Hopp til innhold

GD: Spansk avis skriv at to menn er avslørt av videoovervaking

Obduksjonsrapporten fortalde at Anne Mathea Morken truleg døde av narkotiske stoff. No er to menn sikta i saka. Ein av dei er pågripen og sikta for drap.

Anne Mathea Morken

Anne Mathea Morken frå Ringebu døde i Spania i september i fjor, 22 år gamal.

Foto: Privat

Natt til onsdag 13. september 2023 blei 21 år gamle Anne Mathea Morken frå Ringebu i Innlandet funnen død på gata i Torremolinos i Spania.

Den 23. februar 2024 identifiserte den mobile brigaden til det nasjonale politiet i Spania ein av to sikta menn i Madrid.

Det skriv avisa GD som viser til den spanske avisa Sur.

Ønsker fred

NRK har i ettermiddag prøvd å komme i kontakt med dei etterlatne etter Anne Mathea Morken utan å ha lukkast.

Til GD seier familien sin advokat, Are Bohne, at «familien ønsker berre å få vite kva som har skjedd». Han seier han er kjent med det som står i den spanske avisa, men at etterforskinga er tausheitsbelagt.

– Per i dag har eg ikkje fått stadfesta opplysningane frå spanske medium, seier Bohne til GD.

Bohne seier til GD at det skal vere eit rettsmøte i tilknyting til denne saka.

Han seier at familien til Morken ønsker fred.

Pågripen under rutinekontroll

Pågripinga av den eine mannen skjedde under ein rutinekontroll. Mannen prøvde å rekke ein buss på veg til Lisboa i Portugal og hadde med seg falsk dokumentasjon.

Ifølge ei pressemelding frå spansk politi blei mannen pågripen og sikta for drap, dokumentforfalsking, for brot på trafikkreglar, og for å ha etterlate Morken etter hennar død.

Pressekontakt ved politiet i Malaga seier til NRK at sidan dette er ei pågåande sak, kan dei ikkje gi meir informasjon enn det som er sendt ut i ei pressemelding i dag, men opplyser at den arresterte mannen er i varetekt.

I pressemeldinga står det at politiet held fram med å leite etter den andre senegalesiske mannen som enno ikkje er lokalisert.

Les også Anne Mathea Morken (21) døde trolig av narkotiske stoffer

Vennene til Anne Mathea Morken la ned et bilde og tente lys der hun ble funnet død.

Blei etterlyste

Kripos skriv til NRK på e-post at saka blir etterforska av spansk politi, og at det er dei som må uttale seg om etterforskinga.

Ifølge avisa Sur er det etterforskarar frå Specialized and Violent Crime Unit (UDEV) ved Torremolinos politistasjon som har etterforska saka.

Dei skal ha stadfesta at Anne Mathea Morken sist blei sett i morgontimane 11. september i selskap med to «kjenningar» i Fuengirola.

Dei to er begge senegalesarar i 30-åra og skal visstnok vere knytt til eit narkotikamiljø.

Spansk politimann

Spansk politi har frigjort dette bildet i samband med etterforskinga.

Foto: policia nacional

Då politiet drog til leilegheita dei to delte i Fuengirola, skal dei allereie ha forsvunne.

Politiet skal ha funne ut at ein av dei hadde kryssa grensa inn i ein by i Marokko to dagar etter at Morken blei funne.

Mennene blei internasjonalt etterlyst, og sikta for Morkens død.

Kvinnen, som trolig er norsk, ble funnet død på dette gatehjørnet i Torremolinos i forrige uke.

Anne Mathea Morken blei funnen død på dette gatehjørnet i Torremolinos.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Fanga opp av overvakingskamera

Den første foreløpige obduksjonsrapporten fortalde at Morken truleg døde som følge av overdose med narkotiske stoff som førte til lungeødem. I pressemeldinga skriv politiet at dei ventar på dei endelege resultata frå obduksjonen for å bekrefte dødsårsaka.

No har det spanske politiet konkludert med at personane som gav ho narkotikaen, dumpa ho på eit fortau etter at ho døde.

Overvakingskamera utanfor bygninga der dei to mennene budde skal ha avslørt kva som skjedde. Kamera fanga at begge kom til bygget saman med Morken, tidleg 11. september.

Den 13. september forlèt dei bygningen medan dei bar på den livlause kroppen til Morken.

Politiet har sikret seg overvåkningsmateriale fra dette overvåkingskameraet. Det tilhører en skjønnhetsklinikk i samme gate som kvinnen ble funnet.

Politiet har mellom anna sikra seg overvakingsmateriale frå dette overvakingskameraet. Det tilhøyrer ein skjønnheitsklinikk i same gate som kvinna blei funnen.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Trur Morken blei invitert

Hypotesen til politiet skal ifølge avisa Sur vere at Morken, kvelden hendinga var, hadde vore saman med dei sikta i eit fritidsområde i Fuengirola.

Politiet trur dei to inviterte ho heim til leilegheita dei budde i, der dei skal ha gitt ho narkotiske stoff, og at den unge kvinna døde i huset.

Avisa skriv at politiet ikkje har kome med informasjon om dei trur Morken tok rusmidlane av fri vilje.

Etterforskarane skal ifølge avisa ha konkludert med at dei sikta frakta Morken i eit køyretøy til nabobyen Torremolinos og la igjen den livlause kroppen på fortauet utan at nokon såg det.