Hopp til innhold

Kanye West og Kim Kardashian blant dei mektigaste på nettet

Ekteparet Kim Kardashian og Kanye West er blant dei som har størst innverknad på internett, ifølge ei ny kåring.

ENTERTAINMENT-US-MUSIC-TELEVISION-PEOPLE-KARDASHIAN-KANYE-FILES

MEKTIG PAR: Kim Kardashian og Kanye West er to av dei med mest innverknad på internett, ifølge Time.

Foto: MARK RALSTON / Afp

For andre år på rad har nyheitsmagasinet Time laga ei liste over dei 30 personane som har mest innverknad på internett. Dei har lagt vekt på den globale innverkninga på sosiale medium, og i kva grad dei klarer å få merksemd for det dei deler på nettet.

Kanye West

Rapparen Kanye West har fått mykje merksemd for meldingane han legg ut på Twitter. Mange blei provoserte då han hevda at overgrepsskuldingane mot Bill Cosby var grunnlause:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Han har også kome med stikk mot Taylor Swift, tvitra at han er blakk, og bede Facebook-gründer Mark Zuckerberg investere ein milliard dollar i framtidige prosjekt og lansert, trekt tilbake og relansert den nye plata si «The Life of Pablo». Enkelte kallar det unormalt, West kallar det samtidskunst:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Kim Kardashian

Kona til Kanye West, Kim Kardashian er også på lista. Realitystjerna blir følgd av over 120 millionar menneske på Twitter, Facebook, Instagram og Snapchat. Saman med mora, søstrer og halvsøstrer tener ho store pengesummar på dele privatlivet sitt gjennom sponsa innlegg. I løpet av det siste året har ho lansert mobilappar og eigne emojis – Kimoji:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Caitlyn Jenner

US-OSCARS-AFTERPARTY

Caitlyn Jenner fekk over ein million følgarar på fire timar då ho opna konto på Twitter.

Foto: ADRIAN SANCHEZ-GONZALEZ / Afp

Caitlyn Jenner blei født som William Bruce Jenner. På 1970-talet var han ein av dei beste tikjemparane i verda og deltok i OL. Han er faren til Kendall og Kylie, som er halvsøstrene til Kim Kardashian. Jenner stod fram som kvinne i fjor, og blei med det den mest kjende transkjønna personen i verda. Fire timar etter at Jenner starta konto på Twitter, hadde ho ein million følgarar. Og slo med det rekorden til president Barack Obama.

Donald Trump

Presidentkandidaten er ein ivrig brukar av sosiale medium. I tillegg til å presentere eigen politikk, bruker han nettet til å kome med karakteristikkar av konkurrentar og meiningsmotstandarar. Som då han kalla Marco Rubio for «lille Marco»:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Men også kandidatar frå andre parti får sitt:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Med sine nesten sju millionar følgarar på Twitter er han den desidert største presidentkandidaten i USA no.

Andre på lista

USA-ENTERTAINMENT/ Actor and talk show host James Corden accepts the Britannia Award for British Artist of the Year during the British Academy Britannia Awards hosted by BAFTA Los Angeles in Beverly Hills, California

Komikar James Corden utfordrar kjendisar og får stor merksemd for det på nettet.

Foto: DANNY MOLOSHOK / Reuters

Blant dei andre namna på lista over personar med innverknad på internett finn vi komikaren og talkshow-verten James Corden, som blant anna har fått Adele synge karaoke i bilen.

J.K. Rowling har brukt nettet til å vidareutvikle universet rundt Harry Potter, men har også skapt overskrifter ved å samanlikne Donald Trump med Voldemort:

Innholdet som lå her kan ikke vises.

Elles finn vi namn som fotballspelaren Cristiano Ronaldo, statsminister i India, Narendra Modi og gamer og Youtube-stjerne PewDiePie på lista.

Kulturstrøm

  • Vónbjørt Vang fra Færøyene får Nordisk råds litteraturpris

    Nordisk råds litteraturpris 2025 tildeles diktsamlingen «Svørt Orkidé» av Vónbjørt Vang fra Færøyene.

    Dette er første gang siden 1986 at litteraturprisen går til en forfatter fra Færøyene.

    – Med sine hudløse dikt og et sterkt visuelt uttrykk har Vónbjørt Vang skapt et verk som utvider moderskapets språk og gir sorgens vesen nye dimensjoner, står det i juryens begrunnelse.

    Også Nordisk råds filmpris gikk til en fra Færøyene. Prisen gikk til færøyske filmen «Seinasta paradís á jørð» av regissøren og manusforfatteren Sakaris Stórá.

    Dag Johan Haugerud var Norges kandidat til Nordisk Råds filmpris for 2025. Hadde han vunnet, så ville han vært den første som vant prisen tre ganger.

    Hver pris er på 300 000 danske kroner og deles ut i forbindelse med Nordisk råds sesjon i Stockholm 28. oktober.

    Bilde av en kvinne med grått hår.
    Foto: Ana Holden-Peters / NRK
  • Skuespiller Jan Frostad er død

    Den bergenske og profilerte skuespilleren Jan Frostad døde i Trondheim etter kort tids sykdom mandag 20. oktober.

    Det melder sønnen hans i en pressemelding.

    I løpet av skuespillerkarrieren har Frostad medvirket i over 150 produksjoner, alt fra teater, radioteater, fjernsynsteateret, film og TV-serier.

    en mann og kvinne som sitter på en sofa
    Foto: Ned Alley / NTB
  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK