Dei tre asylsøkjarane som er engasjert som gjetarar på Koppangskjølen mellom Stor-Elvdal og Rendalen, hindra denne veka at ein ulv gjekk til åtak på ein stor kuflokk.
Klarte å skremme ulven
Ulven, som truleg ikkje var radiomerka, prøvde å gå til åtak på ein flokk med 60 kyr og kalvar.
Gjetarane var rundt 20 meter unna ulven. Dei klarte såvidt å skremme den unna ved å slå i bakken med kjeppar og rope høgt.
Fleire åtak
Torsdag kveld vart ein kalv så hardt skadd etter ulveåtak at han måtte avlivast.
Fagfolk frå Statens Naturoppsyn har stadfesta at det var ulv som tok kalven, seier Svein Østmoe i Koppangskjølen Beitelag.
Fredag blir det klart om det er radiomerka ulv, eller ikkje, som har stått bak åtaka på storfe og hest i Stor-Elvdal ved fleire høve i sommar.