Hopp til innhold

Mad Men beste tv-drama igjen

Mad Men fekk Emmy-pris for beste dramaserie for tredje år på rad.

For tredje år på rad vann tv-serien Mad Men, om reklamebransjen i New York på 1960-talet, prisen for beste dramaserie. Totalt fekk den kritikarroste Mad Men fire Emmy-prisar, som er tv-bransjens svar på Oscar-prisane.

– Det var heilt uventa. Kvaliteten på dei nominerte dette året var fantastisk, sa Jon Hamm, som speler Donald Draper i Mad Men.

Under Emmy-showet i natt var det berre prisane i hovudkategoriane for beste seriar og beste skodespelarar som vart delte ut. Prisane i dei andre kategoriane vart delte ut 21. august.

The Pacific

Tom Hanks tek imot prisen for The Pacific som beste miniserie.

Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Ikkje uventa stakk miniserien The Pacific av med prisen for beste mini-serie under Emmy-prisshowet. Heile åtte prisar vart det til serien totalt, som på førehand var nominert i 24 klasser . Denne serien kjem på NRK til vinteren.

Claire Danes

Claire Danes fekk Emmy for innsatsen i Temple Grandin.

Foto: Chris Pizzello / Ap

TV-filmen Temple Grandin vann fem prisar i natt, og i tillegg to prisar 21. august. Claire Danes fekk prisen for kvinnelege hovudrolle i ein film, for innsatsen som den autistiske kvinna som revolusjonerte behandlinga av dyr på ranchar og slakteri.

Modern Family overtok komitrona

Komiserien Glee var også ein av førehandsfavorittane med 19 nominasjonar. Av desse fekk dei to prisar i natt og i alt fire prisar.

Det var likevel komiserien Modern Family som stakk av med den gjevaste prisen, for beste komiserie. Samla fekk serien heile sju prisar.

Edie Falco vann sin første Emmy for ei komirolle i år. Det var rolla som den pilleknaskande sjukepleiaraen i komedien Nurse Jackie som sikra henne prisen.

I tillegg til prisane kunstnarisk innsats fekk skodespelar George Clooney ein spesialpris for sin humanitære innsats. Han leidde tv-innsamlinga Hope for Haiti Now for dei jordskjelvråka innbyggjarane på Haiti i januar.

Emmy-prisane 2010

Program

21.aug

29.aug

Totalt

The Pacific

7

1

8

Temple Grandin

2

5

7

Modern Family

3

3

6

Disney Prep & Landing

4

-

4

Glee

2

2

4

Mad Men

2

2

4

Saturday Night Live

3

-

3

The 25th Anniversary Rock And Roll Hall Of
Fame Concert

3

-

3

Vancouver 2010 Olympic Winter Games
Opening Ceremony

2

1

3

24

2

-

2

63rd Annual Tony Awards

1

1

2

Breaking Bad

-

2

2

CSI: Crime Scene Investigation

 2

2

Dancing With The Stars

 2

Dexter 

 1

Generator Rex

2

-

2

Nurse Jackie

1

1

2

Return To Cranford (Masterpiece)

2

-

2

So You Think You Can Dance

2

-

2

Survivor

2

-

2

The National Parks: America’s Best Idea

2

-

2

The Simpsons

2

-

2

The Tudors

2

-

2

You Don’t Know Jack

-

2

2

Ekspander/minimer faktaboks

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.