Hopp til innhold

Kassettane er på veg tilbake: – Blir ein «what the fuck»-effekt

Kassettane er på full fart tilbake i Europa. Store artistar som blant andre Lady Gaga gir ut musikk på kassett og marknaden har skote fart.

Kassett-albumet til Kristoffer Eikrem; «Dusk/Dawn».

Kassett kan vere eit kunstverk, eit samleobjekt og souvenir, i følgje musikar Kristoffer Eikrem. Her er hans «Dusk/Dawn».

Foto: Kristoffer Eikrem / Privat

– Det er mykje nostalgi involvert. Og etter å ha jobba med eit album over ein lengre periode vil ein gjerne gi ut noko fysisk, seier Kristoffer Eikrem.

Han er musikar, komponist og produsent og blant dei i Noreg som er glad i kassettformatet.

Kristoffer Eikrem, musiker, produsent og komponist som gir ut musikken sin på kassett.

Kristoffer Eikrem er musiker, produsent og komponist som gir ut musikken sin på kassett.

Foto: Jan Tore Eriksen

Viss du trudde kassetten døydde ut da CD-en kom for 30 år sidan, tar du feil.

Den har nemleg levd det gode liv i undergrunnen og har lenge vore eit yndlingsobjekt i rocke- og hiphopmiljøet.

Popstjernene på topp

Men no er kassetten i full fart på veg opp til den store, kommersielle marknaden.

Kassett-trenden er aller størst utanfor Noregs grenser. Sjølv om det framleis er strøymetenestene som dominerer, vart det i Storbritannia i fjor seld 160 000 kassettar.

Det er ei dobling frå året før, og er også det høgste salstalet på 20 år.

63rd Annual Grammy Awards - Show

Dua Lipa kom ut med albumet Future Nostalgia i fjor som er å finne som kassett-album.

Foto: AP

– Igjen er det viktig for artistar å vise at dei klarer å ha ein liten finger med i marknaden og sjå på kva fansen vil ha, seier journalist og sjølverklært musikknerd, Guttorm Andreasen.

Lady Gaga, Billie Eilish, Dua Lipa og Taylor Swift er blant dei store stjernene som nå gir ut musikken sin på kassett – og som også sel mest.

Dei ligg på topplista for 2020, ifølgje BBC.

– Det tydar på at det er aktuell musikk som er interessant for unge hipsterar, legg Andreasen til.

«What the fuck»-effekt

Han trur grunnen til at kassetten har fått sin renessanse er fordi folk, og gjerne unge folk vil ha noko fysisk å halde i, noko å vise til vennene sine eller henge opp på veggen.

– Og så er det også billigare å kjøpe enn vinylar, seier Andreasen.

Lady Gaga, R. Kelly

Lady Gaga er blant artistane som har vorte populære på kassett.

Foto: John Shearer / AP

For Dag Inge Fjeld, høgskulelektor i marknadsføring på Høyskolen Kristiania, minner dette om då vinylane vart populære att.

– Det skulle låte så autentisk, så ekte, så ukapitalistisk og så lite gjennomprodusert som mogleg. Du skulle finne ei eller anna sjel. Det sjelelege låg i det ubearbeida, fortel han.

I tillegg trur han sjokkeffekten er med på å skape ny renessanse for formatet.

– Den som tar opp kassetten og tar med seg kassettspelar, det blir slik «what the fuck» – kva skjer no? Dette såg vi ikkje kome i det heile tatt, forklarer han.

– Viss den som tar fram kassetten også kan seie noko vettugt om det, så får vedkommande status som ein med heilt unike innsikter.

Fleire og fleire vil kaste seg på bølgja

Kristoffer Eikrem trur dei store artistane har innsett at dei kan nå ut til eit større eller annleis publikum som er meir musikkinteressert enn den gjennomsnittlege lyttaren.

– I tillegg er kassett analogt, og det fargelegg musikken på ein annan måte, så det er ganske morosamt.

Kassettspelaren til Kristoffer Eikrem

Slik ser og høyrer det altså ut når Kristoffer Eikrem spelar av ein av kassettane sine.

– Men kven kjøper kassett? Hipsterar?

– Eg trur det er fyrst og fremst musikkinteresserte, og det kan så klart vere hipsterar blant dei. For mange er det også eit samleobjekt, ein suvenir og ein måte å støtte favorittartisten din på økonomisk, svarer han.

Både Eikrem og Andreassen meiner kassetten er kome for å bli, spesielt nå som også dei store stjernene har kasta seg på trenden.

– Eg trur vi kjem til å sjå fleire og fleire som gir ut musikken sin på kassettar framover. Det blir ein del av den totale pakka, avsluttar Andreasen.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters