17. juni reiser Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand og Vegard Harm på det som ifølgje dei kan oppfattast som den største utfordringa i livet deira så langt.
Nemleg ekspedisjon i villmarken i Yukon i Canada.
– Eg og Vegard har snakka om det, og det er jo berre Lars Monsen-type-folk som drar på ekspedisjon. Og ikkje slike som meg og Vegard. Så vi er jo veldig spente da.
Det fortel Vasstrand til Lars Monsen i podkasten «Monsens univers».
I episoden snakkar ho også om da ho gav si eiga morsmjølk til leiarhunden i hundespannet sitt, og om si turbulente ungdomstid i Italia.
Til vanleg er ho personleg trenar og influensar, men 35-åringen er også kjent gjennom programleiarrolla i «Norges tøffeste» og gjennom VGTV, der ho og Vegard Harm har hatt fleire sesongar saman.
Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand har tidlegare utfordra Vegard Harm i å gjennomføre Norseman. Denne gongen er rollene bytta om.
Foto: Snakk med VGs Kristoffer Kumar før bildet brukes 97 51 99 41Hissig elg
Denne gongen skal duoen altså på ein mini-ekspedisjon i ei veke der dei skal gjere alt frå å padle, sykle, ri, gå og kanskje også klatre.
Yukon, som er eit territorium i den vestlege delen av Canada, er kjent for stupbratte fjell, vill natur og rikt dyreliv. Men også for å vere eit «bjørneland».
Det sistnemnde er noko ho skulle ha vore forutan.
– Eg har ikkje lyst til å reise til Canada. Eg er glad i natur, i å bevege meg, eg er ikkje redd for ei fysisk utfordring. Men å bevege meg i eit område med bjørn ...
Frykta er større enn gleda
For sjølv om Vasstrand er kjent for å utfordre seg sjølv og prøve ut nye ting, blant anna har ho deltatt i Femundløpet og VM i hundekøyring, så innrømmer ho at dette kjennest annleis ut.
Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand under VM i hundekøyring på Røros februar 2025.
Foto: Ørn E. Borgen / NTBJørgine «Funkygine» Massa Vasstrand kjem i mål under 450 km langdistanse under VM i hundekøyring på Røros.
Foto: Ørn E. Borgen / NTBJørgine Vasstrand på veg til sjekkpunkt Orkelbogen under Femundløpet i klassen F450 i 2024.
Foto: Ørn E. Borgen / NTB
Vasstrand legg deretter til at denne turen, som er så langt unna og på mange måtar er så fjernt for ho, skapar meir frykt enn glede.
– Så eg sit liksom ikkje og gler meg til dei store naturopplevingane, dei fysiske påkjenningane og meistringskjensla.
– Eg sit berre og tenker på at eg er skikkeleg redd for å bli spist av bjørn og ikkje kome heim til ungane mine, seier ho og er tydeleg rørt.
– Spill død
Når Monsen spør Vasstrand kva dei gjer for å førebu seg, svarer ho:
– Vi reiser openbert ikkje aleine. Eg er generelt ikkje så glad i å reise ut av Noreg. Så vi skal ha med oss ein guide som er født og oppvakse i dette området.
Monsen foreslår vidare å ha med seg peparspray, og å leggje seg i fosterstilling om ein bjørn kjem i mot.
Noko Vasstrand reagerer med skrekk og gru på.
Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand får råd av Lars Monsen om kva ho skal gjere om ho møter på bjørn i villmarken i Canada.
– Det aller beste rådet eg kan gi deg om ein bjørn kjem i full fart mot deg, er å leggje deg i fosterstilling. Gløym alt saman, og kryp deg saman og beskytt hovudet og magen, for statistisk sett er det to område bjørnen tygg lite grann, og det er på hovudet og i magen, seier han mens Vasstrand ristar på hovudet og ler.
– Så om du klarer å beskytte dei to plassane så er du på god veg, seier Monsen.
Monsen sjølv møtte på ein bjørn da han var på villmarksekspedisjon «Canada på tvers» i 2012. Han følgde ikkje sitt eige råd om å leggje seg ned i fosterstilling.
Sjekk video under:
Lars Monsen møter Bjørn på «Canada på tvers» i 2012.
Høyr meir i podkasten «Monsens univers».