Hopp til innhold

– Milliardkutt vil gå utover viking­gjenstandane

Milliardkutt kan føre til at viking­gjenstandane står i fare. Det hevdar Statsbygg og UiO i ein ny rapport.

Vikingtidsmuseet

NYTT MUSEUM: Det nye Vikingtidsmuseet kjem ikkje til å slikt ut om det skal byggast innanfor budsjett, ifølge ny rapport.

Foto: AART Architects/Statsbygg

– Eit vengjeklipt Vikingtidsmuseum.

Det seier museumsdirektør Håkon Glørstad om kostnadskutta Universitetet i Oslo og Statsbygg måtte legga fram i ein ny rapport til Kunnskaps­departementet.

Bakgrunnen for rapporten er at departementet ønsker at det nye museet på Bygdøy blir gjennomført til ein prislapp på 2,4 milliardar kronar.

Slik det var planlagt låg museet an til å sprenga den ramma med om lag ein milliard kronar.

Museumsdirektør for Vikingtidshuset Håkon Glørstad foran Osebergskipet

BEKYMRA: Direktør for Kulturhistorisk museum, Håkon Glørstad, er uroleg for at usikkerheita rundt Vikingtidsmuseet vil gå utover sikkerheita til vikinggjenstandane.

Foto: Petter Sommer / NRK

I rapporten blir tre alternativ lagde fram, basert på det opphavlege konseptet.

Det billigaste av dei overskrid budsjettet med over 600 millionar kronar.

– Ein risikerer å sitta igjen med eit svært redusert museumsbygg utan å ha lykkast med innsparingar, seier Glørstad.

I rapporten blir det konkludert med at prosjektet sitt mål om å sikra dei uerstattelege kulturhistoriske gjenstandane for ettertida blir krevjande.

– Det er urealistisk med drastiske kostnadsreduksjonar i det noverande prosjektet, seier Glørstad.

I samband med kuttkravet bestilte Kunnskapdepartementet ein uavhengig rapport for å vurdera prosjektet og kuttforslaga.

I rapporten seier Holte Consulting seg einig med Glørstad.

Der er vurderinga at konseptet ikkje kan gjennomførast innanfor budsjett viss ein både skal sikra gjenstandane og gi god tilgang til publikum.

Eit fjerde alternativ som blir lagt fram i rapporten kan gjennomførast innanfor budsjett, men inneber eit heilt nytt konsept og auka risiko for vikingsamlinga si sikkerheit.

Dette fordi alternativet vil forseinka det nye museet med tre til fem år.

Dette er i konflikt med ei internasjonal ekspertgruppe si sterke anbefaling.

I 2012 peika dei på eit umiddelbart behov for å sikra vikingskipa betre enn det tilfellet var i det dåverande Vikingskiphuset.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska