Mjøssjukehuset blir det tredje store sjukehuset i Noreg som blir plassert utanfor dei største byane i eige fylke.
Måndag vart det klart at det er her, i Moelv, byen midt mellom Hamar, Gjøvik og Lillehammer, det nye storsjukehuset i fylket skal liggje.
Sjukehuset blir arbeidsplassen til rundt 4000 personar. I tillegg skal det vere 600 sengeplassar på huset.
No fryktar fleire for rekrutteringa til storsjukehuset, som skal liggje i Innlandets femte minste by med knapt 4460 innbyggjarar.
Slit allereie
For å kunne fylle sjukehuset med folk med rett fagkompetanse og fagmiljø, krev no Sjukepleiarforbundet i Innlandet at rekrutteringsproblema blir teke på alvor.
– Det blir jokeren, den største utfordringa, meiner Ida Høiby, fylkesleiar for Norsk Sykepleierforbund Innlandet.
– Vi veit at vi går inn i ei tid der vi får færre sjukepleiarar, og det er dessverre slik at dei ikkje blir i yrket, seier ho.
REKRUTTERING: Høiby meiner nøkkelen for å unngå rekrutteringsproblem ligg i å sikre gode arbeidsforhold med gode arbeidstidsordningar, fagmiljø og lønn.
Foto: PrivatNoreg manglar 4650 sjukepleiarar og 700 spesialsjukepleiarar, ifølgje Navs Bedriftsundersøking.
Berre i Innlandet manglar ein no 355 sjukepleiarar og jordmødrer.
Ifølgje SSB vil mangelen på sjukepleiarar auke i åra framover.
Høiby trur utfordringa med rekruttering gjeld uavhengig av kor sjukehuset ligg.
– Vi blir så mykje færre sjukepleiarar i framtida, så uansett kva alternativ ein har, så vil rekrutteringa vere utfordrande, seier ho.
Mista over 20 prosent av dei tilsette
På Kalnes utanfor Sarpsborg stod det nye storsjukehuset klart i 2015.
Øyvind Moksness, føretakstillitsvald ved Sjukehuset Østfold, fortel at dei mista ein femtedel av dei tilsette då dei flytta inn i det nye sjukehuset for åtte år sidan.
– Hovudsakleg gjekk dei til kommunen, nokon valde å pensjonere seg tidleg, medan andre bytta yrke, seier Moksness.
FLYTTEPROSESS: Øyvind Moksness, føretakstillitsvald ved Sjukehuset i Østfold, var med på flytteprosessen då sjukehuset i Fredrikstad flytta til det nye hovudsjukehuset på Kalnes utanfor Sarpsborg i 2015.
Foto: Emil Johansen / NRKI dag slit også dei med rekrutteringsutfordringar, men han trur ikkje det er på grunn av at sjukehuset ikkje ligg i byen.
– No er det andre ting som slår inn, slik som til dømes arbeidsforhold, ikkje nødvendigvis plasseringa, seier Moksness.
Når det nye storsjukehuset i Innlandet skal byggjast, meiner han det er viktig at staden blir så attraktiv som mogleg for dei tilsette.
– Det må vere gode arbeidsforhold og dei må ha høve til å komme seg til og frå jobb på ein grei måte.
– Så må arbeidsgivar og kommunen eller byen vere med på å gjere staden attraktivt og tiltrekkje seg folk. Det må vere eit felles løft, seier Moksness.
FOR LITE: Sjukehuset ved Kalnes utanfor Sarpsborg opna i 2015, men det nye store sjukehuset viste seg raskt å vere for lite.
Foto: Gorm KallestadArbeidsplassar der folk bur
Ordførar på Hamar, Einar Busterud (BBL), meiner det er fleire ulemper ved å plassere eit nytt, stort Mjøssjukehus i Moelv.
Han peikar spesielt på rekrutteringsutfordringar.
– Eit sjukehus utan tilsette gir som regel dårleg behandling, seier Busterud.
KRITISK: Ordførar i Hamar, Einar Busterud, er kritisk til at Mjøssjukehuset skal byggjast i Moelv.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKFylkesleiar Høiby ønskjer at Sykehuset Innlandet skal vere ein robust og god arbeidsgivar no og i framtida.
– Då er det jo viktig at det er arbeidsplassar der sjukepleiarane bur.
– Bur dei i Moelv?
– Nokon bur i Moelv, men vi bur ganske spreidd. Vi bur i byar og på dei små tettstadene rundt byane, seier fylkesleiaren.



AVGJORT: Sjukehusa på Hamar og Gjøvik blir lagt ned. Det blir også Sanderud psykiatriske sjukehus i Stange og Reinsvoll psykiatriske sjukehus i Vestre Toten. Det nye hovudsjukehuset i Innlandet skal vere i Moelv.
Illustrasjon: Marte Iren Noreng Trøen/NRKUlla Higdem, professor i samfunnsplanlegging, trur det kan endre seg.
Professoren meiner at avgjerda om at sjukehuset skal liggje mellom dei tre mjøsbyane vil ha mykje å seie for kvar folk vel å busetje seg dei neste åra.
– Eg vil tippe at Moelv blir ein relativt mykje større by framover, seier ho.