Hopp til innhold

Skibladner køyrde på grunn

«Mjøsas kvite svane» er attende på vatnet etter at ho køyrde inn i moloen og vart ståande fast i Hamar sundag formiddag.

Skibladner på grunn

Skibladner står fast på moloen like ved kaia i Hamar.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

Det var sundag formiddag at Skibladner kom i for stor fart, og køyrde inn i moloen i Hamar. Der vart den ståande fast på grunn.

– Det gjekk heldigvis bra med alle om bord, og ikkje eit glas er knust, seier kaptein Ole Brandanger.

Passasjerane kom seg av båten ved å gå over moloen. Ifølgje vitne vg.no har prata med var det eit skikkeleg smell da skipet grunnstøytte.

Leiter etter skader

Kapteinen tek sjølv på seg skulda for uhellet, og seier at han ikkje fekk sett skipet i revers når han skulle, og at dei derfor ikkje klarte å stoppe før dei køyrde inn i moloen.

Det er uklart kor store skader verdas eldste hjuldampar i rutegåande trafikk har.

– Etter det vi kan sjå frå inne så verkar det ikkje som om skipet har fått særlege skader. Men vi vil undersøke det nøye før vi set det i trafikk att, seier Brandanger.

Ute på vatnet att

Like etter klokka 14 vart Skibladner drege ut i vatnet att, til stor jubel frå dei frammøtte.

Skipet låg sundag ettermiddag ved kai på Hamar, og Sjøfartsdirektorartet har gjeve klarsignal til at Skibladner seglar til Gjøvik. Der vil den bli undersøkt i løpet av måndag. Mannskapet regner med at Skibladner vil vere klar for drift på tysdag.

Flere saker fra Innlandet