Hopp til innhold

Lavinehundar leitte etter folk i raset, ingen funne

Det har gått eit 120 meter langt stort takras frå Storhallen på Raufoss, men ingen vart skadde i raset.

Redningshunder Raufoss

To redningshundar frå Norske Redningshundar var med. Dei søkte gjennom raset utan å finne nokon.

Foto: Gunnar Johan Kalrasten / Norske redningshunder

Så langt er det ikkje meldt om sakna folk eller funne nokon.

Politi, frivillige og brannvesen som har vore med på leiteaksjonen, er nå ferdige på staden, melder politiet på X.

Noko arbeid står att, men det er for å sikre straum og trygg tilkomst.

– Vi frykta at nokon kunne vera tatt av raset og tok ingen sjansar, seier operasjonsleiar Kristian Svarstad ved Innlandet politidistrikt, til NRK

Han seier at dei ikkje har fått melding om at nokon er sakna under snømassane.

Det går ein populær tursti langs den store hallen, som ligg i idrettsparken sentralt Raufoss, som er kommunesenteret i Vestre Toten. Stien vart dekka av raset frå hallen.

Redningshunder Raufoss

All snøen på taket raste, i heile lengda på hallen. Den er 120 meter lang. Langs veggen går ein tursti.

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Redningshundar ferdige med søket

Politi og brannvesen rykka ut til raset på Raufoss.

Også frivillige mannskap vart kalla inn til å hjelpe til med leiting.

To redningshundar frå Norske Redningshundar var også med. Dei søkte gjennom raset utan å finne nokon.

I tillegg til at brannmannskap har søkt med varmesøkjande kamera og gått med søkestenge.

Redningshunder Raufoss

Frivillige mannskap vart kalla inn til å hjelpe til med leiting

Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Snø og mildvêr

Storhallen på Raufoss er ein fotballhall der det blir spilt og trena kvar einaste dag. Og det spelast turneringar fleire gonger i året.

Det har snødd mykje i det siste, og Raufoss er kjent for at det er mykje snø om vinteren.

I helga har det vore mildvêr, dermed vart det gode tilhøve for takras.