Hopp til innhold

Skamslått i Framandlegionen

Harald (21) åtvarar nå andre mot å verve seg til verdas tøffaste militære einskap.

Harald Bjørnstad
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Det var i midten av januar at 21 år gamle Harald Bjørnstad forlot eit trygt liv på heimgarden på Kapp i Østre Toten for å verve seg i Framandlegionen.

Etter nokre knalltøffe veker er han nå attende, etter å ha opplevd dramatiske hendingar som kjem til å følgje han resten av livet.

Les også: Norske Arvid kjempet i Vietnam

Harald Bjørnstad
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

- Mykje vald

- Eg har støtt vore fascinert av militæret, og har tidlegare tenestegjort i det norske forsvaret. Eg tykte Framandlegionen såg spanande ut, og det var som ei ny utfordring.

Harald Bjørnstad såg på Framandlegionen som ein ny start, og ei moglegheit til å skape seg ei spanande militær karriere. Legenda om verdas beste og mest løyndomsfulle militære einskap virka forlokkande på Harald, og til slutt bestemte han seg for å dra.

Men kvardagen kom raskt for Harald og dei andre som verva seg. Dei vart sparka og slått, og opplevde mykje uprovosert vald.

- Allereie fyrste dagen, da eg skulle skifte, vart eg slått i ryggen så eg hadde eit merke over heile ryggen i fleire dagar.

Gjorde opprør

Etterkvart vart Harald og 19 andre rekruttar meir og meir betenkte over all den meiningslause valden dei opplevde.

- Det var ein ting å bli slått sjølv, men det gjorde vondt å stå og sjå på at kameratane dine vart banka opp.

Til slutt gjorde dei 20 opprør mot dei valdelege befala, og slo attende. Det heile ende i eit voldsomt basketak, og Harald og dei andre vart sendt heimatt.

- Eg trudde ikkje at det fortsatt var slik i 2009 at dei flaug rundt og slo folk umotivert. Det har i allefall ingen ting med å byggje deg opp til å bli ein betre soldat, seier Bjørnstad.

- Angrar

Harald Bjørnstad legg ikkje skjul på at vekene i Framandlegionen har vore ein tøff lærepenge for han.

- Særleg angrar eg på at eg ikkje sa noko på forhånd til foreldre og vener.

Han innrømmer at livet i Framandlegionen ikkje på nokon måte var like glamorøst som han hadde sett for seg. Nå har han slått frå seg draumen om ei militær karriere, og vil i staden satse på eit liv som bonde på heimgarden på Toten.

- Ein ser litt annleis på det når ein har opplevd noko slik. Ein veit ikkje kor godt ein har det før ein har vore ute og sett kor jævlig det er andre stader, seier 21 år gamle Harald Bjørnstad.

Fremmedlegionen

Framandlegionen blir rekna blant dei beste og tøffaste militære einskapane i verda.

Foto: Fra dokumentarfilmen "Fremmedlegionen"

Flere saker fra Innlandet