Hopp til innhold

Stor skogbrannfare: – Nyt reker i staden for å grille pølser, seier meteorologen

Meteorologane melder om stor fare for skogbrannar på Vestlandet og Austlandet i helga.

Skogbrannfare

FARE: Det varme vêret har gjort at bakken har tørka opp. Ein bør vere ekstra forsiktig no, seier fleire.

Foto: Jørgen Bae Nesset / NRK

Det har vore mykje finvêr og varme i det siste Østafjells og på Vestlandet. Meteorologane har oppgradert farevarselet for skogbrann til oransje på Austlandet.

– Vi har hatt ute skogbrannfare lenge, men no begynner det å bli veldig tørt, seier statsmeteorolog, Håkon Mjelstad.

skogbrannfare

FAREVARSEL: No er det stor fare for skogbrann fleire stader i landet. Fleire oppmodar om å droppe grilling og vere forsiktig.

Foto: Skjermdump / Twitter

– Ver forsiktig

I helga kan ein vente seg at finvêret held fram. Men det er ikkje denne helga at ein skal ta med seg ein eingongsgrill ut, seier meteorologen.

– No trur eg det er fint å ta med seg reker og nyte det i staden for å grille pølser. Så kjem det fleire anledningar til å grille seinare i sommar, seier han.

Faren er også stor på Sørlandet. Jan Røilid i brannvesenet i Kristiansandsregionen seier ein må vere ekstremt forsiktig.

– I ekstreme tilfelle, og vi er på det nivået no, kan ein sigarett som blir knipsa ut frå eit bilvindauge vere nok til å starte ein skogbrann, seier han.

Aukar beredskapen

Ann Christin Olsen-Haines er fungerande avdelingsdirektør i Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Ho seier dei vurderer skogbrannsituasjonen og tilpassar beredskapen.

Det er brann- og redningsvesenet som har ansvar for sløkking, og dei kan få hjelp.

Arve Heimdal, 110-sentralen Innlandet.

BEREDSKAP: Arve Heimdal i 110-sentralen i Innlandet seier dei er rigga no dersom det skulle skje brannar i fylket.

Foto: Bjørn H Stuedal / Alarmsentral Brann Innlandet

– Dersom det blir behov for det, kan de be om hjelp frå statens skogbrannhelikopter. Saman med helikopteret får den lokale brannsjefen leiarstøtte frå skogbrannekspertar, seier ho.

Arve Heimdal, som er vaktleiar hos 110-sentralen i Innlandet seier også dei riggar seg før denne helga. Dei har eit samarbeid med fleire flyklubbar i fylket som skal ut i helga på skift for å observere.

– Viss vi har ein skogbrann allereie kan dei fly opp og lokalisere. Då får vi posisjon direkte og dei kan ta bilete til oss, seier Arve Heimdal i 110-sentralen.

Skogbrannar er oftast menneskeskapt

Det er ikkje meldt om nedbør i dei utsette områda før måndag. Nokon gonger er det lynnedslag som er årsaka til brann.

– Så lenge det ikkje er lyn og tore så er det stort sett menneskeskapt. No som det er ferietid kan det så klart skje, seier Heimdal.

Oppfordringa frå både han og meteorologane er dermed å droppe open eld i naturen denne helga. Og heller ikkje legge igjen gjenstandar som knust glas, som kan skape brannar.

– Men eg føler folk er veldig forsiktige og er flinke til å følge med, seier Arve Heimdal.

Flere saker fra Innlandet