Debora Atwood flykter fra stråling.
Foto: Lars E Skrefsrud / NRK

Debora seier ho blir sjuk av stråling

I 18 år har ho isolert seg frå noko styresmaktene ikkje anerkjenner. No er ho redd det snart ikkje er plassar å vere.

I eit hus langt inne i den snødekte Ringsakerskogen i Innlandet bur 65 år gamle Debora Atwood.

Huset ser ut som ei gamal, norsk hytte. Inne knitrar det i peisen.

Gyngestolen med saueskinnsfellen er plassert inst i huset. Lengst mogleg vekk frå mobilmasta. Den står litt over ein kilometer unna.

Der sit Debora med tente stearinlys framfor seg.

Mobiltelefonane våre har vi lagt igjen i bilen, som lova. Vi har dobbeltsjekka at vi ikkje har på oss smartklokker og anna elektronikk. Kameraet og lydopptakaren er fri for sendarar.

Sola slepp så vidt gjennom dei spesiallaga skjermingsgardinene. Dei er vove inn med metalltrådar. Ho seier dei beskyttar henne mot stråling.

Debora seier ho er el-overfølsam. Ho kallar seg ein stråleflyktning.

El-overfølsemd er ikkje ei godkjent diagnose i Noreg. Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet seier dei anerkjenner at denne gruppa har helseplager. Men dei seier det ikkje finst forsking som beviser at det er stråling som gjer dei sjuke.

Dette er Debora si historie. Om korleis ho hamna utanfor samfunnet og innanfor skjermingsgardiner i huset i Ringsakerskogen.

Debora Atwood flykter fra stråling.

Debora

Ho var ein heilt vanleg amerikansk ungdom. Ein cheerleader.

Debora var 18 år då ho kom til Noreg tidleg på 70-talet. Ho hadde forelska seg i ein norsk utvekslingsstudent på high school.

Debora som cheerleader 13 år gammel.

CHEERLEADER: Debora vaks opp i USA. Der har ho framleis ein stor familie. Dei har ho ikkje besøkt sidan ho vart dårleg.

Etter kvart flytta ho til Noreg og busette seg med mannen på Hamar. Debora utdanna seg til tannhelsesekretær. Og ho fekk jobb på tannlegekontor.

Mot slutten av 80-talet begynte det å skje ting ho ikkje greidde å forklare.

Kvar gong lysstoffrøyra i taket var på, følte ho at ho fekk migrene.

Debora som tannlegeassistent

TANNLEGEKONTOR: Debora fortel at det var i jobben som tannlegeassistent at ho først begynte å merke at noko ikkje stemte.

Då ho sette seg framfor dei nye datamaskinene, kjende ho hjartet begynte å hamre og ho vart kvalm.

Ho fekk seg mobiltelefon. Då ho tok den opp til øyret første gongen følte ho at ho vart delvis lamma i venstre side av ansiktet og armen.

Debora spurde dei rundt seg om det var nokon andre som opplevde desse tinga. Det var det ikkje.

Etter kvart som tida gjekk vart ho vand med å tilpasse seg. Ho kvitta seg med mobiltelefonen. Ho slo av lysstoffrøyra på jobben då det var mogleg. Datamaskinene måtte kollegaene ta seg av.

Debora Atwood flykter fra stråling.

Det var mai 2004:

Debora hadde mista mange kilo dei siste månadane. Ho følte seg alvorleg sjuk.

Debora og mannen hadde seld huset i Hamar. Ho greidde ikkje vere i byen meir.

Dei budde i eit hus i Stange. Dei tre ungane var vaksne og hadde flytta ut.

Dottera Adelheid kom heim frå skulen på Notodden.

25 år gamal sat ho i det mørke huset med mor si i fanget. Ho la øyret sitt tett inntil ryggen hennar. Adelheid høyrde hjartet galoppere.

Debora Atwood og datteren

Debora hadde ingen krefter igjen. Men spurte dottera om dei to kunne gjere eit forsøk.

Sove ute den natta.

Adelheid fann ein presenning og liggeunderlag. Dei tok med seg dynene sine ut i skogen og la seg på bakken under presenningen.

Etter den natta i skogen skulle alt endre seg.

Debora Atwood flykter fra stråling.

Styresmaktene

Dei som har ansvar for at vi skal vere beskytta mot stråling i Noreg, er Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA). Dei ligg under Helse- og omsorgsdepartementet.

Dei fortel at vi har grenseverdiar i Noreg for å beskytte oss mot skadelege mengder stråling.

Grenseverdiane seier kor mykje stråling vi kan bli utsett for før det blir skadeleg. Og det er lagt på gode sikkerheitsmarginar.

Det er ulik grense for ulik type stråling.

I denne saka snakkar vi mest om trådlaus kommunikasjon. Slik som mobiltelefonar og wifi. Det går på frekvensar. Og ulike frekvensar har ulik påverknad på kroppen vår.

Når vi snakkar om trådlaus kommunikasjon, er grenseverdien sett for å beskytte oss mot skadeleg oppvarming av vevet i kroppen. Det er det som er den dokumenterte effekten, ifølge DSA. Temperaturen på vevet i kroppen skal ikkje auke med meir enn ein grad. Og her er det lagt på sikkerheitsmarginar, slik at oppvarminga eigentleg blir lågare.

Grenseverdiane for trådlaust utstyr med sendarar

Frekvensområde

Grenseverdi (W/m2) yrkeseksponerte

Grenseverdi (W/m2) befolkning generelt

10 – 400 MHz

10

2

400 – 2000 MHz

10-50

2-10

2 – 300 GHz

50

10

Grenseverdiane, som du ser i tabellen over, varierer ut frå kva frekvensar det er snakk om. Mobiltelefonar i dag går på frekvensane mellom 800 til 2600 megahertz. Nyare teknologi, slik som 5G, skal kanskje bruke høgare frekvensar enn det i framtida.

For befolkninga generelt ligg grenseverdiane femti gonger under det nivået der ein kan få helseeffekt.

Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit, (Nkom) er jamleg ute for å sjekke at grenseverdiane blir følgt. Målingane viser at nivåa ligg på rundt ein tusendel av grenseverdiane.

Du kan sjekke strålinga akkurat der du er på finnsenderen.no.

Grenseverdiane vi har i Noreg er dei som organisasjonen, ICNIRP anbefaler.

Dei fleste vi har snakka med om stråling, seier at det er forska enormt mykje på dette feltet.

Tone-Mette Sjømoen, som er fagdirektør i DSA, seier at ekspertgrupper årleg går gjennom all forskinga. Ho fortel at det finst studiar som viser at stråling kan ha negativ helseeffekt. Men at det er så mange fleire som ikkje har funne bevis for det.

Og ein kan ikkje konkludere om helserisiko berre ut frå enkeltstudiar.

– Du kan ikkje ut frå forsking sete to strekar under svaret og seie at dette er heilt ufarleg. Men med den omfattande forskinga som er, så er det ikkje vist at det er skadeleg så lenge ein ligg under grenseverdiane, seier Tone-Mette Sjømoen i DSA.

Det same seier Dag Eide. Han er forskar i Folkehelseinstituttet.

Han fortel om eit studie som vart gjort i USA. Dei eksponerte rotter og mus for elektromagnetiske felt 18 timar i døgnet i to år. Hos dei rottene som vart eksponert for mest, kunne ein antyde ein liten risiko for kreft.

Men eksponeringa var på eit nivå over grenseverdiane.

For sjølv om ein kan sjå at celler i kroppen kan bli oppvarma, så kan ein ikkje måle at det gir skader. Cellene reparerer seg igjen.

Dei fleste land i vesten følger ICNIRP, slik som oss. Men nokon av våre naboland har ekstra føre-var-reglar. Frankrike har forbod mot trådlaust utstyr i barnehagen. Salzburg-regionen i Austerrike har innført kabla internett i skulen i staden for det trådlause.

Tone-Mette Sjømoen i DSA seier ho får spørsmål frå kommunar i Noreg om det er trygt å legge opp til trådlaust internett i skulen. Ho svarar dei at det er bortkasta pengar å kable nettet. Det er trygt.

Og på spørsmål om kva Debora og andre lid av om det ikkje er stråling, seier Sjømoen:

– Dei som er sjuke bør gå til legen. Det er legen som skal stille diagnosar.

Den nysgjerrige legen

Mot slutten av 80-talet fekk Debora ny fastlege. Eli-Anne Torp. Ho var nysgjerrig på det innanfor medisinen ein ikkje hadde forklaringane på.

Til dømes hadde fleire pasientar kome til henne med diffuse plager etter tannlegebesøk. Dei hadde fått fylt tennene med kvikksølvblandinga amalgam. Pasientane sa til Eli-Anne at dei ikkje hadde blitt trudd.

Men no er det ikkje nokon som fyller hol i tenner med amalgam lengre.

Debora fortalde kva som skjedde med henne. Ho fortalde om lysstoffrøyra og datamaskinene på tannlegekontoret. Og at ho følte seg dårleg i nærleiken av mobiltelefonar.

Interessant, tenkte Eli-Anne.

Eli Anne Torp

Legen hugsar pasienten sin som ei flott, ung kvinne. Debora ønska ikkje å vere sjuk, seier ho. Eli-Anne har nesten aldri treft menneske som ønsker å vere sjuke. Dei vil jobbe. Dei vil vere i farta og ta del i samfunnet, seier ho.

Ho har opplevd å møte pasientar der ho har sett teikna som fortel at ho skal vere skeptisk til det dei fortel. Nokon hamnar inn under psykiatrien.

Men Debora var truverdig, fortel legen. Ho seier det ikkje var nokon grunn til å ikkje tru på det ho fortalde.

Eli-Anne meiner grensene mellom fysiske og psykiske plager blir mindre bastante, jo meir kunnskap ein får.

Det er vist at ein kan merke betring i helsa med det som kallast placeboeffekten. Nocebo-effekt er det motsette. At ein kan tenke seg til ei forverring i helsa.

Men legen samanliknar el-overfølsemd med allergi.

– Held ein seg unna det ein er allergisk mot, så er ein frisk. Akkurat den same forteljinga hadde Debora. Ho var frisk så lenge ho held seg unna plassar med elektromagnetiske stråler, seier Torp.

Debora hadde amalgamfyllingar i tennene som vart fjerna i 2004. Ho trur det kan vere ein medverkande årsak til at ho er blitt dårleg.

Ho har fått høyre at ho bør greiast ut psykisk. Ho fortel at ho hadde kontakt med eit psykiatrisk sjukehus, som sa det ikkje var noko dei kunne gjere for henne.

Då alt endra seg

Den dagen i mai i 2004, vakna Debora og dottera Adelheid opp under presenningen i skogen.

Der hadde hjartet til Debora roa seg ned. Ho hadde sove gjennom heile natta.

Ho bestemte seg for at ho ikkje ville flytte inn igjen i huset sitt.

Debora fekk låne eit lite telt av ei venninne.

Då hausten kom og det begynte å bli kaldare fekk Debora tak i ein campingvogn. Familien vart med for å fylle plastposar med isolasjon og legge utanpå, slik at ho kunne bu der gjennom vinteren.

Der sov ho på saueskinn med varmeflasker og dyner.

Debora og campingvogna

UTE: Då Debora budde utandørs i ei lang periode laga ho seg mat på eit enkelt gassbluss. Familie og venner kom på besøk med varer til henne.

Etter å ha levd nesten eit og eit halvt år utandørs, vekk frå det ho følte gjorde henne sjuk, kjende Debora seg mykje sterkare. Ho fann seg eit hus der ho kunne å bu.

Ho engasjerte seg i foreininga for el-overfølsame. Og bestemte seg for å gjere det ho kunne for å hjelpe andre som henne.

Andre «stråleflyktningar», som ho kallar det.

Debora begynte å opne heimen sin. Og hjelpte dei å finne andre plassar å bu permanent.

Therese

Therese Lucile Engh er ein av stråleflyktningane som har vore hos Debora.

Vi besøker Therese i det vesle gule huset ho bur i no. Det ligg midt på eit jorde i Enebakk i Akershus.

Dei store vindauga er dekt med gardiner med metalltrådar som skal halde ute strålinga.

Therese seier ho nesten ikkje kan gå ut utan å bli dårleg. Ho går ikkje i butikken for å handle. Eller på treningssenter.

– Eg saknar mitt vanlege liv. Å kunne reise på ferie med kjærasten eller besøke familien min. På julaftan samlast dei og eg får ikkje delteke, seier ho.

Therese Lucile Engh er stråleflyktning.

Fram til koparleidningen blir kutta, held ho kontakt med venner gjennom den gamle fasttelefonen. Og ho har fått internett inn via ein kabel gjennom veggen.

Der skriv ho lesarinnlegg som ho sender til avisene. Ho skriv om kor frustrerande det er å få høyre at det ho og andre opplever, er innbilling. At det er ein «noceboeffekt».

Therese seier det følast absurd at nokon meiner ho innbiller seg dette. Kvifor skulle ho leve isolert på denne måten frivillig?

Therese vil kjempe. Kjempe for at myndigheitene skal anerkjenne at det ho lid av er ekte. At dei skal legge til rette for el-overfølsame, slik at ho kan ta større del i samfunnet enn det ho gjer i dag. At ho og andre skal kunne få diagnosen «el-overfølsam» i papira sine.

Ho held fram med å skrive lesarinnlegg til avisene. Ein dag må dei forstå at stråling gjer folk sjuke, seier ho.

Kva blir dei sjuke av?

Styresmaktene seier dei ikkje finn noko i vitskapen som kan tyde på at folk kan bli sjuke av den strålinga vi blir utsett for i Noreg.

Men det finst folk som seier det er stråling som gjer dei sjuke. Foreininga for el-overfølsame har rundt 1000 medlemmar.

Fleire av dei ønsker å få ei godkjent diagnose. Foreininga meiner det er mange som står med «feil» diagnose i helsesystemet.

Lillian Leknes, som er seniorrådgjevar i Helsedirektoratet fortel at i Noreg følger vi diagnosesystemet ICD-10. Det er utvikla av Verdas helseorganisasjon. Der finst ikkje el-overfølsemd som ei diagnose.

Ho seier det ikkje finst vitskapleg grunnlag for å skulle legge betre til rette for denne gruppa, ved å skjerme dei meir for eksponering av elektromagnetiske felt.

Men Helsedirektoratet følger med på denne «tilstanden», el-overfølsemd. Dei anerkjenner at denne gruppa har helseplager. Men kva som er årsaka, har dei andre teoriar om.

– Det kan vere ei rekke påverknader som utløyser det. Fysisk, psykologisk eller sosialt, seier Lillian Leknes.

Helsedirektoratet følger ein rapport Folkehelseinstituttet laga i 2012. Der er gjeldande vitskapleg kunnskapsgrunnlag samanfatta. Og ein meiner den framleis står seg.

Dag Eide, som er forskar i FHI seier også at ein ikkje kan avvise at Debora og andre el-overfølsame har helseplager.

Og han meiner ikkje det er rett å seie at dei innbiller seg dette.

Biologi er ikkje matematikk, seier han. Han meiner likevel at det ikkje er sjølve strålinga som gir dei helseplager.

Men kanskje kan nokon menneske merke elektromagnetiske felt.

– Det kan vere av ein slik natur at ein tenker over det. Viss ein først bit seg merke i det vil ein gjerne finne forklaringa. Ein kan ikkje utelukke at det er ein effekt, men det er ikkje ein direkte effekt av eksponeringa, seier Dag Eide.

Ringsakerskogen, februar 2021:

I 18 år har Debora prøvd å skjerme seg mot stråling.

Ho meiner strålinga aukar. Og ho er redd ho snart ikkje kan vere i huset i Ringsakerskogen heller.

Snart skal 5G rullast ut i distrikta. Og koparlinja til fasttelefonen blir kutta.

Debora Atwood flykter fra stråling. Telefonen hennes er ombygd og lyden går med luft til røret.

LUFTSLANGE-TELEFON: Ein slange overfører lyden i telefonrøyret med luft i staden for gjennom ledningar.

Debora Atwood flykter fra stråling.

MÅLER SEG FRAM: Debora brukar eit måleapparat for å sjå kor mykje stråling det er i området.

Debora Atwood flykter fra stråling. Denne vesten skal beskytte henne.

BESKYTTELSE: Vesten er innvoven med metalltrådar. Ho brukar den for å beskytte seg.

Debora Atwood flykter fra stråling.

SKJERMING: Gardinene som dekkar vindaugene har metalltrådar i seg. Dei seier ho at skjermar ho frå strålinga utafor.

Debora Atwood flykter fra stråling. Hun lager mat på gasskomfyr.

GASS: Den elektriske komfyren er bytta ut med gass.

Nokre kilometer unna huset står ei mobilmast. I pandemiåret har strålinga frå masta blitt sterkare, meiner ho.

Ho seier ho kjenner det på kroppen. Og ho ser det slå ut på måleapparatet sitt.

– Viss strålinga blir for ille vil eg ikkje ha noko anna val enn å bu inne i eit skjermingstelt, seier ho.

Debora Atwood flykter fra stråling.

Telenor, som er ein av dei som brukar denne masta, seier at tusenvis av basestasjonar i Noreg har fått auka kapasitet det siste året. Det er fordi mobilbruken har auka med koronapandemien.

Basestasjonen i nærleiken av Debora fekk auka kapasitet i fjor haust.

Men det er vanskeleg å seie om strålinga har auka. Dei er uansett ikkje auka så mykje, fortel dekningsdirektør, Bjørn Amundsen i Telenor.

Debora seier ho ikkje er redd teknologien. Ho forstår behovet for utvikling. Men meiner ein må finne ein smartare måte å gjere dette på. Med mindre trådlaust og meir kabling av nett.

Debora skulle ønske ho kunne fått kabla fibernett til huset i Ringsakerskogen. Utviklinga går i feil retning, seier ho.

Men ho har akseptert at livet er slik.

Debora og mannen skilde lag og ho er åleine. Ungane og barnebarna har ho god kontakt med.

Men ho reiser ikkje på feriar, et ikkje på restaurantar. Ho går ikkje på kino eller handlar i butikken sjølv.

Ho har ikkje kunne besøke familien sin i USA. Og ho søv inne i teltet som skal beskytte henne.

Debora aksepterer at ho skal leve livet sitt i huset i skogen.

Det seier ho at ho kan greie. Så lenge det ikkje blir verre.

Debora Atwood flykter fra stråling.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka? Eller tips til andre saker vi bør sjå på?

Eg blir glad for alle innspel på e-post.