Hopp til innhold

Håkon Hauer

- Er Sponheim nerd, då liknar eg på ein nerd om eg tek på meg briller. Det er filosofien til Håkon Hauer når han får spørsmålet om kva som er det mest nerdete ved han. Men mannen syng nok betre enn Sponheim.

Håkon Hauer
Foto: Bilde frå musikkvideo

 På scena er han heime, det er der han føler seg mest trygg. Allereie første gong han skulle spele oppdaga han det; - Dette likar eg tenkte han, og sidan har han vore på scena så ofte han kan.

Om Håkon kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen får vi høyre han med "Susan when she tried", der både tekst og melodi er skriven av Don Reid. Den songen kan du og høyre i musikkvideoen  hans.

Pinleg

Men det har ikkje alltid vore like kjekt der oppe, ein gong drakk han infisert vatn, og under avsluttingsnummeret gjekk det nesten gale. Han kasta gitaren, sprang av scena og turen gjekk mot utedoen i mørket. Heldigvis rakk han fram, men likevel stoppar ikkje historia der, doen var blitt brukt av ca. 500 fulle bønder heile kvelden, så det var nok ei ubehageleg oppleving. Det er ei historie han nok aldri gløymer, men likevel verkar det som at kvar gong Håkon går på scena er det med full konsentrasjon og ro.

Eg åt for meir enn eg hadde i løn

Håkon Hauer

 Kjerringemne

Rett før Håkon skal på scena ser han på publikum frå bak sceneteppet, ikkje for å sjekke om det er mange som har møtt fram, ikkje for å sjå om vener er til stades, men av den enkle grunn at han ser etter eit kjerringemne, som han kallar det sjølv.

Åt opp løna

Håkon Hauer
Foto: Bilde frå musikkvideo

Mange jobbar har det vore for 26 åringen opp gjennom åra, i dag jobbar han som rørleggar og trivs godt med det, men han har og blant anna jobba med å kjøre ut pizza til folk.

- Eg åt for meir enn eg hadde i løn.

Men frå å ete opp løna si drøymer Håkon no om å bli ein Noregskjent artist, Noreg er stort nok. Draumen hans er at folk skal stoppe han på gata å seie: - Du er jammen flink!

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Gå ein tur på kino svarer han kort på det. Men vi vil nok tru at når kinoturen er ferdig vil nok pengane gå til draumen om å bli ein Noregskjent artist.

På gøy med Håkon:

Kva er det mest sære kan finne på når du har ein fridag?

Synge Sandbeck-viser for nabokjerringa som er 91 år!

Samlar du på noko?

Eksdamer og LP-plater. Har like godt forhald til alle saman.

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)