NRK Meny
Normal

Dan Mikal Ripe Frøystad

Det heile starta med trommer, i danseband for det meste, men så la han vekk slagverket og starta med country på Steelgitar, no er det det som står han nærast.

Dan Mikal Ripe Frøystad
Foto: Bilde frå musikkvideo

Sidan det var Håkon Hauer som gjekk vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen er Dan Mikal no ute av Nettsjansen. Men om du framleis vil støtte Dan Mikal kan du stemme på han fram til sendinga på laurdag er over klokka 21.15.

Med berre 17 år på baken har han allereie fått taket på musikken. Når du er så ung og brukar setningar som ”men det var når eg var ung”, då har du faktisk drive med musikk ei stund. Og det har Dan Mikal Ripe Frøystad. Han bryr seg om countrymusikk, vil verne om den og ikkje minst vil han at den skal få ein sjanse gjennom fjernsynsruta til folk.

Om Dan Mikal kjem vidare frå Nettsjansen til Kjempesjansen får du høyre han synge "Margaritaville" av Jimmy Buffet. Men vil du sjekke om han fortjener ein sjanse er det berre å sjå  musikkvideoen hans for å finne det ut.  

Bretta diplomet

Han har opplevd mykje når han har vore på scena. Første gang han var med på eit talentshow som heiter ”Scenen er din”, tok han å bretta diplomet sitt på midten, mens han sto på midt scena.

- Eg tenkte ikkje noko på det der eg stod, men eg då såg det på video etterpå var det ganske pinleg.

Dan Mikal Ripe Frøystad
Foto: Bilde frå musikkvideo

Men han har og hatt ein del problem med veps når han har opptredd, eit par gonger har han måtte slutte å spele for å jage den vekk

- Ein gang vart eg så skremt at eg og datt bakover på krakken.

Store draumar

Den store draumen er å få spele med eit verdskjent orkester, for eksempel å bli leigd inn som steelgitarist, men draumane stoppar ikkje der, han ønskjer å gje ut ein skikkeleg Country-cd.

Kva vil du bruke pengane du vinn til?

- Eg treng ny steelgitar med forsterkar, og ein kassegitar som ikkje er sur.

På gøy med Dan Mikal:

Har du et Motto/Leveregel?

- Ein sjanse er ikkje nok.

Er det noko du absolutt ikkje klarar?

- Å drikke mjølk og vatn, heilt forferdeleg.

Kva slags Disneyfigur ville du helst vore?

- Det må bli Mikke Mus, han er vel ikkje så uheldig som andre folk i Andeby.