Hopp til innhold

To omkom i flystyrt ved Reinsvoll flyplass

To menn er stadfesta omkomne i ein flystyrt i området ved Reinsvoll flyplass på Vestre Toten.

Flystyrt i Reinsvoll

FLYSTYRT: Flyet styrta ikkje langt frå Reinsvoll flyplass på Vestre Toten.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dei to som er omkomne i ulukka er to lokale menn. Politiet har ikkje gått ut med noko namn på dei to.

Det fortel innsatsleiar Jørgen Berg i Innlandet politidistrikt ved Reinsvoll flyplass.

Innsatsleiar Jørgen Berg i Innlandet politidistrikt ved Reinsvoll flyplass.

ARBEIDER PÅ STADEN: Innsatsleiar Jørgen Berg i Innlandet politidistrikt ved Reinsvoll flyplass. Han seier arbeidet på staden vil fortsette utover kvelden og natta.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Pårørande er varsla og blir no tatt vare på av kommunen sitt kriseteam her i Vestre Toten kommune, seier Berg.

Åstaden er no sperra. Kriminalteknikarar jobbar på staden utover kvelden og flyhavarikommisjonen vil truleg komme til plassen tidleg tysdag, opplyser Jørgen Berg i politiet.

Vitne på staden

Jørgen Berg i politiet fortel at vitne ved flyplassen både såg og høyrde flyet gjekk ned, og varsla politiet raskt.

Det skal vere eit akro-fly som har styrta, og ulykkesstaden skal vere circa ein kilometer sør for flystripa på Reinsvoll. Politiet har sperra av åstaden.

Berg fortel også at dette skal ha vore ein privat flyging, men dei veit enno ikkje meir om omstenda rundt ulukka.

– Kriminalteknikarar og flyhavarikommisjonen vil etter kvart starte arbeidet med å få brakt ut omkomne og gjere dei undersøkingar me tenker er naudsynte for å mogleg kunne klarlegge årsaka til ulykka, seier Berg.

Politiet har tidlegare meldt at det vart etablert fylforbodsone i samband med ulykka. Denne hadde utgangspunkt i posisjon 60.6691° N 10.5699° Ø / 32V 585785 6726957. Sona var 5 nautiske mil og 3500 fot.

Operasjonsleiar Bjaanes sa til NRK, etter klokka 20.00, at flyet styrta i eit område med skog og myr.

Redningbilar er ved Reinsvoll flyplass etter flystyrt.

NAUDETATAR PÅ STADEN: Redningsbilar er ved Reinsvoll flyplass etter flystyrt.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Politiet sende ressursar dit: Redningshelikopter, luftambulanse og politihelikopter.

– Det var den eine luftambulansen som, etter relativt kort tid, og dessverre fann eit mindre fly styrta sør for Reinsvoll flyplass, seier Bjaanes.

To menn var stadfesta omkomne, melde politiet klokka 20.56 på X, tidlegare Twitter.

Politi og brann på plass ved Reinsvoll flyplass.

STOR UTRYKKING: Politi og brann på plass ved Reinsvoll flyplass.

Foto: Alexander Nordby / NRK

– Alvorleg ulykke

Det var først klokka 19.17 at politiet melde at dei undersøkte ein mogleg flystyrt i området ved Reinsvoll flyplass. Naudetatar og fleire helikopter var på veg, melde politiet då.

Ti minutt etter melde politiet at dei hadde lokalisert eit mindre fly som hadde styrta sør for flyplassen. Luftambulanse var då på staden.

Åge Ensrud er nestleiar for Reinsvoll flyplass. Rundt klokka 19.40 stadfesta han ovanfor NRK at eit fly hadde gått ned i skogen.

– Naudetatane har lokalisert flyet. Me veit ikkje kva slags fly dette er. Det er altfor tidleg å seie. Me er heller ikkje sikre på kven som var i flyet, sa Ensrud.

Flere saker fra Innlandet

Steinras-Gjende

Tre personer evakuert etter steinras ved Gjende i Jotunheimen