Hopp til innhold

Teater-kompromiss i boks

Fylkespolitikarar i Hedmark og Oppland vart onsdag kveld samde om korleis det nye Teater Innlandet skal organiserast.

Teatermaske
Foto: Aasen, Birgitte / Aftenposten

Ein lang strid kan gå mot slutten. Det har vore langvarig strid mellom Hedmark og Oppland om etableringa av det nye teatret.

Kompromisset som vart inngått i arbeidsgruppa inneber at teatersjefen på Hamar er forplikta til å samarbeide med, og kjøpe teateroppsetninger frå, uavhengige teatergrupper i dei to innlandsfylka.

Lokale produksjonar

- Ein viss andel av dei innkjøpte framsyningane skal vera laga i Oppland eller Hedmark. Samstundes skal Teater Innlandet forplikte seg til å kjøpe prouksjonar frå andre teatermiljø i denne regionen.

Dette er Teater Innlandet

Det seier Aleksander Hagen frå Oppland Høgre. Han er ein av dei som har ivra for eit desentralisert teater. I kompromisset som vart skrive onsdag kveld står det at Teater Innlandet, når dei skal kjøpe inn ferdige produksjonar, "i det alt vesentlige" skal gjera det frå sceneaktørar i Innlandet.

Felles fylkesting

Men saka er ikkje endeleg avgjort. Nå skal dei ulike partia vurdere forslaget, blant dei Oppland Arbeiderparti som har årsmøte i byrjinga av mars. Så kjem saka opp i felles fylkesting den 18. mars. Og opposisjonspartia i Oppland kan koma til å si nei.