Hopp til innhold

Ekteparet blei augevitner til gondolulykka i Hafjell: – Alt skjedde så fort

Onsdag blei to personar køyrt til sjukehus etter eit arbeidsuhell i samband med ei redningsøving i Hafjell alpinsenter. Ekteparet Busch såg det skje.

Hafjell. Anne Karin Bosch og ektemannen Jon Erik ble øyenvitner.

SÅG DET SKJE: Anne Karin Busch og ektemannen John Erik blei augevitne til ulykka i Hafjell alpinsenter i Øyer kommune.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Klokka 14:08 meldte politiet om ei ulykke med ein gondol i Hafjell alpinsenter i Øyer kommune.

Det var ikkje gjestar i anlegget. Ulykka var eit arbeidsuhell i samband med ei redningsøving i Hafjell alpinsenter.

To personar blei meldt skadd, og begge blei sendt til sjukehus for sjekk. Seinare på dagen blei det meldt at den eine personen blir liggjande på sjukehuset for overvåking. Ingen av dei to skal vere kritisk skadd.

Anne Karin Busch og ektemannen John Erik er næraste hyttenabo til der ulykka skjedde. Dei blei augevitner til det heile.

– Vi trudde dei heldt på med vedlikehaldsarbeid. Så såg eg opp og høyrde ein av dei sei «då hoppar eg», men så såg eg fort at han fekk kraftig fart frå gondolen og ned, seier Anne Karin.

Hafjell. Anne Karin Bosch og ektemannen Jon Erik ble øyenvitner.

AUGEVITNE: – Alt skjedde så fort, seier Anne Karin Busch, som såg ulykka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Smalt i stor fart inn i ei stong

Personane som er skadd jobbar på Hafjell alpinsenter.

– Me har hatt ei redningsøving på gondolen, seier marknadssjef Veslemøy Wedum i Alpinco til NRK.

Ekteparet Busch fortel at den eine personen som var med i ulykka, ei dame, blei dradd oppover i eit tau og smalt ned igjen i bakken.

– Mannen smalt i stor fart inn i ei stong, fortel dei.

John Erik seier han sprang ned til dama. Han meiner det gjekk tilsynelatande bra med ho.

– Det var verre med mannen. Han blei dårlegare og dårlegare, seier han.

hafjell

REDNINGSØVING: Politiet melder at ulykka er ei arbeidsulykke og at arbeidstilsynet blir varsla. Redningspersonell firer seg ned langs vaieren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Innsatsleiar i Innlandet politidistrikt, Håvard Stubberud, seier gondolane sto i ro då ulykka skjedde.

Det er enno uklart kva som har skjedd.

– Vi må komme tilbake til årsaka til ulykka, seier han.

Øvinga som gjekk føre seg i Hafjell handla om korleis ein skal få personar ut av gondolen dersom denne stoppar.

innsatsleder Håvard Stubberud. Hafjell

UKLART: Innsatsleiar i Innlandet politidistrikt, Håvard Stubberud seier politiet samarbeider med dei som jobbar på staden for å finne ut detaljar i saka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Dagleg leiar i Alpinco, Odd Stensrud seier det var eit team på åtte personar som trente i heisen.

– No har vi runda av. Alle som var involvert er samla for ein debrief. Vi samarbeider med politiet med å finne detaljar i saka, seier han onsdag ettermiddag.

Hafjell

SAMARBEIDER: Dagleg leiar i Alpinco, Odd Stensrud snakkar med politiet på staden. Arbeidstilsynet blir varsla om ulykka.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK
Laster Twitter-innhold
  • LES OGSÅ: I 2011 var det også ei ulykke med gondol i Hafjell, då ei byggekran reiv ned gondolen. Ein dansk gut var om bord i vogna som stupte i bakken.

Flere saker fra Innlandet