Hopp til innhold

Sjusjøen kan ta over verdscupopning

Skiforbundet strevar med å finne nok snø til å få gjennomført verdscupopninga i langrenn. Nå kan Sjusjøen bli løysinga.

De første langrennsløypene på Sjusjøen er kjørt opp.

Dei fyrste langrennsløypene på Sjusjøen vart køyrt opp allereie i slutten av oktober. Etter dette har mildvêret herja også her, og dei er avhengig av kuldegrader for å få løypene på plass att.

Foto: Mette Sandbakken

Laurdag 19. november skal verdscupen i langrenn opnast med 10 km fristil for kvinner og 15 km fristil for menn på Beitostølen.

Men der er det bortimot snøtomt, og vêrvarsel med lite nedbør og varmegrader gjev ikkje stort håp om at det blir renn i fjellbygda i Øystre Slidre.

Bestiller hotellrom

Nå kan Natrudstilen på Sjusjøen bli løysinga i staden.

– Vi ser på Sjusjøen som eit alternativ. Vi skal gjere det vi kan for å få til verdscupopning i Noreg. Beitostølen er fyrsteprioritet, så får vi sjå det an i forhold til kuldegradene og moglegheiter for snøproduksjon, seier arrangementssjef i Norges Skiforbund, Terje Lund til Hamar Arbeiderblad.

Ifølgje avisa skal han på synfaring på Natrudstilen i morgon, og han er allereie i gang med å sikre hotellrom på Sjusjøen.

– Sjusjøen er klare

Natrudstilen skal arrangere verdscup i kombinert fyrste helga i desember, og har derfor mykje av det nødvendige utstyret på plass.

– Eg vil presisere at det ikkje er avlyst på Beitostølen. Men dersom vi får snø og får ein førespurnad frå Skiforbundet, er vi klare, seier løypesjef Johannes Haukåssveen på Sjusjøen.

– Vi føler uansett med dei på Beitostølen. Vi veit kor mykje arbeid dette er, og håpar at dei skal klare det, seier Haukåssveen.

Video Sesongens første skiløyper kjøres på Sjusjøen

Sesongens første skiløyper kjøres på Sjusjøen