Hopp til innhold

To personar gjennom isen i Ringsaker

Etter at to personar gjekk gjennom isen, måtte brannvesenet jobbe med å få personane inn på land igjen.

Næra

GJENNOM ISEN: Det var i dette området, på austsida av Næra i Ringsaker, at to personar gjekk gjennom isen.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / Line Marie Fosser Vogt

– Dei må få bli varme og blir varetatt på staden, seier operasjonsleir Atle Bernhoft i Innlandet politidistrikt til NRK klokka 15.10.

Då var dei to personane kome på land.

Is på næra

IS: Det ser ut til å vere fin is på Næra. To personar gjekk gjennom isen i dette området.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / NRK

Kom seg opp på isen

Det var klokka 14.34 at politiet fekk melding om at to personar hadde gått gjennom isen på austsida av Næra i Ringsaker.

Politiet melde klokka 14.48 at brannvesenet jobba med å få personane inn på land igjen. Dykkarar var då på veg frå Gjøvik. Andre naudetatar var også på veg.

Klokka 14.51 melde politiet at begge personane hadde kome seg opp av vatnet. Politiet skreiv også at dei jobba med å «få kontroll» på personane.

– Det var ein brannmann som var på staden på fritida, og han melde om at dei var på isen 50 til 60 meter frå land, seier Bernhoft.

Politiet melde så klokka 14.55 at brannvesenet hadde fått begge personane på land, og at dei var svært kalde. Personane blei då tatt i vare av naudetatane på staden.

Næra

REDNINGSAKSJON: Alle naudetatar rykka ut då to personar gjekk gjennom isen i Ringsaker.

Foto: Line Marie Fosser Vogt / NRK

Frå området

Klokka 15.10 hadde politiet endå ikkje opplysingar om kva som hadde skjedd.

– Kvifor dei var på isen og kva som har skjedd tar me etter kvart. Dei to er i 40-åra, ein mann frå Lillehammer og ein mann frå Ringsaker, seier Bernhoft.

– Ein av dei har fått skuldra ut av ledd, seier han.

Det skal ikkje ha vore fleire som har gått gjennom isen.

Klokka 15.15 melder politiet at dei to personane køyrast til sjukehuset på Lillehammer for sjekk. Dei to personane skal ha opplyst om at dei gjekk på skøyter då dei gjekk gjennom isen.

Politiet oppfordrar om å vere forsiktig dersom ein skal ferdast på isen.

– Kulda meir eller mindre har sett inn, og is på islagde vatn er nok ikkje sikre nok i starten av vinteren, seier operasjonsleiar Kjartan Waage i Innlandet politidistrikt.

– Skal folk ferdast på isen bør dei måle om tjukkleiken på isen er god nok til å ferdast. Me oppfordrar til å vere forsiktig og unngå å gå ut på is sjølv om det ser freistande ut, seier han.

Laster Twitter-innhold

GJENNOM ISEN: På austsida av Næra i Ringsaker gjekk to personar gjennom isen.

Flere saker fra Innlandet