Hopp til innhold

Dylan i storform før noregsbesøk

Dylan får kjempekritikkar for siste konsert før noregsbesøket. «Ein av hans beste konsertar nokon sinne», skriv Politiken.

– Dylan smilte og såg fornøgd og fresh ut, seier norsk fan.

Britain Bob Dylan Bob Dylan

Bob Dylan spelte i Odense i Danmark måndag. Det er den siste konserten før noregsbesøket og musikaren får kjempekritikkar. Her frå ein konsert i London 18. juni.

Foto: Joel Ryan / Ap

Ein veit sjeldan kva ein får når ein går på konsert med Bob Dylan. Men skal ein tru kritikarar og fans som var på «generalprøva» før konsertane i Oslo og Bergen, kan norske fans vente seg ei fantastisk konsertoppleving.

Dylan får kjempekritikkar etter konserten i Odense måndag, som var siste stopp på turnélista før noregsbesøket.

Les: Bob Dylan til Norge i sommer

«Bob Dylan leverte ein av sine beste konsertar nokon sinne», meiner musikkredaktør i Politiken, Erik Jensen.

«Når Bob Dylan og «his band» er i satanisk spelehumør og har strekt seg fram til ei så fenomenal setliste, er det ikkje noko å gjere. (...) Då må ein leggje seg ned på skogens grøne bøneteppe saman med dei bedrevitande dylanologane og mumle sitt fadervår: No, ja og Amen - Bob er betre enn dei alle saman!» skriv han entusiastisk.

– Blant topp ti

Bob Dylan

Bob Dylan som ung på 60-talet. Hiten 'Blowin' in the wind' er framleis med han på turné, seks tiår etter den vart skrive.

Foto: DEA / AP

Han er ikkje den einaste som hyllar legenda. Fleire norske fans tok turen til Danmark for å få med seg konserten. Geir Olsen, ein av pådrivarane for Norsk Dylanologisk Sælskab, var på konserten og er på veg med båt til neste Dylan-konsert i Bergen då NRK.no snakkar med han.

– Det var ein utruleg flott konsert, Dylan smilte og såg svært fresh og fornøgd ut. Det er ein svært sprek 70-åring vi ser, seier han.

Olsen har sett cirka 120 konsertar med legenda («Eg slutta å telle etter 100»), og skal få med seg både Bergen- og Oslo-konserten. Han meiner at Odense-konserten er blant topp ti av Dylan-konsertane han har vore på.

Det stemmer bra med skildringa frå nettavisa Musik.guide.dk:

«Overskotet spredde seg til publikum, og sjølv dylanologane, som reiser verda rundt for å sjå og høyre han, var imponert over prestasjonen som idolet ga i Odense. Sjeldan ser vi han så fyrig og forførande», skriv dei.

Høyr: Radiodokumentaren Birger og Bob

(Artikkelen held fram under biletet)

Bob Dylan i Drammenshallen

Bob Dylan har gjesta Noreg fleire gongar tidlegare. Her i Drammenshallen i 1981.

Foto: Scanpix / SCANPIX

– Veit aldri kva ein får

Bob Dylan: «Highway 61 revisited»

Fleire av hitlåtane frå 'Highway61 Revisited' var med på setlista i Odense. Men det er svært sjeldan at Dylan spelar same setliste to gongar.

Foto: Plateomslag

Dylan har blitt både hylla og slakta for liveopptredenane sine. Olsen trur det har å gjere med dei ulike forventningane som publikum har.

– Dersom ein forventar seg det same som på plate, blir ein skuffa. Han arrangerer låtane på nytt og songane er forskjellige frå gong til gong live. Blodfansen vil alltid ha spesielle, mindre kjente låtar, men det er sjeldan ein får det, seier Olsen.

Les også: Bob Dylan blir universitetsfag

Fleire av Dylans største hits var med på setlista i Odense, mellom anna «Highway 61Revisited» og «Ballad of a thin man». Dylan spelte tre ekstranummer og avslutta med «Blowin' in the wind».

Ettersom Dylans karriere strekk seg over fem tiår er det ikkje så rart at fansen stridast om dei musikalske høgdepunkta.

Les:

Alle billettane er utselde

Olsen meiner Odense-konserten lovar godt framfor noregsbesøket, men er likevel usikker på kva publikum i Oslo og Bergen kan forvente seg.

– Kva ein kan forvente seg er eit stort spørsmål. Eg har berre opplevd éin gong at han har hatt same setliste på to konsertar, men det er det som er så spanande og difor vi reiser rundt for å få med oss alle konsertane, seier han.

Onsdag 29. juni spelar Dylan på Koengen i Bergen og torsdag 30. juni i Oslo Spektrum. Alle billettane er utselde i Oslo, men i Bergen er det framleis fleire igjen.

Det er del av hans Never Ending Tour, ein uavslutta turné som han starta i 1988. Denne delturnéen starta 16. juni i Irland og blir avslutta 20. august i Bangor, USA.

Les også: Dylan med historisk konsert i Kina

Høyr jubileumssending om Bob Dylan 70 år:

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka