Guns N` Roses blei kalla verdas farlegaste band og var verdas største rockeband på slutten av åtti- og starten av nittitalet. Festing, dop, slåsting, opptøyer med knuste konsertarenaer, rettssaker og bittert fiendskap førte til at alle bandmedlemmane utanom frontfigur Axl Rose slutta.
At dei tidlegare erkefiendane Axl Rose og Slash har blitt venner i år forsterkar mistankar om ny turne:
PROGRAMLEIAR: Thomas Felberg er dommar i Stjernekamp og i tillegg har sitt eige program på P13, Felbergs loft. Han er kjent som musikar sjølv og ein ekte rockekjennar som kan svært mykje musikkhistorie.
Foto: Kim Erlandsen / NRK– Eg trur at den gamle originale versjonen Guns N`Roses vil finne saman igjen og at dei vil legge ut på turne, seier rockar, programleiar og musikkjournalist Thomas Felberg.
Andre artistar hintar
Felberg er ikkje åleine. Amerikansk musikkpresse kokar med spekulasjonar om gjenforeining. Ingen av artistane har sagt noko offisielt sjølve. Men, Fred Durst som er frontfigur i Limp Bizkit og venn av både Slash og Axl Rose, seier at han har ei sterk følelse av at det blir gjenforeining.
Keyboardist i Guns N` Roses, Dizzy Reed, fortalde i eit intervju at det kan gå mot album og turne neste år, men vil tydeleg vis sei så lite konkret som mogleg. Samtidig som alle dei gamle bandmedlemmane har blitt venner igjen, har fleire av dei nye forlate Guns N` Roses.
(Saka fortset under bildet)
PÅ HØGDA: Guns N` Roses saman på MTV Awards i 1992. På den tida bestod bandet av Axl Rose, Duff McKagan, Slash, Gilby Clark, Dizzy Reed og Matt Sorum.
Foto: Kevork Djansezian / Scanpix/AP– Konserten alle vil sjå
Det hjelper også på for ein reunion at det ser ut som om dei gamle bandmedlemmane har tilbod om over 100 millionar dollar eller 830 millionar norske kroner om dei legg ut på verdsturne saman.
ARRESTERT: Dette såkalla 'mugshot' bildet blei tatt av politiet i USA etter at Axl Rose blei arrestert i 1998. Rose skjelte ut og trua flyplasstilsette som ville sjekke kva han hadde i veska si.
Foto: Faksimile The Smoking GunFelberg seier dette blir noko svært mange vil ønske å sjå, før det er for seint:
– Bandet er såpass legendarisk og har laga eit av verdas beste rockealbum, Appetite for Destruction, at dette er konserten alle vil sjå. Ein veit heller aldri kva som blir siste konsert fordi dei kan bli uvenner igjen, seier Felberg.
Songar Axl Rose er kjent for å lever gnistrande intense show, men også for å ha eit temperament som fort kan eksplodere.
Kalla Slash kreftsvulst
Axl Rose eigde rettane til bandnavnet, etter sigande fordi han var den som var mest edru då kontraktane blei signert på 80-talet. Rose fortsette åleine etter at alle originalmedlemmane unteken han sjølv slutta. Rose brukte 15 år på å gje ut eit nytt album og turneane blei aldri fullt like store som tidlegare.
RIFFMEISTER: Slash i kjent stil med flosshatten og Gibson Les Paul-gitar. Han var spela i bandet Velvet Revolver som hadde med seg alle medlemane av Guns N`Roses, bortsett frå Axl Rose.
Foto: Jason Fochtman / ApGitarist Slash slutta i Guns N`Roses i 1996 og var i eit bittert uvennskap med vokalist Rose. I 2009 kalla Axl Rose gitarist Slash for ein kreftsvulst som burde fjernast, og at han aldri burde ha vore ein del av bandet nokon sinne.
– Izzy må med
Rocke-elskar Felberg trur at det like så gjerne kan vere pengar, som at dei gamle vennene faktisk genuint har funne ein god tone igjen og vil ha det gøy i lag. Felberg meiner det er ein ting som vil avsløre om det dreier seg mest om pengar:
– Rytmegitarist Izzy Stradlin må med, om ikkje luktar det cash in her. Stradlin var kanskje den kulaste i bandet, han var svært viktig for Appetite for Destruction-skiva og skreiv mykje av musikken, seier han og legg til:
– Om det blir gjenforeining så blir det nok med Axl Rose, bassist Duff McKagan, Slash, forhåpentleg vis Stradlin og den norsketta trommisen Matt Sorum. Originaltromis Steven Adler er nok for sliten eller mange år med heroin.
– Axl på slankar`n
VALLE HOVIN: Guns N`Roses hadde konsert i Norge i 1992. Då blei det meldt at 200 måtte ut på båre grunna at dei svima av.
Foto: Åserud, Lise / NTB scanpixEin anna ting som kan tyde på at det går mot gjenforeining: Axl Rose som har gått opp eit par vektklassar sidan glansdagane, er på ein streng diett. Dette ifølge broren til Slash, Ash Hudson, som kalla Rose mellom anna ein feit slask på Twitter.
Seinare blei dette korrigert og påpeika av Hudson at Rose no jobbar med å gå ned i vekt. Kanskje ikkje dumt å få tilbake stålfysikken om han skal lede verdas farlegaste rockeband på ein ny global turne?