Hopp til innhold

Journalist fabrikkerte Dylan-sitat

The New Yorker-journalist innrømmer å ha dikta opp sitat av Bob Dylan i populær bok, og har sagt opp jobben.

Bob Dylan

Jonah Lehrer brukte Bob Dylan som eit døme på korleis kreativitet fungerer. Problemet var at han vart for kreativ i sitatbruken sin.

Foto: Christopher Polk / Afp

Han var ein av dei lovande unge journaliststjernene i prestisjemagasinet The New Yorker. Men måndag vart det avslørt at Jonah Lehrer, som står bak boka «Imagine: How Creativity Works», har fabrikkert sitat.

Boka tar for seg ulike former for kreativitet, men Lehrer vart vel kreativ i arbeidet . Han innrømmer no å ha fabrikkert sitat av Bob Dylan, og å ha samanblanda sitat frå ulike kjelder. Dette vart avslørt i ein artikkel i Tablet magazine, og i går gikk Lehrer av som journalist i The New Yorker.

Resirkulerte artiklar

Jonah Lehrer

Jonah Lehrer er tatt for å ha fuska med sanninga.

Foto: http://www.flickr.com/photos/poptech/

Journalisten, som har skrive fleire populærvitenskapelege bøker om pyskologi og nevrobiologi, unnskylder seg.

– Løgnene er over no. Eg forstår alvoret i handlingane mine. Eg vil be om orsak til alle eg har skuffa, spesielt redaktørane og lesarane mine, seier han i ei pressemelding.

LES: Dylan på topp i amerikanske rettssaler

For berre ein månad sidan måtte Lehrer unnskylde seg offentleg då det vart klart at han hadde brukt om att eige materiale frå The Wall Street Journal, Wired og andre magasin i The New Yorker. Denne resirkuleringa vart bortforklart som «ein uskuldig feil» av avisa.

Lehrer kunne dermed ha unngått å miste jobben, dersom det ikkje hadde vore for artikkelen i Tablet magazine. Artikkelen vart skrive av Michael C. Moynihan, som blir rekna for å vere ein respektert Dylan-ekspert.

Bob Dylan er kanskje den nolevande musikaren som er mest studert av forskarar og journalistar. Her i Noreg finst det eit eige Bob Dylan-studie på Universitetet i Oslo.

LES: Bob Dylan blir universitetsfag

Sa opp etter knappe to månader

Bob Dylan

Bob Dylan er nøye studert av forskarar og journalistar.

Foto: DEA / AP

Redaktør i The New Yorker, David Remnick, har mot sin vilje hatt Lehrer i staben sidan resirkuleringa av materiale vart kjent for ein månad sidan.

Då det blei avslørt at Lehrer i tillegg har fabrikkert sitat, gjorde The New Yorker og forlaget bak boka, Houghton Mifflin Harcourt, det klart at dei hadde fått nok av journalisten.

LES OGSÅ: Dylan i storform før noregsbesøk

Etter at Remnick hadde mottatt oppseiinga frå Lehrer, uttalte han dette i ei pressemelding:

– Det er ein utruleg trist situasjon. Men det viktigaste er integriteten til det vi trykkjer og kva vi står for.

Lehrer starta som bloggar for Wired.com, og deretter for The New Yorker sidan 2008. Han vart fast tilsett der for knappe to månader sidan.

Kjent for grundige faktasjekkar

Shattered Glass

Hayden Christensen spelte Stephen Glass i 'Shattered Glass'. Glass er den mest kjente journalisten som er tatt for fusk.

Foto: Scanbox

Forlaget vil no trekkje tilbake boka, som er selt i 200.000 kopiar.

Måndag morgon var «Imagine: How Creativity Works» på 105. plass over dei bestselgjande bøkene hos Amazon. Seinare på dagen var den fjerna, skriv The New York Times.

The New Yorker er godt kjent for sine grundige faktasjekkar og sin seriøse journalistikk. Men det er ikkje første gong at eit amerikansk nyheitsmagasin blir tatt for fabrikasjon.

I 2003 vart Jayson Blair tatt for å ha fabrikkert sitat og dikta opp historier i The New York Times over ein lengre periode, i minst 36 artiklar.

LES: Historia bak forfalskinga i The New York Times

Også The New Republic og The Washington Post har hatt tilfeller av fusk. Stephen Glass er kanskje den mest kjente journalisten som er tatt. Han tok det så langt at han rett og slett dikta opp heile historier. Livet hans er festa til film i «Shattered Glass» frå 2003.

For nokre år sidan innrømma norske Bjørn Benkow at han hadde fabrikkert intervju med kjendisar som Bill Gates, Oprah Winfrey og Tom Cruise. Dagbladet og svenske Aftonbladet var blant dei som trykte intervjua hans.

Danmark fekk sin journalistskandale i fjor, då Mads Qvortrup i Dagbladet Information vart avslørt som ein fuskar. Han hevda å ha gjort intervju med menneske som var døde.

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka