Hopp til innhold

Taket i klasserom på barneskule kollapsa

Skulen i Vestre Toten kommune er stengt inntil vidare. – Det er ein alvorleg sak, seier kommunedirektøren.

Klasserom på Bøverbru skule i Vestre Toten kollapsa.

KOLLAPSA: Taket i klasserommet hadde kollapsa i løpet av natta.

Foto: Ivar Michael Jahr

KOLLAPSA: Taket i klasserommet hadde kollapsa i løpet av natta.

Foto: Ivar Michael Jahr

Då vaskepersonellet kom til Bøverbru skole i Vestre Toten i morgontimane, oppdaga dei det som hadde skjedd. I løpet av det siste døgnet hadde himlinga i eit av klasseromma dutte ned.

Det vart utløyst brannalarm då det skjedde. Det vart sett saman med observasjonar i etterkant, men ingen har skjønt kva det var før ein såg det i dag tidleg.

Det seier Ivar Michael Jahr, som er grunnskulesjef i Vestre Toten.

Toten i dag omtala saka først.

Les også Gratis lunsj skal hindre skolebranner

Påsatt brann på toalettet på Galterud skole i Drammen

Går gjennom heile skulen

Etter hendinga er skulen no stengt for elevane. Andreklassingane som skulle hatt undervisning i klasserommet skulle på tur i dag, som dei har gjennomført.

Bygget blir gått gjennom og så må vi finne årsaka til kvifor det har skjedd og gå gjennom resten av skulen for å sikre at den er trygg. Så må vi rive ut og bygge opp igjen det rommet.

Ivar Michael Jahr

KOLLAPS: Grunnskulesjef, Ivar Michael Jahr er glad ikkje taket kollapsa medan det var elevar til stades.

Foto: Privat

Bøverbru skule har om lag 120 barneskuleelevar og 24 tilsette. Den vart bygd i 1962 og har blitt rehabilitert, ifølge nettsida til kommunen.

Kollapsen skjedde medan skulen var stengt. Bjørn Fauchald er kommunedirektør i Vestre Toten. Han seier det som har skjedd er beklageleg.

Det er ein alvorleg sak. Eg er veldig, veldig glad det ikkje var ungar eller vaksne i rommet då det skjedde, seier han.

Tak på klasserom kollapsa

RASERT: Heile klasserommet er fylt med materialar frå himlinga i rommet. Byggefirma er til stades for å rydde opp og sikre bygget.

Foto: Ivar Michael Jahr

Opnar ikkje med det første

Det er ikkje klart kor lenge skulen vil vere stengt. Arbeidstilsynet og politiet er varsla om det som har skjedd.

Bjørn Fauchald fortel at byggefirma allereie er på staden for å rydde ut av det kollapsa klasserommet. Han seier dei ikkje kjem til å sleppe elevar eller tilsette inn før dei har funne årsaka.

bjørn fauchald

SJEKKAR ÅRSAKA: Kommunedirektør, Bjørn Fauchald seier det som har skjedd er alvorleg. Dei går gjennom heile bygget for å sikre at noko slikt ikkje skjer igjen.

Foto: Privat

Vi veit ikkje kva som har skjedd, men det er openbert tyngda som har gjort at det har dutte ned og det er svikt i konstruksjonen her.

Han fortel at skulen er blitt rehabilitert fleire gonger sidan den vart bygd på 60-talet. No går dei gjennom dokumentasjon for å sjå kva som er gjort av kven og når.

Det skal vere trygt og gå på skulen og vi planlegg rehabilitering på ein måte som vi meiner er forsvarleg til ein kvar tid. Det er ikkje første gongen ei himling har dutte ned. Men det skal vere trygt og gå på skule og vi opnar ikkje skulen her igjen før vi er sikre på at det er trygt.

Les også I dette klasserommet blir alle filmet

Flere saker fra Innlandet