Vil ha eigen vassminister

– Det er for mange departement som har ansvaret for vatn- og avlaupsregelverket i Noreg, meiner Norsk Vann. Nå krev dei at det ryddast opp.

toril hofshagen i Norsk Vann

UTFORDRANDE: Toril Hofshagen i Norsk Vann, meiner at kommunane treng meir statleg hjelp for å produsere gode vatn- og avlaupstenester. Ho foreslår ein vassminister.

Foto: NRK

– Vi kunne tenkt oss ein vassminister, seier direktør i interesse- og kompetanseorganisasjon Norsk Vann, Toril Hofshagen.

Per i dag er det elleve departement som har regelverk som er med på å styre produksjonen av vatn- og avlaupstenester i Noreg.

Hofshagen meiner ein del av utfordringa er at ingen av departementa har eit heilskapleg blikk på behov og utfordringar i sektoren.

Norske vatn- og avlaupsanlegg har eit sterkt fornyingsbehov, ifølgje Norsk Vann. Ein ny rapport viser at det må investerast 280 milliardar kroner for å oppgradere norske vatn- og avlaupsanlegg fram til 2040.

Vil modernisere regelverket

Vatn og avlaup er eit kommunalt ansvar. Hofshagen meiner at dei treng meir hjelp frå statlege myndigheiter. Og at ein difor treng ein statsråd som har ansvaret for at regelverket er konsistent, oppdatert og modernisert i samsvar med dagens behov.

– Regelverket treng å verte betre tilpassa frå statleg hald. Til dømes når det gjeld å handtere stadig meir ekstremregn og klimaendringar. Det er behov for å avklare finansiering, ansvar og tiltak, seier Hofshagen.

Ho meiner at det er nødvendig å modernisere regelverket, slik at kommunane kan gjere jobben med meir tydlege rammevilkår.

Ynskjer eit meir samla lovverk

Tore Andreas Larsen

ETTERLYSER: Tore A. Larsen i Maskinentreprenørenes Forbund meiner vi treng ei sektorlov for vatn- og avlaup, altså eit samla lovverk slik som det finst for dei andre infrastruktursektorane.

Foto: Frode Grønmo / NRK

Tore A. Larsen er næringspolitisk rådgjevar i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) og har vore med i referansegruppa til Norsk Vann sin rapport. Han meiner det i dag er vanskeleg å plassere ansvar på statleg nivå.

– Norske vatn og avlaupsnett er i ein dårlegare stand enn det burde vere, og staten tek ikkje eit aktivt leiarskap for å sikre eit minstekrav til kvaliteten på vassnettet, seier Larsen.

Han meiner det trengst eit samla lovverk for vatn og avlaup.

– Det er eit problem når det finst mange lover, men desse ikkje er samla på ein stad som let seg administrere, seier han.

Meir byråkrati

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

SKEPTISK: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) trur ikkje ein vassminister vil hjelpe på situasjonen, men i staden berre føre til meir byråkrati.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Stortingsrepresentant og leiar for Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, er ikkje einig i at vi treng ein vassminister.

– At vi skal ha ei ny statsrådspost med tittelen vassminister blir nok litt for mykje byråkrati, men det kan vere klokt å samle vatn og avlaup under eit departement, seier han.

Stortingsrepresentanten vil gjerne gå ei runde med Norsk Vann for å sjå korleis dei kan rydde opp i ansvarsfordelinga.