Hør i nettradio:
Fosse har sidan 80-talet vore ein av dei fremste og mest produktive forfattarane i norsk litteratur og moderne dramatikk.
Trass i lovord og ein lang rekke norske og internasjonale prisar, er Fosse ein audmjuk mann.
– Skal eg skriva brukbart så må det vera større enn meg, for eg er berre liten og idiotisk, seier han.
– Dei kan halde kjeft!
Fosse omtalar seg sjølv som ein tidleg rebell.
– Eg var ein slags hippie frå Hardanger, med hår til langt nedpå magen. Nokon enkel mann har eg nok aldri vore, seier han.
Dei krasse kommentarane sitt framleis laust når forfattaren snakkar om ein av sine hjartesaker.
– Desse ytringsfridoms-snakkarane i Noregs land som ikkje let nynorsk-folk få skriva sitt eige språk i sitt eige land dei kan berre halda kjeft!
Pannekaker og depresjon
I programmet steiker Fosse pannekaker og pratar om alt frå mac og matlaging til depresjon. Han skildrar seg sjølv som ei skiftande sjel som har fått sin del av tungsinn og depresjon.
- Eg har en grunnleggjande depressiv legning. Melankolien og vemodet kan eg nyta, men depresjonen har eg ingenting godt å seia om, seier Jon Fosse til Radiodokumentaren.
- Eg har fått min del av det vonde tungsinnet og depresjonen, seier Jon Fosse.
Ibsen og Fosse
Sidan Fosse teaterdebuterte med dramaet Og aldri skal vi skiljast i 1994, har han blitt samanlikna med Henrik Ibsen, og han har blitt kalla ein av Europas viktigaste dramatikarar.
Den vanlegvis mediesky forfattaren har tatt med Radiodokumentaren på hyttetur.
– Eg var så heldig å få vera med til hytta hans i Sogn, og Jon Fosse var overraskande open og ærleg, seier programskapar Mona Vetrhus.
Høyr radiodokumentaren "Jon Fosse. Skjør og voldsom" av Mona Vetrhus, teknisk regi Hilde Rolfsnes, konsulent Kari Hesthamar.
Laurdag 13.11. kl.10.03. Reprise søndag 14.11 kl. 21.03.