Det er familien som opplyser om dødsfallet til NRK.
Groven var særleg kjent for dei politiske satiremåleria sine og nye versjonar av klassisk norsk 1800-talskunst som kommenterte og parodierte dagsaktuelle politiske hendingar.
Men det meste av produksjonen hans var portrett og naturbilde som ikkje fekk tilsvarande mediedekning.
Hans gjennombrot som kunstnar var bildet «Norsk nyromantikk» frå 1972 i samband med folkeavstemminga om EU (da EF/EEC).
Kåre Willoch og Trygve Bratteli pryda bildet «Norsk nyromantikk» frå 1972.
Foto: groven.no– Han hadde eit sterkt ønske om at han skulle påverke og at det skulle få folk til å stoppe opp og tenkje med kunsten hans. Det skulle sette tankar i sving, og ikkje berre vere kunst for kunstens eigen skuld.
Det fortel sonen Harald Groven til NRK.
Han opplyser at faren la vekk penslane då han blei alvorleg sjuk i 2023.
– Men då hadde han vore aktiv som kunstnar sidan 1970, og hadde vore kunstnar på heiltid frå 1975 og til i dag.
– Korleis vil de i familien no minnast far dykkar og kunstnaren?
– Vi håpar jo at folk set pris på kunsten hans, og at den lever vidare, sjølv om han er borte no.
Forut for folkeavstemminga i 1994 måla han eit oppfølgar, «Fri flyt» (1992), som blei det mest kontroversielle og omtalte kunstverket på Haustutstillinga dette året.
Det av Rolf Grovens bilde som oftast er referert, er hans oppdaterte versjon av "Brudeferden i Hardanger" (1848), «Oljemaleri Fritt etter Tidemand og Gude» frå 1975.
«Oljemaleri Fritt etter Tidemand og Gude» frå, 1975.
Foto: Maleri: Rolf GrovenDet har vore nærast ei standardøving for skoleelevar å samanlikne originalen og parodien for å drøfte miljøvern.
Bildet har ofte vore nytta for å illustrere oppvakning av miljøbevisstheit sidan 70-talet i historieverk og debattbøker.
Rolf var laurdagsgjest i Dagsrevyen tre gonger i samband med den politiske satirekunsten hans.
Bilda hans har vore utstilte på Haustutstillinga mange gonger, og har vore utstilt i Nasjonalmuseets utstilling som representant for 70-talskunst.
Rolf Groven har sitt vesle atelier i ei ganske ålmenn bustadblokk i Oslo. Men bilda hans har motiver med rekkevidd langt ut i det internasjonale miljø, til både klima, olje og storpolitikk.