Hopp til innhold

Flest unge opplever netthets og sjikane på nett – Astrid Hoem (26) har slutta å lese kommentarfelta

Flest unge opplever hatefulle ytringar, ifølgje ei ny undersøking frå Medietilsynet. Leiar i Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon (AUF), Astrid Hoem meiner at større konsekvensar for avsendaren er det som no må til.

Astrid Hoem er leiar i AUF og opplever stadig netthets.

Astrid Hoem er leiar i AUF og opplever stadig netthets.

Foto: Sandra Tenud / AUF

– Eg les ikkje kommentarfelta, det har eg slutta heilt med.

Leiaren for Arbeidarpartiets ungdomsorganisasjon (AUF), Astrid Hoem har opplevd mykje hets og sjikane.

Det har gjort at ho ikkje lenger ønskjer å opne meldingar frå framande på sosiale medium som Facebook og Instagram.

– Det er ofte dumt, for det kan vere tilbakemeldingar frå nokon som har opplevd noko eg har snakka om, eller som har meiningar om det som eg burde lese.

Som ungdomspolitikar er Hoem aktiv i samfunnsdebatten. Og det er ofte når ho ytrar seg politisk at meldingane og kommentarane renn inn.

Bilete frå AUF sin sommarleir på Utøya.

Frå AUF sin sommarleir på Utøya.

Foto: AUF

Ofte er det seksualiserte kommentarar eller det ho beskriv som konspirasjonar knytte til 22. juli og terroren mot AUF-leiren på Utøya. Nokre kan dra det så langt at dei skriv at terroristen ikkje fekk fullført det han starta på.

– Eg har ikkje opplevd dei aller verste drapstruslane. Det er ofte kommentarar på utsjånad eller at nokon er ueinige i det ein har sagt og meiner at ein ikkje burde få lov til å seie det.

– At ein er landssvikar er noko ein ofte ser i kommentarfelta. Det er mykje hat mot AUF, forklarer ungdomspartileiaren.

Flest unge råka

I den nye undersøkinga har Medietilsynet undersøkt fire former for sjikane på nett: hatefulle ytringar, mobbing eller trakassering, truslar om vald og hetsing eller uthenging i debattar eller diskusjonar.

20 prosent i aldersgruppa 16–24 år har opplevd éi av desse sjikaneformene, og 13 prosent melder å ha opplevd hatefulle ytringar. Dette er også den vanlegaste forma for sjikane på nett.

Mari Velsand

Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

– Dei aller fleste opplever heldigvis ikkje sjikane og hets på nett, men tala våre viser at det er fleire unge enn i befolkninga generelt som er utsett. For dei som opplever dette er det alvorleg og ubehageleg, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.

Det er over dobbelt så mange som har opplevd ei eller anna form for nettsjikane blant dei mellom 16-24, som i befolkninga generelt.

Berre 2 prosent av befolkninga hadde opplevd hatefulle ytringar i 2019. Men i år viser Medietilsynet si undersøking at 7 prosent har opplevd å få hatefulle ytringar.

Vil bøteleggje dei som hetsar

Hoem trur at terskelen er lågare for å true nokon over nettet, enn å true nokon gjennom eit brev, eller på open gate.

– Men for mottakaren er det akkurat like alvorleg, seier ho og held fram:

– Eg trur også det er for få konsekvensar for å sende hatefulle ytringar, noko som gir folk moglegheit til å halde fram med det.

No ønskjer ungdomspolitikaren at det å skrive hatefulle ytringar på nett skal få større konsekvensar for avsendaren.

Portrett av Kaja Hilleren ikledd ein anorakk i snøenb. Ho er ambassadør for Hatprat.

Kaja Hilleren (21) er ambassadør for Hatprat.

Foto: privat

Leiaren i AUF får støtte frå Kaja Hilleren (21), som er ambassadør for Stopp Hatprat. Dei kjempar mot hatprat og for menneskerettar på nett.

– Eg synest det burde vere lettare for politiet å straffe med bøter og involvere seg i netthets, slik at ein forstår at ein ikkje kan skrive kva som helst, seier Hilleren.

– Kan få folk til å trekke seg frå samfunnsdebatten

Stopp Hatprat blir kontakta av folk som blir hetsa på grunn av funksjonshemning eller det at dei har minoritetsbakgrunn.

– Unge jenter blir gjerne hetsa så snart dei ytrar seg offentleg. Når særleg unge minoritetskvinner har lett for å bli hetsa, kan det føre til at dei trekk seg frå samfunnsdebatten.

Ho seier at ein vegg av hets kan gjere det vanskeleg for unge å ytre seg på nytt.

Og kven er som oftast avsendaren?

– Det er ofte godt vaksne menn og kvinner med profilbilete saman med barnebarna sine, som skriv svært stygge ting.

Tala frå undersøkinga til Medietilsynet bekreftar det Hilleren seier: Hatefulle ytringar kan få konsekvensar for deltakinga i debatten. Fire av ti som har vore utsett for sjikane, seier at dei har blitt meir forsiktige med å seie meininga si.

Statsministeren: – Motbydeleg

Statsminister Erna Solberg seier historia til AUF-leiaren gjer inntrykk:

– Sjølvsagt er ingen i AUF landssvikar. Det er ein motbydeleg merkelapp å sette på nokon. Ingen skal måtte oppleve hets og sjikane på grunn av sitt politiske ståstad, skriv Solberg i ein e-post til NRK.

Ho seier det er svært viktig for regjeringa å ta tak i dette, og at dei blant anna har lagt fram ei strategi mot hatefulle ytringar.

Kulturdepartementet hadde ikkje moglegheit til å stille til intervju, men statssekretær Emma Lind (v) skriv i ein e-post til NRK at slik hets har blitt ei stadig større bekymring og at ho trur at problemet ikkje kan løysast gjennom lovgiving åleine.

Ho viser til ein rapport frå OsloMet som viser at arbeidet mot hatefulle ytringar har blitt styrka i politi og rettsvesen. Likevel er det vanskeleg å ha oversikt over eit opent internett utan redaksjonell kontroll.

Emma Lund frå Venstre

Emma Lind (v), statssekretær i Kulturdepartementet.

Foto: Heather Ørbeck Eliassen / NRK

– Dette er ein av grunnane til at regjeringa i fjor sette opp ein ytringsfridomskommisjon som mellom anna skal sjå på tiltak mot hatytringar og korleis ein kan fremme brei deltaking i det offentlege ordskiftet.

Dette oppmodar Medietilsynet deg til å gjere om du opplever sjikane, hatefulle ytringar og hets på nett.

– Då anbefaler vi å blokkere denne personen, men også rapportere vedkommande til plattforma der sjikanen skjer. Så er det nokon typar sjikane som rett og slett er ulovleg og då burde ein melde det til politiet, seier Mari Velsand.

Kulturstrøm

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Ifølge kildene til TMZ fikk Frehley en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden. Fallet førte også til at han innstilte en planlagt turné.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska

  • Hederspris til P4-profil

    Bjørn Faarlund (61) er tildelt Prix Norges hederspris for 2025. Det er den høyeste utmerkelsen i norsk radio- og podkastbransje.

    Faarlund har vært programleder for P4s Radiofrokost i 25 år, og var før det en profilert nærradiostjerne i Radio 1 Oslo.

    – Årets hederspris går til en programleder som har vært en fast følgesvenn for det norske folk gjennom flere tiår - en ekte venn i øret, skriver juryen i sin begrunnelse.

    Prisen ble delt ut under åpningen av bransjekonferansen Lyddager.