Hopp til innhold

«God kveld» for siste gong

NRK-veteran Einar Lunde var den første som starta Dagsrevyen med å ønskje «God kveld».

Einar Lunde - 1981

Einar bak kamera i 1981.

Foto: Løchen, Per / SCANPIX

I dag er det siste gong han gjer det i Dagsrevyen etter å ha gjort det i 40 år – uansett kor dårlege nyheiter han skal presentere for dei som ser på.

Det er inga sjølvfølge at sjåarane blir helsa:

– Det var ein debatt som gjekk i fleire år. Herrane sa «God kveld», medan kvinnene nekta, fortel Einar.

Onsdag kl. 12 stiller Einar Lunde i nettmøte på NRK.no. Still spørsmål og send din hilsen allerede nå.

Buse ut med dårlig nytt

Debatten handla om korleis det var mogleg å starte ei sending med ei gladhelsing, når det som kom etterpå berre var meldingar om krig og elende. Einar argumenterte imot:

– Om du skulle gå med eit dødsbodskap til nokon, korleis ville du helse dei? Ville du berre buse ut med det, eller ville du helse først?

Nyheitssjefen var samd i at ei helsing var på sin plass, og sidan har Dagsrevyen starta med ei «God kveld»-helsing uansett kor mykje dårleg nytt som venta etterpå.

– Og det håpar eg de held fram med, seier Lunde og vender seg til kollegaene Knut Olsen, Nina Owing, Atle Bjurstrøm, Ingerid Stenvold, Ingvild Bryn og Jarle Roheim Håkonsen.

På lønningslista som ni-åring

Siste programleiarmøte for Einar Lunde

- Ikkje gjer deg til. Du skjenker kaffi berre fordi pressa er til stades, tullar kollegaene på siste programleiarmøte for Einar.

Foto: Jørund Hessevik / NRK

Det er 57 år sidan Einar fekk sitt første møte med NRK. Då kom han flyttande med familien frå Stavanger og var ni år gammal.

– Mitt aller første NRK-minne er frå Radioresepsjonen. Eg synest det var heilt fantastisk å kome inn i dette store, flotte, kvite huset på Marienlyst, som var fullt av marmor og ting eg aldri hadde sett før, fortel Einar

Han skulle prøvesynge for «Sølvguttene».

– Det endte med at eg vart teken opp i koret og var med der i to og eit halvt til tre år, fram til eg kom i stemmeskiftet. Vi fekk lommepengar - 50 kroner kvar månad. Det var ei formue i 1953, fortel han.

Tilbake frå framtida

Etter artium reiste han til USA for å studere. Der fekk han sitt eige radioprogram, og gneisten i han var tend.

– Eg var teknikar, nyheitsredaktør, nyheitsopplesar og intervjuar og var disc-jockey samtidig. Dette var i 1961 og vi dreiv sjølvkøyr lenge før nokon tenkte på slikt i Noreg, seier Einar.

Radiointeressa hadde han med seg frå far sin Sigurd Lunde, som vart henta inn for å byggje opp den religiøse avdelinga i NRK.

– Og dermed fekk eg eit innblikk i NRK-miljøet. Både det og journalistikken i seg sjølv, vart eg veldig nysgjerrig på, fortel Einar.

Tilbake frå USA var vegen kort inn på Marienlyst igjen.

Bakoversveis «de luxe»

Einar Lunde vart tildelt Lyttarprisen av Riksmålsforbundet i 2006

Einar Lunde vart tildelt Lyttarprisen av Riksmålsforbundet i 2006.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX
Einar Lunde i sminken på NRK

I sminken på NRK.

Foto: Line Snekvik/NRK

Etter tre år som sommarvikar mellom 1968 og 1970 fekk Einar fast jobb i Dagsrevyen.

Andre dag i den nye jobben fekk han beskjed om at Dagsrevyen skulle leggast om. Frå då av skulle ikkje alle lenger gjere alt. Dei som jobba der, skulle delast inn i spesialgrupper.

Einar skulle inn i programleiargruppa, som ein av fire med ansvar for alle nyheitssendingane i fjernsynet.

– Eg fekk bakoversveis de luxe. Eg hadde ikkje tenkt den tanken i det heile, sidan eg nettopp hadde starta, fortel Einar.

Stemma hans var kjend for det norske folk. Han hadde lese sidekommentarane i Dagsrevyen tidlegare. Men no skulle ansiktet også bli vist på fjernsyn.

25. september 1970 var han programleiar for si første kveldsnyttssending.

27. september hadde han si første Dagsrevyen-sending, som den første faste programleiar i Dagsrevyen si historie.

– Og det er dette jubileet eg no skal markere. I dag er det nøyaktig 40 år sidan eg hadde mi første Dagsrevyen-sending, seier Einar.

Sluttar i protest

Einar har allereie halde si siste Kveldsnytt-sending. Torsdag 23. september var siste gong at han kunne låse seg inn heime etter ei sein arbeidsøkt i NRK.

– Det er rart å tenke på at eg aldri meir meir skal kome heim etter Kveldsnytt. Det har liksom blitt rutine. Det er ei eiga stemning å sette nøkkelen i døra like før midnatt, som eg aldri meir skal få, seier Einar.

Video LUNDE-MORGENNYTT-270910-WW_MXF_Innboks.MP4

Årsaka til at Lunde valde å seie opp jobben som nyheitsanker i NRK, var at han fekk beskjed om at sideoppdraga for Temareiser Fredrikstad, var i strid med regelverket i NRK.

Sidan 2002 har han vore forelesar for norske turistar i Sør-Afrika, der han har snakka om fortida med apartheid. Einar var sjølv Afrika-korrespondent for NRK frå 1982 til 1986.

Meir «liv» i Dagsrevyen

Ettermiddagsnytt 1973

Ettermiddagsnytt i 1973.

Foto: Knai, Vidar / SCANPIX
Einar Lunde i 1978

Einar Lunde les nyheiter i 1978.

Foto: Knai, Vidar / Scanpix
Einar Lunde og Gry Blekastad Almås i Dagsrevyen

Einar Lunde og Gry Blekastad Almås i Dagsrevyen.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Dei første åra Einar jobba i NRK, vart nyheitene sende frå ei brakke på andre sida av fjernsynshuset. Det skjedde ofte at programleiarane måtte springe frå redaksjonen og over i studio, og det kjentest ifølgje Einar ut som det var ei mil dit.

- Vi kunne komme heseblesende inn i studio og sveitten rann av oss. Inne i studio var det ikkje aircondition slik som det er no, så der var det riktig så varmt i det sterke lyset. Vi hadde ikkje noko form for lesemaskin, så vi måtte ha alt på papir. Og då var det ikkje lett å sjå i kamera heile tida, forel han.

Det var også einsamt. Programleiarane kunne ikkje intervjue folk i studio. Det var ikkje lagt opp til det. Tidlegare var ein heilt åleine i studio under nyheitssendingane, til og med kamera var automatisk. Det var vanskeleg å skape trøkk.

– Då var vi meir nyheitsopplesarar. Sidan har vi blitt ankerpersonar, der vi har gjester i studio, vi intervjuar og flyttar oss rundt. Etter 2000 endra vi også opplegget slik at vi no er to programleiarar. Det hjelp med folk rundt i studio. Då blir det mykje meir liv også i programleiarane, seier Einar.

Hugsar Tutu og Mandela

Einar har mange historier frå sine år som utanrikskorrespondent i Afrika. To historier er av dei beste minna han har frå sitt lange NRK-liv.

I 1984 sat han på kontoret til biskop Desmond Tutu i Sør-Afrika. Dei har dirketelinje til Oslo, og får høyre kunngjeringa frå Nobelinstituttet om at Tutu har fått Fredsprisen.

– Det var heilt utruleg. Han fekk prisen på vegner av heile det sør-afrikanske folket og ikkje minst på vegner av heile staben i kyrkjerådet, der han var leiar. Det sør-afrikanske folket var så undertrykte og mentalt torturerte og trakkaserte, at den prisen vart vanvittig viktig i kampen mot apartheid, seier Einar.

Seks år seinare, i 1990, var han den første norske journalisten som fekk møte Nelson Mandela rett etter at han kom ut frå fengsel. Det er noko Einar aldri kjem til å gløyme.

– Det faste, varme handtrykket. Dei augene. Den stemma. Det var som om eg var den einaste som eksisterte i Nelson Mandela sitt univers. Han hadde ein empati og ei evne til å inkludere, som var heilt fantastisk. Eg vart løfta på englevinger der eg stod og heldt han i handa. Det er slike gullaugneblink ein kan leve lenge på.

Plikt å fortelje

Einar Lunde var Afrika-korrespondent for NRK

Frå då Einar var Afrika-korrespondent for NRK.

ANC-leiar Walter Sisulu på Fornebo i 1990

Einar tok imot ANC-leiar Walter Sisulu på Fornebu i 1990.

Foto: Holmberg, Bjørn-Owe / SCANPIX
Einar Lunde samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp

Einar samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp.

Einar Lunde var den norske journaliten som var mest inne i Sør-Afrika under apartheid. Apartheid-regimet hadde han på dødslista, men han klarte seks gonger å lure seg inn for å rapporterte frå landet utan at styresmaktene visste det.

I tillegg var han lovleg inne i landet fire gonger under apartheid.

– Når du har vore eit tidsvitne til noko så alvorleg som den lovmessige rasediskrimineringa som skjedde der, så er eg forplikta til å fortelje det vidare, seier Einar.

Det er det han gjer på sine temareiser. Han tar med seg grupper av norske turistar og viser dei Sør-Afrika si historie, landskapet, kulturen, økonomien og ikkje minst politikken.

– Det var vanskeleg for meg då leiinga bestemte at eg ikkje kunne reise meir. Då måtte eg gjere eit val. Eg valde å slutte i NRK. Og då valde eg å slutte den dagen eg har 40-årsjubileum.

Jubla for Solskjær

Men det er ikkje vondt blod mellom Einar og NRK-leiinga.

– Eg er så full av takksemd og glede over alle desse åra i NRK. Eg har fått lov til å utfalde meg på mange plattformar i mange avdelingar i denne mangfaldige institusjonen. Om eg har nokre nye sjefar som ser annleis på situasjonen, så skal ikkje det vere med på å prege meg i mi takksemd til ein institusjon eg har vore i sidan - eg heldt på å seie - før dei vart fødde.

I arkivet til NRK er det 10.013 treff på Einar Lunde. Dette er program Einar har vore med i, reportasjar han har laga og sendingar han har leia.

Sjå video:

Video Einar Lunde i Dagsrevyen 25.09.2010

Det beste minnet, eller mest morosame, seier Einar, var ein mai-dag 1999. Det var meisterligafinale mellom Manchester United og Bayern Munchen.

– Vi sat og følgde kampen og førebudde sending samtidig. Bayern Munchen leia 1-0 og vi førebudde oss på at dei skulle vinne.

Men Manchester United utlikna til 1-1 like før slutt:

– Og så kjem altså dette vanvittige målet til Ole Gunnar Solskjær. Vi gjekk bananas. Vi hylte og skreik og eg hadde ikkje stemme att då eg kom ned i studio. Vi køyrte det ut på topp, og det var ein jublande Einar Lunde som presenterte Kveldsnytt den kvelden.

– Les til mi gamle mor

Einar Lunde og Ingvild Bryn

Ingvild Bryn er kvinna i mitt yrkesliv, seier Einar.

Foto: Anne Liv Ekroll / Scanpix

Einar har ofte fått spørsmål om han ikkje blir nervøs av at så mange ser på. I monopoltida kunne 2,5 millionar få med seg Dagsrevyen i helgane. Men kor mange som ser på, er det ikkje mogleg å ha eit forhold til.

Det Einar har gjort, er å tenke på kva hans eiga mor vil høyre.

– Eg fortel mi gamle mor om det viktigaste som har skjedd i Noreg og i verda i døgnet som har gått. Då blir det mykje enklare. Og eg skal helse og seie: Ho er rask med å ringe for å rettleie.

Einar gjer seg til i stemma:

Einar, i dag var du for rask på slutten. Eg høyrte ikkje kva du sa, du slukte stavingane og det må vi berre ikkje ha noko av. Og det ordet der. Du må ikkje legge trykket der, du må legge trykket DER. Slikt går berre ikkje an.

– Flotte greier. Det å fortelje ei gammal mor nyheitene, har vore til stor hjelp opp gjennom mange, mange år, seier Einar.

«Sendt er glemt»

Dårlege minner er det mange av. Det har vore mange tragediar, mange krigar, kong Olav døydde, sveltkatastrofer, flaumkatastrofer, tsunami og terrorangrep og mykje meir. Einar ramsar opp.

– Når du har vore gjennom fire tiår i Dagsrevyen, så har det skjedd så vanvittig mykje at sendigane går litt i kvarandre. Og vi seier når kvar sending er over at «Sendt er glemt». Det er alltid neste sending som gjeld.

Snart er det ikkje neste sending lenger. I kveld leiar Einar Dagsrevyen for siste gong. Det gjer han på fridagen sin. Einar har bytta til seg vakta.

– Dette er eit fjernsynsjubileum også. Det er ikkje berre mitt private. Og det er ingen i Noreg som på langt nær har leia så mange nyheitssendingar som eg har gjort, seier han.

– Og det er eg stolt av.

Kulturstrøm

  • 3 mill. til første samiske animasjonsfilm

    Norsk filminstitutt (NFI) melder fredag at animasjonsfilmen «Kunnskapens skog / Daajroen boelte» har fått 3 millioner i produksjonstilskudd.

    Ifølge NFI handler filmen om søsknene Anta og Bräjta som følger nordlyset til den parallelle verdenen Saajve

    Totalbudsjettet på den svensk-norske samproduksjonen er på nær 23 millioner kroner.

    Oskar Östergren Njajta står for regi og manus og produksjonsselskapet Krystallplaneten i Tromsø er med fra norsk side.

    Ifølge NTB blir dette historiens første animerte samiske langfilm. Den har planlagt premiere i 2026.

    «Kunnskapens skog» / «Daajroen boelte»er tidenes første samiske animerte langfilm.
    Foto: Bautafilm
  • Israel skjerper reiserådet til Malmö

    Israelske myndigheter har skjerpet reiserådet til Malmö i forbindelse med Eurovision.

    Det skriver Israel National News.

    Reiserådet er oppgradert fra 2 til 3. Det tidligere nivået innebærer at det eksisterer en «mulig trussel», mens det nye nivået innebærer en moderat trussel. Det betyr også at israelere som har planlagt å reise til Malmö, bør revurdere om turen er nødvendig.

    Det forhøyede nivået gjelder i perioden når Eurovision arrangeres i byen.

    (NTB)

  • Ingen palestinske flagg under Eurovision

    Publikum får ikke lov til å ta med palestinske flagg eller skilt med politiske budskap.

    Kun mindre flagg tilhørende deltakende land tillates, samt Pride-flagget.

    – Disse reglene er som året før. Det er ingen forandring, sier den svenske EBU-sjefen Martin Österdahl.

    Det ventes mange demonstrasjoner mot Israels deltakelse i Eurovision Song Contest (ESC) på grunn av landets krigføring i Gaza.

    Sikkerhetsoppbudet rundt arrangementet 7.–11. mai er svært omfattende.

    Vekterne som skal slippe inn publikum, har fått instrukser om å stanse folk med palestinske flagg samt skilter med politiske budskap.

    -
    Foto: AFP