Hopp til innhold

Syr om gamle klede til nye ballkjolar

LILLEHAMMER (NRK): Aurora Helmine Hagen syr om bruktklede til ballkjolar. – Billigare, miljøvennleg og klede med ei historie, meiner butikksjef i Fretex Lillehammer Hege Riise.

Aurora Helmine Hagen syr om brukte klær til ballkjoler

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Aurora Helmine Hagen sit bak ei halvferdig kjole, ho jobbar med detaljane på ein lyserosa kjole.

– Eg tilpassar den litt meir til ball ved å sy på eit band rundt midja. I ein farge som matchar kjolen, seier Aurora.

Ho meiner ein kan spare pengar ved å satse meir på redesign og gjenbruk.

– Nordmenn brukar for mykje pengar på kjolar som ein bruker berre ein gong, og det gjeld klede generelt òg.

Lager ballkjoler av klær fra Fretex

VISING TIRSDAG: Helene Frøyslid, Malin Gustavsen Aas og Ingunn Tønderum arbeidar for å bli ferdig med kjolane til visinga tirsdag.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Gjenbruk til fest

Elevar frå Lillehammer vidaregåande skule har i samarbeid med Fretex sydd om kjolar, som ungdomsskuleelevar kan bruke til årets skuleball. I kveld får dei moglegheit til å kjøpe og sjå på redesigna festkleda – før alle andre.

Lager ballkjoler av klær fra Fretex

ULIKE KJOLAR: Hege Riise, butikkleiar ved Fretex Lillehammer.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Bakgrunnen er å få dei unge til å forstå at dei kan kjøpe gjenbruk når dei skal på ball og pynte seg, seier butikksjef ved Fretex Lillehammer Hege Riise til NRK.

Dei har både moderne og meir retrokjolar i butikken.

– Eg har nok litt meir sansen for retrokjolane, som kanskje ikkje vil falle i like stor smak hos ungjentene.

Kjøpte kjole til 4000

Marie Lukas er ei av dei som er med på å redesigne kjolar, ho kjøpte sjølv ein ballkjole til 4000 i si tid.

– Det er veldig dyrt. Det er mykje betre å kjøpe noko billig, som er like fint.

Fretex på Lillehammer har hatt suksess med opplegget tidlegare, og Riise seier det er gode grunner til velje gjenbruk framfor å kjøpe nytt.

– Det er miljøvennleg, og du kjøper eit plagg som har ei historie frå før, det er spennande å tenke på, seier Riise.

Lager ballkjoler av klær fra Fretex

SYR OM: Aurora Helmine Hagen syr på eit band på den redesigna kjolen.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK