Tilbodet for å strøyme film heime aldri vore større. Når vi no alle må halde oss meir heime – kvifor ikkje nytte anledninga til å sjå ein skikkeleg god barnefilm?
NRKs filmekspertar har henta sine aller beste tips frå arkivet for å hjelpe deg å velje.
Terningkast 6:
Chihiro og heksene
EVENTYRLEG SPENNING: 10 år gamle Chihiro hamnar i ei parallell verd av ånder og må mellom anna manøvrere mellom ånder og spøkelse i eit forheksa badehus.
Foto: Arthaus- Aldersgrense: 7 år
- Utgitt: 2001
- Terningkast: 6
– Ei openberring av eit eventyr! skreiv ein begeistra filmkritikar Birger Vestmo i Filmpolitiet då han anmeldte filmen:
«Asbjørnsen og Moe ville ha elska den japanske teiknefilmen Chihiro og heksene! Filmen byr på så fargerik fantasi og åndeleg spenning at eg vart soge inn i eventyret og håpa det aldri vart verken snipp, snapp eller snute! Rett og slett ein av tidenes beste teiknefilmar (...). Norske foreldre MÅ utsetje barna sine for Chihiro og heksene!»
Tilgjengeleg på Netflix.
Skjønnheten og udyret
KLASSISK EVENTYR: Vakre Belle er fanga på eit slott med udyret, som eigentleg er ein vakker prins.
Foto: Walt Disney Pictures- Aldersgrense: 7 år
- Utgitt: 1991
- Terningkast: 6
– Ein av mine teiknefilm-favorittar frå Walt Disney! skreiv Vestmo då filmen kom på Blu-ray med diverse ekstramateriale i 2010:
«Skjønnheten og udyret er ein perfekt Disney-film. Eg kan sjå den gong på gong og aldri bli lei! Den er tidlaus, passar for alle og har musikk som eg kan gå og plystre på når eg trenger noko lystig å tenke på.»
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester. Men har du Blu-ray-utgåva, så er den ekstra anbefalt av Vestmo.
Min nabo Totoro
MILJØ OG FANTASI: Med ein smart innpakka miljøbodskap og stor fantasi skildrar filmen historia om to små jenter som møter skogsguden Totoro medan dei ventar på at mora skal kome heim frå sjukehuset.
Foto: Arthaus- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 1988
- Terningkast: 6
– Japansk animefilm på sitt beste! sto det å lese i Filmpolitiets anmeldelse av den no 32 år gamle japanske teiknefilmen då den kom på kino med norsk tale i 2007:
«Filmen er ei perle frå Japan som fortel ei heilt annleis historie med den friskaste, mest ærlege og treffande skildringa av ungar eg har sett. Ei storsjarmerande feiring av ungars fantasi og naturen rundt oss.»
Tilgjengeleg på Netflix.
Løvenes konge
KAMPEN OM TRONA: Vi følger livet til løveungen Simba gjennom sorg, kjærleik og kamp.
Foto: The Walt Disney Company Nordic- Aldersgrense: 7 år
- Utgitt: 1994
- Terningkast: 6
Ifølge Filmpolitiet har klassikaren «Løvenes konge», som kom i 1994, «(...) tolt tidas tann godt. Dette er nemleg ein fantastisk familiefilm med episk dramatikk, stor humor og eventyrleg forteljarglede!» (Denne anmeldelsen er rett nok frå då filmen kom i 3D på kino i 2012, men sjølve filmen er den same som originalen frå 1994. Journ.merk.)
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Terningkast 5:
Toy Story 4
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2019
- Terningkast: 5
«Historieforteljinga flyt som ein draum», skreiv Filmpolitiets Birger Vestmo i anmeldelsen.
Og har du ikkje sett forgjengarane Toy Story 1-3, så er desse også verdt å sjå, ifølge NRKs filmkritikarar.
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Rive-Rolf krasjer internett
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2019
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Har ein av dei råaste Disney-prinsessene».
Tilgjengeleg på Viaplay og digitale filmleigetenester.
De utrolige 2
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2018
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Frisk, sprek og oppfinnsam oppfølgar».
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Kutoppen
- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 2018
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ei lita sjarmbombe av eit gårdseventyr.»
Tilgjengeleg på Viaplay (abonnement) og digitale filmleigetenester.
Paddington 2
- Aldersgrense: 6
- Utgitt: 2018
- Terningkast 5
Anmeldelse: «Strålande familiefilm som morar og underheld».
Tilgjengeleg på Netflix og digitale filmleigetenester.
Vaiana
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2017
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ein familievennleg fulltreffar!»
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Jungelboken
- Aldersgrense: 9 år
- Utgitt: 2016
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ei fortreffeleg eventyrstund».
NB: Merk aldersgrensa, passar ikkje for dei minste barna.
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Innsiden ut
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2015
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Pixar i praktslag!»
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Eventyret om Askepott
- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 2015
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Storslagen og overdådig hyllest til det gamle eventyret».
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Sauen Shaun
- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 2015
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Festleg feelgood om stagnert kjærleik mellom bonde og saueflokk.»
Tilgjengeleg på Netflix og digitale filmleigetenester.
Sauen Shaun filmen: Farmageddon
- Aldersgrense: 6 år
- Utgitt: 2019
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Familievennleg X-Files på garden».
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Karsten og Petra på vinterferie
- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 2014
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ein draumefilm for alle små barn – og foreldra deira!»
Tilgjengeleg på NRK TV (delt inn i episodar) og digitale filmleigetenester.
Hokus Pokus Albert Åberg
- Aldersgrense: alle
- Utgitt: 2013
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ei skjønn og sjarmerande oppdatering av ein kjær figur, perfekt moro for dei minste kinogjengarane!»
Tilgjengeleg på Netflix og digitale filmleigetenester.
Piratene!
- Aldersgrense: 7 år
- Utgitt: 2012
- Terningkast: 5
Anmeldelse: «Ei ramsalt røvarhistorie med overskot av fart og humor!»
Tilgjengeleg på digitale filmleigetenester.
Endring publisert 12. november. Referanser til hjemmeskole og hjemmebarnehage er fjernet.