– Det blir vanvettig stas. Eg trur ikkje eg veit kor stort det eigentleg er før eg kjem dit, seier Lisa Børud.
Ho blei handplukka til å vere ein av dei nye dansarane til Alexander Rybak i delfinalen og truleg den internasjonale finalen i Melodi Grand Prix i Lisboa laurdag 12. mai.
LES OGSÅ:
– Det er ein skikkeleg fengande låt, og eg gler meg til å kore og danse til den, seier Børud.
LANG ERFARING: Lisa Børud har dansa sidan ho var 7 år gammal og kom på fjerde plass i Stjernekamp hausten 2017.
Foto: Julia Marie Naglestad / Julia Marie Naglestad/NRKLisa Børud, som blei kjent for dei fleste nordmenn gjennom Stjernekamp hausten 2017, har hatt konsertar sidan ho var 5 og dansa sidan ho var 7. I fjor kom ho på 4.-plass i Stjernekamp.
Bytta ut troppen
Til saman fire dansarar og ein korist er med i troppen som Alexander Rybak tek med seg til Lisboa.
I tillegg til til Lisa Børud, er Lene Kokai Flage frå Bergen med som songar og dansar, Jens Jeffry Trinidad som koreograf og dansar, svenske Alvaro Estrella er med som songar og dansar og Frode Vassel som korist.
SANGER OG DANSAR: Lene Kokai Flage
Foto: Iselin MerkesdalDANSAR OG KOREOGRAF: Jens Jeffry Trinidad
Foto: Marius VikenKORIST: Frode Vassel
Foto: Marius VikenSANGER OG DANSAR: Alvaro Estrella
Foto: Josef PeyreNesten heile troppen til Rybak frå den norske Melodi Grand Prix-finalen i Spektrum i februar er bytta ut. Årsaka er andre reglar i den internasjonale finalen.
I den norske MGP-finalen er all koringa på tape, og på scenen er dei sterkaste dansarane. I den internasjonale finalen er reglane annleis, og all vokal må vere live.
– Eit soleklart val
I den internasjonale finalen må troppen til Alexander Rybak bestå av folk som er gode både til å danse og synge. Det er ikkje så mange som er gode til begge deler, seier MGP-general Stig Karlsen.
– Vi hadde ein ny audition-runde og har landa ein kremgjeng, seier Karlsen.
Lisa Børud fekk derimot jobben utan å gå gjennom ein audition-runde. Ho sa først nei fordi ho ikkje kunne komme på audition, men blei trygla om å bli med likevel.
MGP-general: Stig Karlsen tok over jobben som musikkansvarleg i MGP etter at Jan Fredrik Karlsen gjekk av i fjor.
Foto: NRK– Henne kjenner vi så godt frå før gjennom alt ho har gjort, så det var ganske soleklart at vi ville ha henne med. Vi er veldig glade for å ha henne på laget, seier Karlsen.
– Pusten den største utfordringa
Saman med Lene Kokai Flage og Alvaro Estrella skal Lisa Børud både synge og danse under den internasjonale finalen i Lisboa.
– Den største utfordringa blir å ha nok pust. Eg skal øve mykje på å disponere pusten dei neste vekene, slik at eg veit kor eg skal puste og kor mykje energi eg skal bruke på å synge og på å danse. Det og all teksten er kanskje det eg gruer meg mest til, seier Børud.
– Løfta nummeret mitt
Alexander Rybak er for tida i Lisboa og filmar promo til den internasjonale MGP-finalen.
I ei melding til NRK skriv han at han er nøgd med dansetroppen som nå er valt ut til å bli med i nummeret hans i finalen i Lisboa.
I SPEKTRUM: Alexander Rybak vant den norske MGP-finalen i mars med nesten dobbelt så mange stemmer som nummer to. Nå er han klar for den internasjonale finalen for andre gang.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK– Dansarane var skreddarsydd til Spektrum kor ein ikkje måtte kore. Dei løfta nummeret mitt. Nå skreddarsyr vi til Lisboa, seier Alexander Rybak til NRK.
Han trur det blir kjempegøy med live koristar.
– Vi har hatt lange auditions, og nå har vi funne fem sprudlande entertainerar, som er fantastiske til å både synge og danse, seier Rybak.
Norge er første land ut i den andre delfinalen torsdag 10. mai.