Hopp til innhold

Bjørn Tomren stakk av med trofeet i Stjernekamp 2021

Han har deltatt i VM i strupesong og turnert me A-ha. No har Bjørn Tomren vunne Stjernekamp 2021.

Bjørn Tomren er vinnaren av Stjernekamp 2021.

Bjørn Tomren er vinnaren av Stjernekamp 2021.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Dette er heilt absurd. Tusen takk til alle som har stemt på meg og har støtta meg. Eg er mållaus. Dette hadde eg ikkje trudd, sa ein ordknapp Tomren rett etter at han fekk den gledelege nyheita.

Men Bjørn Tomren er nøgd med sigeren.

– Eg er glad det er over, og eg er glad eg vann. Og eg er svært glad for at eg var i finalen med Alexandra. Ho er heilt fantastisk.

– Korleis blir kvelden?

– Eg skal treffe nokre vennar og kjente og feire med dei, og folk i produksjonen her.

Gledestårer

Den andre finalisten Alexandra Rotan var tydeleg rørt då vinnaren blei annonsert:

– Det er gledestårer! Herregud. Gratulerer Bjørn! For ein mann, for ei stemme. Han har vist meg ei heilt ny side av han som artist, seier Alexandra, som kallar Tomren for ein verdig vinnar.

– Korleis kjennest det å komme på andreplass?

– Det er heilt fantastisk. Eg har fått Noreg til å synge meg på songane mine, og då er eg nøgd.

Ho påpeiker at det er kult at Tomrefjord vinn to år på rad.

Folk på Vik huset i Tomrefjord ser Stjernekamp

Folk på Vik huset i Tomrefjord ser Stjernekamp

Slik reagerer sambygdingen og fjorårets Stjernekampvinnar Knut Marius Djupvik.

– Det kjennes ganske sprøtt. Vi er frå ein ganske liten plass, og vi har halde litt i lag og har halde på med kultur og sang i mange år. At det skulle bli slik, at eg vann i fjor og han i år, det kjennes utruleg spesielt.

– Det er ein augeblink eg aldri kjem til å gløyme, og det trur eg ikkje Tomrefjorden vil heller.

Om det er noko spesielt med vatnet i Tomrefjorden som gjer at dei syng så fint, veit ikkje Knut Marius.

– Foreldra våre kjenner kvarandre og høyrer på den same musikken, så vi har nok blitt prega av det.

Han meiner bygda er flinke til å dyrke unge talent, med eit godt korps- og bandmiljø.

Den tiande finalen

I kveld fekk artistane velje ein låt frå eige repertoar og ein låt som står dei nær. Bjørn Tomren framførte «Mein Vater ist ein Appenzeller» og «I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me)».

Låtane gjekk rett heim hos publikum som stemte Tomren fram som den neste vinnaren i Stjernekampuniverset.

NRK sin meldar Espen Borge omtala Tomren som ein litt utypisk Stjernekampdeltakar førre veke. Tomren sjølv har blitt overraska og overvelda over at so mange har stemt på han, og synest det er kjekt å kunne gjere stas på fjorden og nabolaget sitt.

Bygda har møtt fram på Vik-huset for å heie på Bjørn Tomren.

Sambygdingane har møtt fram på Vik-huset for å heie på Bjørn Tomren.

Foto: Tore Ellingseter / nrk

Tomren er frå Tomrefjord i Møre og Romsdal, ei bygd med litt meir enn 1100 innbyggjarar. Ja, det er same stad som fjorårets vinnar, Knut Marius Djupvik er frå. Etter to sigrar på rad i Stjernekamp er Tomrefjord i ferd med å bli kjent som Stjernekamp-bygda. NRK var tilstades hos heiagjengen til Bjørn.

– Det er heilt fantastisk eg er så stolt av å kome herifrå. Bjørn er eit stort forbilde, sa Ruben Gimmestad Emblem som følgde med på sendinga frå Tømrefjord.

Korleis var det då de høyrde han vann?

– Det eksploderte inni meg. Det var heilt utruleg.

Kompisane Ruben Gimmestad Emblem og Thomas Augdal heldt rundt kvarandre medan dei venta på at vinnaren skulle bli kåra.

Kompisane Ruben Gimmestad Emblem og Thomas Augdal heldt rundt kvarandre medan dei venta på at vinnaren skulle bli kåra.

Foto: tore ellingseter / nrk

Unn-Hege Sundet hadde også møtt opp for å heie på bygda sin store son. Ho er svært kry, og påpeikar kor spesielt det er at nokon frå bygda har vunne to år på rad.

– Det visert kor høgt vi set kultur her. Vi er ei lokalbefolkning som verkeleg heiar fram våre eigne som prøvar å lukkast ute i den store verda.

Ho seier Tomren har vore akkurat slik som han er på tv kvar gong ho har møtt han.

– Han er stille og gjer ikkje noko stort nummer ut at seg, seier Sundet.

Ei reise frå joik til latinsk pop

Her er nokre av høgdepunkta frå Bjørn Tomren si ti veker lange Stjernekampreise.

Bjørn Tomren imponerte med god stemmekontroll då han jodla i første episode av Stjernekamp i august.

Då han framførte den norske folketonen «Eg er framand» med innslag av strupesong, brast mentor Maria Mena i tårer.

Fra Stjernekamp 2021, episode 3, Norsk på norsk.

I den sjuande episoden stod mellom anna Latinpop på menyen. Då song Tomren Bésame Mucho.

Bjørn Tomren under generalprøvene for Stjernekamp 2021, 9. oktober. Kategorien er lationpop.

Har samla dei største stjernene i ti år

I ti år har dei største norske artistane kjempa om å vinne tittelen som årets ultimate entertainer. I kveld var det strupesongaren Bjørn Tomren og tidlegare MGP-vinnar Alexandra Rotan som stod att i Stjernekampfinalen etter å ha imponert både dommarane og folket med å opptre i 13 ulike sjangrar.

Og det var altso Bjørn Tomren som stakk av med sigeren etter 10 intense veker på Stjernekamp.

– Vi har aldri hatt så forskjellige stjernekampfinalistar før. Begge har gitt utruleg fine musikalske opplevingar, sa Mona B. Riise før finalistane starta med å framføre låtar som representerer dei.

Kveldens dommarpanel bestod av Stjernekamp-veteran Mona B. Riise, fjorårets Stjernekampvinnar Knut Marius Djupvik og KK-redaktør Ingeborg Heldal.

Her kan du lese NRK sin meldar sin dom over låtane.

Høyr kveldens låtar og sjå panelet sin dom

Dei to finalistane starta kvelden på scena saman med dei åtte andre deltakarane frå årets sesong av Stjernekamp.

Opningsnummer: «Glorius» og «Can't Hold Us»

Låtar frå eige repertoar

1. Bjørn Tomren og Heine Bugge: «Mein Vater ist ein Appenzeller»

Tomren hadde med seg sin 15-årige kompanjong Heine Bugge på scena, dei kallar seg Polkabjørn og Kleine Heine. Og han jodla sjølvsagt.

– Det er utruleg stas å ha med meg Heine på scena i finalen, vi er som eit gamalt ektepar, sa Tomren før han gjekk på scena.

Sambygdingen Knut Marius Djupvik var i sjokktilstand etter at låten var ferdig.

– For ein duo, for eit samspel og Bjørn for ein teknikk, for ein formidlingsevne, for eit overskot og for ei leikenheit. Eg føler meg blåst av garde kvar gong du spelar den låten. Du er ei stjerne.

2. Alexandra Rotan, Tom Hugo og Fred Buljo: «Venus»

Ho spelte den splitter nye Keiino-låten «Venus», som handlar om å ha trua på at det er nok å berre vere seg sjølv.

– Eg er så takksam til at Stjernekamp har hjelpt meg til å gå ut på scena igjen og stole på at det eg gjer i alle fall er nok. No kan eg synge den låten og meine det.

Dommar Ingeborg Heldal blei overvelda og meinte det var ei fantastisk framføring.

– Eg blir rørt når du viser at det kostar for deg også, sjølv om du gjer det bra veke etter veke. Du må aldri tenke at du ikkje er bra nok, for du er heilt fantastisk.

Finalelåtar

1. Bjørn Tomren: «I Wanna Dance with Somebody (Who Loves Me)»

Det var ein litt nedstrippa og alternativ versjon av Witney Huston-låten publikum fekk høyre når Bjørn skulle synge ei låt som står han nær.

I heimbygda har fleire samla seg for å sjå på finalen, og det er det ikkje tvil i kven dei heiar på.

– Det var Knut Marius som rådde meg til å bli med i Stjernekamp, så no må eg gjere mitt beste for å forsvare æra til Tomrefjord, sa Tomren.

Dommar Heldal er imponert over at hans eigen sære stil har prega alle framføringane han har hatt i Stjernekamp.

– Du tar musikk og får meg til å sjå det på ein heilt annan måte. Og du er aldri kjedeleg. Du overraskar alltid og du er alltid deg sjølv. Det er ei gåve, så Heldal etter at han var ferdig med låten.

2. Alexandra Rotan: «You're the Voice»

Som siste nummer valde Rotan 80-talsklassikaren «You're the Voice».

– Det eg elskar med låten er at den har ein ekstremt viktig bodskap. Den handlar om at alle har ei stemme og at alle har rett til å bruke den.

Ho ønskjer å inspirere folk til å stole på seg sjølv, akkurat slik ho sjølv har starta å gjere etter 10 veker i Stjernekamp.

Salen eksploderte i applaus og jubel då ho song siste strofa i Stjernekamp 2021.

– Du leikar med stemma og har full kontroll og så bygger du det opp og gjer det større og større. Det er så sterkt og inspirerande. Frå fyrste stund viste du kva du kunne og så har du vore som ein kameleon, sa B. Riise om kveldens siste framføring.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.