Hopp til innhold

Lagar sine eigne operakulisser

Hamida Kristoffersen (25) laga like godt sine eigne kulissar då ho skulle synge frå operaen «Otello» på masterkonsert. No førebur ho seg til sommarens store konkurransar.

Hamida Kristoffersen

Hamida Kristoffersen førebur seg til masterkonsert ved musikkonservatoriet i Tromsø. Lærar Anne-Lise Sollied Allemano til venstre.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Hamida Maryam Kristoffersen frå Bjarkøy i Troms kan stå over for eit gjennombrot denne sommaren: I byrjinga av juli tek ho del i den prestisjetunge Belvedere-konkurransen i Amsterdam, og i august er ho klar for Dronning Sonja-konkurransen i Oslo.

Les: Høyr dei nye norske stemmene

Høyr: Radioreportasje om Hamida Kristoffersen

– Ho førebur seg 24 timar i døgnet

Sjølv med store konkurransar i kikkerten tek Hamida slett ikkje lett på masterkonserten sin ved konservatoriet i Tromsø. Når eg møter henne nokre timer i forkant er ho ein smule stressa, om ikkje over sjølve songen:

– Vi har prøvd å få til scenen frå Verdis «Otello» med rekvisittar, så det har blitt litt stress for å flytte og få på plass ei gammal seng, gamle teppe, bord og stearinlys, fortel Hamida Kristoffersen.

– Ho førebur seg 24 timar i døgnet på det ho skal gjere, fortel Anne-Lise Sollied Allemano, som er songlæraren hennar i Tromsø.

– Ho er i musikken heile tida og syng verkeleg med hjartet – det kan bli hennar varemerke. Eg trur ho vil etablere seg mellom dei fremste lyriske sopranane i landet.

– Det som skjer på scenen er jo eit enormt drama

Det blir nok av utfordringar før alt står klart på scenen. Men når konserten vel er i gang, ligg stemninga i rommet atskilleg nærare Otellos middelhav og mellomalder – med italienske Carlo Allemano i rolla som Otello.

– Ein kan undre seg over kvifor eg slit og sveittar for å synge eit halvtimes operautdrag på ein konsert som dette, seier Hamida når det heile er over.

– Men eg gjer det ikkje berre for publikum, eg gjer det også for meg sjølv. Med rekvisittar og kostyme blir det ei heilt anna oppleving for meg, enn om eg berre skulle stå rett opp og ned og synge – det som skjer på scenen er jo eit enormt drama!

Carlo Allemano og Hamida Kristoffersen

Carlo Allemano og Hamida Kristoffersen under eksamenskonserten.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Slo gjennom i nord som Mimi

Hamida Kristoffersen har allereie markert seg på operascenen: «Et stjerneskudd landet i Tromsø» var overskrifta då Nordlys melde Nordnorsk Operas framsyning av «La bohème» våren 2012.

«Ei ny stjerne er tent på den norske operahimmelen. Og jeg er sikker på at den vil vandre og lande på en rekke internasjonale operascener rundt om i verden.» skreiv Bjørn H. Larssen i meldinga av premieren i Tromsø.

– Hamida har ein spesielt varm og vakker, lyrisk sopran, seier Katharina Jakhelln Semb, operasjefen ved Nordnorsk Opera.

– Men det som verkeleg får henne til å skilje seg ut, er ei uttrykksfylde som går rett i hjartet på deg.

Sjå og høyr Hamida som Mimi ved Nordnorsk Opera:

– Opera kan få den sterkaste mann til å gråte

Hamida Kristoffersen vaks opp på Bjarkøy utanfor Harstad, med ein handfull elevar i klassen og ifølgje seg sjølv utan påfallande songtalent i barneåra. Det endra seg då ho song Lennons «Happy Xmas» med skulekoret som tolvåring:

– Eg hadde aldri tenkt over at eg var flink til å synge, men etter julekonserten kom folk bort til meg og sa det, så då byrja eg å ta det på alvor.

Det skulle ta ein del år før ho følte seg vel om å synge klassiske songar og opera:

– Det var først då eg på konservatoriet fekk til å synge dei ariane eg sjølv syntest var fine, og som gjerne var triste og lidande, at det føltest riktig for meg. Og det har betydd svært mykje å få jobbe med musikken scenisk, slik at det handlar om ei historie, og ikkje berre om å stå og vise seg fram.

I dag er ho sjølverklært «operageek» og kan bruke timevis på å snakke om musikk og songarar ho likar, om ho finn ein likesinna. Samstundes har ho stor overtyding om operaens evne til å berøre kven som helst:

– Opera gjort på rett måte kan få den sterkaste mann til å gråte. Og det veit eg, for det gjer stefaren min, og han er sterk!

Kulturstrøm

  • Tre norske er nominert til Nordisk Råds barn- og ungdomslitteraturpris

    Grøssaren «Udyr» av Ingvild Bjerkeland og høgtlesingsboka «Oskar og eg» av Maria Parr og illustratør Åshild Irgens nominert frå Noreg.

    I tillegg er Saia Stueng frå Karasjok nominert for ungdomsromanen «Hamburgerprinseassa – Eallá dušše oktii» i kategorien for det samiske språkområdet.

    Totalt 14 nordiske biletebøker, barnebøker og ungdomsromanar nominerte til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2024.

    Fleire av dei nominerte tek for seg eksistensielle spørsmål om livet og døden. Eit anna tema som går att er menneska sin relasjon til naturen.

    Vinnaren vert offentleggjort 22. oktober.

    Montasje forfatterportrett Maria Parr og coveret til barneboka Oskar og eg
    Foto: Samlaget/Jula Marie Nagelstad
  • Tungtvann feirer 25-årsjubileum i Operaen

    I år er det 25 år siden Tungtvann slapp sin første EP «Reinspikka Hip Hop».

    Det feirer de med å opptre på Operaen i Oslo.

    15. september blir det nemlig nordnorsk rap på menyen i hovedstadens storstue. Kringkastingsorkestret (KORK) blir også med på feiringen.

    I tillegg er hiphop-profiler som Petter, Jaa9 & OnklP, Lars Vaular, Oscar Blesson, Tyr, Grim Pil og Rambow invitert til jubileet.

    – Med den line-upen vi har så lurer jeg på om operaen er stor nok til å huse oss, sier Jørgen Nordeng i en pressemelding.

    – Sånn rent publikumsmessig, understreker han.

    Nordnorske Tungtvann er regnet for å være de første til å lykkes med rap på norsk.

    – Da vi begynte var det for å bevise at det gikk an. Vi følte at det meste vi hadde hørt av norsk rap ikke hørtes ut som hiphop, sier Nordeng.

    Arrangementet er i regi av Bodø2024.

    – Grunnen til at vi ønsker å gjøre det i Oslo, som den eneste produksjonen vi gjennomfører der, er at dette fenomenet funker på norsk takket være nordlendinger. Da gir det mening å ta det til hovedstaden, forteller programsjef Henrik Sand Dagfinrud

    Tungtvann opptrer på operaen 15. september
    Foto: Tarjei Krogh
  • Fleire artistar droppar Eurovision-arrangement

    Artistane Dotter og Titiyo skulle opptredd i Eurovision Village, men har no trekt seg. Det melder NTB.

    Eurovision Village er det offisielle festivalområdet knytt til Eurovision i Sverige. Der skal det vere fleire konsertar og arrangement frå 4. til 11. mai. Fleire av dei som skal opptre har trekt seg frå arrangementa.

    Bookingansvarleg for Titiyo skriv at «logistiske årsaker» er årsaka til at artisten ikkje speler. Dotter har fått fleire oppfordringar til å boikotte Eurovision på Instagram, fordi Israel deltek, skriv NTB.