Svensk mann omkom i skianlegg

TRYSIL (NRK): Livet til mannen som vart funnen i Trysil onsdag ettermiddag stod ikkje til å redde. Ifølge politiet er det ein svensk mann i 30-åra som er omkommen.

Det skal ha vært i denne bakken den omkomne ble funnet.

SKIANLEGG: Personen skal ha blitt funne i denne bakken i skianlegget.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

– Litt før klokka 14 fekk vi melding av tilsette som jobbar på anlegget i Trysil om at dei hadde funne ein livlaus person, seier operasjonsleiar, Sidsel Svarstad i politiet.

Ho fortel at ambulanse og helsepersonell kom fort til staden og har jobba med livredning. Men livet stod ikkje til å redde. Han vart funnen rett etter eit hopp.

Dødsulukke i skianlegget i Trysil. Skal ha skjedd på dette hoppet

HOPPET: Mannen skal ha blitt funne ved dette hoppet som har vanskegrad raudt.

Foto: Mats Sparby / NRK

Ingen vitne

Det er ingen som har sett at ulukka skjedde som politiet veit om. Fordi ein ikkje veit årsaka, skal politiet ha bestemt at mannen skal bli obdusert.

Ein svensk 18-åring var den første som kom til plassen og fann mannen.

– Eg og bror min køyrde over hoppet og såg ein mann liggande som hadde rulla ned etter hoppet. Eg tok av meg skia og prøvde å prate med mannen. Bror min gjekk opp og tok kontakt med personalet, seier Lukas Jellnor.

Lukas Jellnor første som kom til ulukkesstad i Trysil

FANN MANNEN: Lukas Jellnor fann mannen og kontakta personalet.

Foto: Mats Sparby / NRK

Driftsleiar ved anlegget, Jan Linstad, fortel at ei av skipatruljane var berre 80 meter unna og kom raskt til staden, men etter 40 minutt utan antydning til liv vart han erklært død.

Jan Linstad ved skianlegget i Trysil etter dødsulukke.

TRIST: Jan Linstad er driftsleiar ved anlegget i Trysil, og seier han ikkje kan hugse når ei slik ulukke skjedde sist.

Foto: Mats Sparby / NRK

– Han må ha dotte. Vi såg skia hadde dotte av han, slik ski skal når slikt skjer. Men kva som er årsaka er vanskeleg å seie, seier Linstad.

Han fortel at mannen køyrde saman med ein kompis, som var eit stykke framfor ned.

– Kompisen låg sopass langt fram at han ikkje såg det som skjedde. På botnen av bakken såg han at han var borte og vende seg til personalet, som ropte på oss, seier driftsleiaren.

Tragisk

Ulukka skjedde i ein del av anlegget der det er ulike linjer med forskjellige hopp og vanskegrader. Mannen skal ha blitt funne i nærleiken av eit hopp med raud gradering, som ikkje er av dei største.

– Vi prøver å bygge så rett som mogleg og ikkje gjere hoppa for vanskeleg. Det er klart at vi kan la vere å bygge slike utfordringar som gjestane våre vil ha. Men vi kan ikkje forhindre alt, seier Jan Linstad.

Helge Bonden

TRAGISK: Destinasjonssjef ved anlegget, Helge Bonden seier det er ei tragisk ulukke som påverkar dei tilsette.

Foto: Odd Ragnar Lund / NRK

– Dette påverkar oss. Tragiske ulukker er det vi aller helst vil unngå. Vi tenkar på mannen sin familie og det er berre tragisk, seier destinasjonssjef, Helge Bonden i skianlegget i Trysil.

Det er vinterferie for fleire denne veka. Ifølge SkiStar Trysil har det vore fint vêr og gnistrande skiføre i dag. Fnugg.no melder også om gode skiforhold og mange opne skianlegg.

– Dei aller fleste vil ikkje merke det eller bli påverka av dette. Drifta i skianlegget går som vanleg, seier destinasjonssjefen.