Hopp til innhold

Våler-drapet: Sambuaren til avdøde var i huset

Sambuaren til den avdøde mannen seier til politiet at ho var i bustaden da drapet skjedde. Men ho har forklart at ho ikkje har sett sjølve handlinga.

Braskereidfoss Lightroom

ETTERFORSKAR: Politiet har jobba på staden der mannen vart drepen i helga. I dag er det fleire undersøkingar og avhøyr av vitne.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ei kvinne er sikta for drapet.

Den sikta kvinna sa sjølv ja til å bli varetektsfengsla da ho vart framstilt for Østre Innlandet tingrett i dag.

Kvinna blir varetektsfengsla med brev- og besøksforbod, og dessutan medieforbod, i fire veker. Ho er også gitt isolasjon dei to første vekene.

Fengslinga gjekk føre seg som ei kontorforretning, då kvinna samtykka til fengsling.

Retten grunngir fengslinga med at det er fare for bevisøydelegging. Mellom anna viser dei til at den drapssikta kvinna har komme med ulike forklaringar på motivet for ugjerninga.

Kvinna har også erkjent straffskuld etter siktinga, altså for drap.

Forsvarar Frode Aabak seier til NRK at kvinna er veldig prega av hendinga og er i ein fortvila situasjon.

Den drapssikta kvinna sat i avhøyr gjennom heile søndagen, og avhøyra har halde fram i dag.

Les også Kvinne erkjenner straffskyld for drap i Våler

Drap Braskereidfoss

Blir obdusert

Politiadvokat Vibeke Stolp Ekeland i Innlandet politidistrikt, seier at den døde vil bli obdusert.

– Før den mellombels obduksjonsrapporten er klar, kan vi ikkje kan seie noko om dødsårsaka, seier Stolp Ekeland.

Sambuaren til mannen var i huset da drapet skjedde, men det var ikkje ho som varsla politiet. Det gjorde ein kjenning av den sikta kvinna.

Sambuaren vart måndag avhøyrd som vitne. Ho fortalde at ho var i bustaden da drapet skjedde. Ho har fått oppnemnt bistandsadvokat, det er Øyvind Borg.

– Ho er avhøyrd som vitne og har forklart at ho ikkje såg sambuaren bli drepen, seier Ekeland.

Drepen på Braskereidfoss

Kvinna i 50-åra vart pågripen og sikta, etter at ein mann vart funnen drepen i bustaden sin på Braskereidfoss natt til laurdag.

Politiet rykte ut etter at dei fekk melding om ei valdshending litt over midnatt.

Den drapssikta kvinna vart pågripen heime i sin eigen bustad, nokre kilometer unna der mannen vart funnen.

Braskereidfoss Lightroom

Den nå varetektsfengsla kvinna har sjølv erkjent å ha drepe mannen i 50-åra.

Foto: Frode Meskau / NRK

Kjennskap mellom dei to

Den sikta kvinna er ikkje i familie med den drepne. Politiet har så langt lite informasjon om bakteppet for det som har skjedd.

Dei har beslaglagt ein mobiltelefon og gjenstandar som kan knytast til drapshandlinga.

– Det er tidleg i etterforskinga, men vi har ei oversikt som tyder på at det har vore ein kjennskap mellom dei to involverte, seier politiinspektør Henning Klauseie.

Krisestab

Våler kommune sette krisestab etter at drapet vart kjent. Det bur berre 257 personar på den vesle tettstaden der drapet skjedde.

– Vi synest dette er frykteleg trist, sa ordførar Harry Vinje til NRK i helga. Han oppmoda alle til å ta vare på kvarandre og unngå å spreie rykte.

Harry Vinje, ordfører i Våler(H)

Ordførar Harry Vinje oppmodar folk i bygda til å ikkje spreie rykte rundt drapet.

Foto: Frode Meskau / NRK

Flere saker fra Innlandet