Hopp til innhold

- Alle bør dømmast for drap

Aktor meiner det ikkje har kome fram noko nytt i ankesaka etter drapa i Søndre Land.

Fra småbruket i Søndre Land der drapet skjedde.

To døde personar vart funnen på denne garden på Vestsida i Søndre Land i januar 2008.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Den åtte veker lange rettsaka mot dei fem tiltalte i drapssaka i Søndre Land nærmar seg slutten.

I dag avslutta aktor Torbjørn Klundseter si prosedyre i Eidsivating lagmannsrett, og han meiner det er lite nytt som har kome fram i ankesaka.

- Vi meiner bevisa for å dømme dei tiltalte er til stades, akkurat som i tingretten, seier Klundseter.

Lange fengselsstraffer

I januar 2008 vart Ragnar B. Abrahamsen funnen skoten på låven, og knappe tre veker seinare vart det funnen ein ny død person på garden Vollheim. Denne personen låg i brønnen, og viste seg å vere Jan Petter Aarstad, som hadde vore sakna sidan 2006.

I tingretten vart i alt fem personar dømt til fengsel eller forvaring i mellom 17 og 21 år for å ha utført eller medvirka til eit eller begge drapa.

Les alt om dommen frå tingretten her.

Ingen klare motiv

I si avsluttande prosedyre i ankesaka innrømte aktor Torbjørn Klundseter at det ikkje er noko klart motiv i denne saka.

- Når det gjeld drapet på Jan Petter Aarstad kan det vere økonomisk motivert, ettersom trygda hans i etterkant gjekk rett inn på kontoen til Berit Thorstensen. Abrahamsen kan ha vorte drepe fordi han visste om dette drapet, sa Klundseter.

Desse teoriane var ikkje Berit Thorstensen sin advokat, Tor Kjærvik, særleg imponert over.

- Dette er berre spekulasjonar. Politiet og aktor let att augene for at det kan vere andre og vel så sterke motiv i denne saka, som til dømes sjalusi, raseri, krangel og uvenskap.

- Ikkje les avisene

I si prosedyre la Tor Kjærvik også vekt på dei mange medieoppslaga om Berit Thorstensen. Ho har vorte skildra som sjefen på garden, og som den som sende dei kriminelle mennene rundt på oppdrag.

- Det er bevisa som har kome fram i retten som skal leggjast til grunn, ikkje det som har stått i avisene.

Kjærvik konkluderte i si prosedyre med at det ikkje er nok bevis til å dømme Berit Thorstensen for dei to drapa.

Prosedyrene frå forsvarane blir avslutta i morgon, før juryen skal ta stilling til om dei fem tiltalte er skuldige torsdag.