Hopp til innhold

Utestad vann rettssak om 23-årsgrense: «Lovleg forskjellsbehandling»

Utestaden Festiviteten vann rettssaka mot staten for å få ha 23-årsgrense. Det er andre som driv utestader glad for.

Festiviteten på Hamar

Festiviteten i Hamar blei pålagt å sleppe inn alle over 20 år. No kan dette snu, slik at dei kan ha ei nedre aldersgrense på 23 år.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

Etter at Festiviteten på Hamar hadde blitt klaga inn til Diskrimineringsnemnda av gjester som var under 23 år, blei det slått fast at 23-årsgrense var i strid med det nye lovverket:

23-årsgrense på utestader var ulovleg aldersdiskriminering, og Festiviteten blei dermed pålagt å sleppe inn alle over 20 år.

Ifølge Christian Vold, som er styreleiar i Festiviteten Bar & Scene, mista utestaden kundar då dei senka aldersgrensa. Difor gjekk han til rettssak mot staten.

Dommen falt fredag 20. oktober, og Festiviteten vann.

– Ein er litt audmjuk i forhold til at ein har staten som motpart, så me var ikkje, på nokon måte, sikre på kva veg det ville gå. Så, eg blei jo glad, seier Vold til NRK.

Synest du 23-årsgrense er for høgt?

«Lovleg forskjellsbehandling»

Då dommen blei avsagt kom det fram at retten meiner det er sakleg og legitimt for ein nattklubb å ønske at gjestene skal vere over ein viss alder.

Retten er einige i at dette er forskjellsbehandling, men dei meiner det er lovleg forskjellsbehandling.

Hanne Jahren er advokat hos Regjeringsadvokaten og representerte Diskrimineringsnemnda i saka.

– No må Diskrimineringsnemnda, saman med Regjeringsadvokaten, gå grundig gjennom dommen, og vurdere den fram mot ankefristen i november, seier Jahren til NRK.

Hanne Jahren

Hanne Jahren er advokat hos Regjeringsadvokaten og representerte Diskrimineringsnemnda i saka.

Foto: Regjeringsadvokaten

Retten viser til at 23-årsgrensa berre gjeld laurdagskveldar på Festiviteten og rammar 20-22-åringer som etter kvart blir gamle nok til å sleppe inn.

Det visast også til at dei under 23 år har ein annan stad i nærleiken med yngre profil, nemleg O'Learys, med 20-årsgrense på laurdagar og 18-årsgrense på fredagar.

Festiviteten på Hamar

Christian Vold seier han forstår at det kom klager på aldersgrensa, men peikar på at personar i alderen 23 til 40 år er målgruppa for Festiviteten.

Foto: Jenny Marie Sveen / NRK

No får Festiviteten truleg lov til å ha 23-årsgrense igjen, dersom dommen ikkje blir anka.

– Det vil gjerast ein ankevurdering, men det er ikkje avgjort om dommen skal ankast eller ikkje endå, seier Jahren.

Meiner det ikkje har endra bransjen

Nattklubben Fire fine i Trondheim har hatt 23 og 25 år som aldersgrense før.

Dei har også blitt dømt av Diskrimineringsnemnda til å måtte slippe inn 20-åringane.

At Festiviteten no har vunne i retten mot staten, håper Mathias Karlsson, som er partnar på Fire fine, vil gjere at ein får sett lys på noko han meiner utestader har lidd under.

– All respekt til at Festiviteten tok striden, seier Karlsson.

På Fire fine har dei tilpassa seg avgjerda. Dei har løpande diskusjonar rundt detta, og kjem til å følge med på utviklinga.

– Det er noko med dette å ha stader som er tilpassa eldre klientell og yngre klientell. Det har alt å seie, seier Karlsson.

Christian Vold, Matkvartalet i Hamar

Christian Vold som er styreleiar i Festiviteten Bar & Scene, her i Matkvartalet i Hamar.

Foto: Vibecke Wold Haagensen

Vold meiner at det at dei no har vunne mot staten kan ha noko å seie for andre utestader også, men meiner dei ikkje har endra bransjen ved å vinne rettssaka.

– Dette er ikkje ein blanko fullmakt for alle utestader til å sette dei aldersgrensene dei vil. Me har argumentert for at under våre omstende så burde det vere lov å ha differensierte aldersgrenser, seier Vold.

Meiner det er best med differensiering

Christian Vold seier han forstår at det kom klager på aldersgrensa, men peikar på at personar i alderen 23 til 40 år er målgruppa for Festiviteten.

Han seier dommen no kan gjere det mogleg at dei då får ha ope for det publikummet dei laga utestaden for.

– Eigentleg skaper det eit meir inkluderande uteliv ved at ein kan velje aldersgrenser. Det er jo gjerne slik at 20-åringar vil ikkje ha 40-åringar på stadene sine, og dei som er 40 vil helst ikkje ha russ på utestadene sine.

– At ein ikkje skal kunne sikte inn, eller innrette utestadene, i forhold til alderssegment, det blir i mine auge heilt feil, seier Vold.

Men er det diskriminering?

– Eg synest ikkje det, for alle blir jo 23 ein gong, seier Vold.