Hopp til innhold

Skepsis til å byggje ny kyrkje på branntomt

Arkitektforbundet vil ikkje tilrå byggjing av ei ny kyrkje på branntomta etter Våler kyrkje. Dei meiner det vil gje altfor mange avgrensingar.

Våler kirke.

Våler kirke brann ned til grunnen 29. mai i fjor.

Foto: Knut Sveen / NRK

– Dersom vil ha ei kyrkje for framtida så meiner Arkitektforbundet at vi bør sjå etter ny lokalisering.

Det seier leiar i planutvalet for ny kyrkje i Våler, Harry Vinje.

Kyrkja i Våler brann i slutten av mai i fjor, og kvar ei ny kyrkje skal stå har vorte eit stridstema i bygda.

– Store avgrensingar

Somme meiner at kyrkja bør byggjast der den andre stod medan andre meiner at kyrkja bør plasserast ein annan stad.

Arkitektforbundet vart derfor bede om å kome med si vurdering av saka. Dei er klare på at byggjing på den gamle tomta vil innebere mange utfordringar.

– Eg tolkar det dit at dei gjev ei moglegheit for å byggje på den gamle tomta, men med store avgrensingar. Dersom vi vel å byggje på ei gammal tomt vil det bety ei kyrkje som er lik den vi har hatt, men med lite moglegheiter for vidare utvikling og utviding, seier Harry Vinje.

Sjå video frå brannen i Våler:

Våler kirke er totalskadd
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Tremetersregelen

Ifølgje gravferdslova er det ikkje er lov å byggje nærare enn tre meter frå nærmaste grav. Denne regelen må ei eventuell ny kyrkje få dispensasjon frå.

– Nå skal denne saka opp i fellesrådet og menighetsrådet. Deretter vil det bli laga ei innstilling om ein bør byggje på den gamle tomta eller finne ein ny stad, seier Vinje.