Det blir ledig plass i eteren når dei gamle analoge tv-sendarane nå blir slått av. Dei ledige frekvensane gir ikkje plass både til ei utviding av bakkenettet og ei vidare utbygging av mobilt breiband. Politikarane må velja.
TV-bransjen og mobil-bransjen ei rask avklaring om kva som vil skje med dei ledige frekvensane.
Foto: Colourbox.com- Vent!
- Eg trur det kan vera lurt å tenka seg ekstra godt om før styresmaktene bestemmer seg for kva dei skal gjera med denne digitale indrefileten. Eg trur styresmaktene bør gjera som i Danmark og avventa litt for å sjå kva retning desse store og viktige forbrukarmarknadane tar, seier forbrukarombod Bjørn Erik Thon.
Digital indrefilet
Dei ledige frekvensane er så attraktive at dei gjerne blir omtala som ein digital indrefilet.
Skal den ledige plassen i eteren bli brukt til betre TV-kvalitet og fleire kanalar for dei som tar inn fjernsyn på antenne? Eller skal det bli lettare for folk å få tilgang til Internett kvar som helst og å ta i bruk stadig meir avanserte tenester på mobiltelefonen? Dette er det valet politikarane står overfor.
Kamp mellom TV og mobil
Dei ulike interessene kjem klart til syne i høyringssvar som Samferdselsdepartementet får inn i desse dagar. I april leverte ei arbeidsgruppe ein rapport om mogleg bruk av dei ledige frekvensane. Ulike syn på bruken av frekvensane kjem nå inn til Samferdselsdepartementet.
Forbrukerombud Bjørn Erik Thon
Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIXI motsetning til forbrukarombodet ønskjer både TV-bransjen og mobil-bransjen ei rask avklaring om kva som vil skje med dei ledige frekvensane.
- Vi synes ikkje det er ein god ide å la frekvensressursar ligga brakk. Da må ein heller finna løysingar for å ta i bruk dette fort, seier Anne Karin Augland i NTV.
Ho får støtte frå Øyvind Vederhus i NetCom.
- Vi ønskjer oss ei utlysing så tidleg som mogleg. Vi meiner heilt klart at desse bør reserverast til mobilt breiband, seier Vederhus.
HDTV krev stor plass
På den eine sida står fjernsynsbransjen representert ved Norges Televisjon (NTV), selskapet som byggjer ut og driv det digitale bakkenettet.
Eit par hundre tusen husstandar, det vil seia ein halv million menneske, er avhengige av å få inn fjernsyn via bakkenettet. Skal antenne-brukarane ha eit tilbod som er likeverdig med det tilbodet kabel- og parabol-kundar har, må det bli større plass i bakkenettet, meiner NTV.
Det er særleg overgangen til HDTV som krev meir plass i bakkenettet. HDTV, som gir betre bildekvalitet enn vanleg fjernsyn, treng fire gonger så stor frekvens-plass som vanlege tv-signal.
Lettare nett-tilgang
På den andre sida står mobiltelefonbransjen, som gjerne vil lansera nye tenester på Internett. Får mobilbransjen fleire frekvensar, skal det bli lettare å få tilgang til nettet kvar som helst i landet, trådlaust.
Bransjeorganisasjonen IKT Norge argumenterer for denne løysinga i høyringssvaret til Samferdselsdepartementet. I sitt høyringssvar skriv dei at dei nye frekvensane må bli brukt til mobilt breiband om Noreg skal vera ein leiande IKT- og kunnskapsnasjon.