og at mysteriet om korleis det spreidde seg til Hongkong-subredditen dermed ikkje er så enormt.

– Men klippet sin appell verkar å vera ganske internasjonal, seier han.

Hylla for feministisk vits

«Eg er så våt for Noreg akkurat no», «Fantastisk», og «Dette er hysterisk morosamt» er berre nokre av dei mange kommentarane som innlegget har fått på Reddit. Éin etterlyser heile programmet med engelsk teksting.

Fleire er begeistra over Johansen sin vits som er referert øvst i denne artikkelen. Programleiaren sjølv ler godt når han får sitert kommentarane.

– Jøss, at eg er internasjonalt anerkjent feminist gleder hjarta mitt. Eg hadde ikkje sett den komma, men eg tar det med meg. Den vitsen er jo fin satire, og veldig 2021. Han er politisk korrekt, så det er bra. Det er vel derfor han funkar, seier Johansen.

Fredagens episode kan du sjå her.

Kulturstrøm

  • Harvard fjerner bokomslag laget av menneskehud

    Prestisjeuniversitetet Harvard sier de har fjernet menneskehud fra innbindingen av en bok de har hatt i ett av bibliotekene sine i over 90 år.

    I 2014 ble det oppdaget at en bok var bundet inn med huden til en død kvinne.

    Harvard, som regnes som det eldste universitetet i USA, har tidligere utnyttet interessen rundt bokens morbide historie. Da det ble oppdaget at det var brukt menneskehud i innbindingen ble det omtalt som «gode nyheter for både tilhengere av innbinding med menneskehud, bokfantaster og kannibaler». I et blogginnlegg samme år skrev Harvard at praksisen med å binde bøker i menneskehud tidligere hadde vært forholdsvis vanlig.

    (NTB)

  • Gåte er fornøyd, men spente

    Til NRK sier Gåte at de er fornøyde med plasseringen de har fått i sin semifinale, men at de samtidig er spente på stemningen i salen etter Israels opptreden.

    Tidligere tirsdag ble det kjent at Norge opptrer rett etter Israel i den andre semifinalen i Malmö 9. mai. EBU har fått kritikk fra flere hold for å la Israel delta.

    Jim Ødegård Pedersen, leder folkejuryen Adresse Malmö, tror det kommer til å gå bra. Men sier at Israels bidrag ikke er det enkleste å opptre etter i år. Også han er spent.