Den 16 år gamle guten vart funne liggande ute ein sein laurdagskveld. Han hadde truleg fått ein real omgang juling, og politiet meiner han ville ha frose eller blødd i hel om han ikkje hadde blitt funne av tilfeldig forbipasserande.
Nå er Ingrid Hovland Rogstad sjeleglad for at sonene er i live, og takkar personen som tok hand om han. Sonen vart lagt inn på sjukehus; medvitslaus, blodig og forslått.
Her vart 16-åringen funne.
Døden nær
16-åringen var sterkt rusa da han vart funne liggande ved ein gangsti bak kulturhuset på Tynset. Han var tynnkledd og utan sko.
Truleg var guten på veg mellom to privatfestar, men enda opp medvitslaus med merker av slag og med eit blødande sår frå hovudet.
- I den kjølege novembernatta hadde det vore eit tidsspørsmål før sonen mine hadde frose i hel, meiner Ingrid Hovland Rogstad.
Det er politibentent Håkon Trønnes einig i. Livet til guten hang i ein tynn tråd.
Etterlyser ungdom
Det er framleis uklart kven som hadde etterlatt 16-åringen skada og medvitslaus ved gangstien. Sjølv hugsar han ikkje noko.
- Men det ingen tvil om dette er ei valdssak, seier politibetent Håkon Trønnes.
Politiet etterlyser nå ein annan ungdom som vart sett gåande saman med 16-åringen i Parkvegen på Tynset berre ein halvtime før han vart funne.
- Dette kan vera eit viktig vitne, eller det kan også vera gjerningsmannen, seier Trønnes.