Hopp til innhold

Sju kenguruar brann inne i dyrepark

Ein dyrepassar som kom på jobb i dag tidleg oppdaga bygningen der kenguruane budde heilt nedbrent.

Kenguru brann inne i Tangen Dyrepark

NEDBRENT: Dette synet møtte dyrepassaren som skulle mate wallaby-kenguruane på morgonen.

Foto: Ole Bjørlo Strande / NRK

Brannen er skjedd i løpet av natta i Tangen Dyrepark, litt utanfor Hamar.

Dyreparken er no vinterstengt og opnar ikkje før i mai.

– Det vart oppdaga av ein dyrepassar i dag tidleg då han skulle køyre morgonrunde for å mate dyr, seier Erik Nielsen som er eigar av dyreparken.

Kenguru som brann inne i tangen dyrepark

WALLABY: Dette er ein av kenguruane som budde i det vesle bygget i dyreparken.

Foto: Tangen Dyrepark

I bygget som brann ned var sju Wallaby-kenguruar.

– Dei er både ute og inne. Men på kvelden er dei inne og søv inne. Det har vore ekstremt kaldt no då, seier Nielsen.

Pregar dei tilsette

Han fortel at bygget var heilt nedbrent og det var berre restar av bygget og røyk som kom frå branntomta då dyrepassaren kom.

– Det er dyr som du jobbar til dagleg med. Det blir som å miste eit kjeledyr for dei som jobbar her, seier eigaren av dyreparken.

brann tangen dyrepark Erik Nilsen

TRIST: Erik Nielsen som er eigar av dyreparken seier dette pregar dei som jobbar med dyra.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Dyreparken er på eit område på rundt 200 mål. Bygget til kenguruane var eit lite hus på 45 kvadratmeter som stod i tilknyting til der kenguruane er ute om sommaren.

Bygget var frittståande og det var ikkje fare for at det kunne spreie seg til andre bygg og skade andre dyr.

– Det er trist og det pregar dei som jobbar her sjølvsagt. Det er ein trist sak. Verkeleg, seier Nielsen.

Brann Dyrepark

UTBRENT: Berre restane av bygget der kenguruane budde står igjen no.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Truleg elektrisk

Politiet veit ikkje enno kva som er skjedd her.

– Det vi veit er at det har vore kaldt og det var elektrisk varmeomn inne i bygget. Det kan ha ein samanheng utan at vi kan konkludere med det no, seier Per Solberg i politiet.

Politiet har teke bilete, avhøyr og undersøker brannstaden.

– Vi skal finne årsaka sjølv om vi mistenker at det har med elektrisitet å gjere, seier Solberg.

Brann Tangen dyrepark

VINTERSTENGT: Dyreparken er vinterstengt og opnar ikkje for publikum igjen før mai.

Foto: Ola Bjørlo Strande / NRK

Erik Nielsen seier dei har brannvarslingsanlegg i dyreparken. Men dei hadde ikkje det i bygget der kenguruane var.

– Vi må berre vente og sjå kva politiet finn ut av. Det verste er at vi har mista dyra som vi var veldig glad i alle saman, seier Erik Nielsen i dyreparken.